I går kveld vart det klart at regjeringa, omsider, har landa på Hafast som trasé for ein framtidig ferjefri E39 gjennom Møre og Romsdal. Dette har skapt gledesscener i ytre strok, medan Fefast-tilhengjarane naturleg nok er skuffa over vedtaket. Kva meiner du? No har du høve til å tilkjennegi ditt syn gjennom vekespørsmålet. "Er du nøgd med at Hafast er valt som  E-39-trasé", spør vi rett og slett.

- Ei katastrofe

Vel halvparten av dei som har svart på førre vekespørsmål, "Kva tykkjer du om bustadprosjektet Sjøsida i Ulsteinvik?", har valt alternativet "Ein katastrofe". 30 prosent tykkjer prosjektet er kjempeflott, medan åtte prosent seier "Greitt nok, bustadar er viktig". 11 prosent seier at dette ikkje engasjerer dei.