Sykkelsesongen er i full gang og det samme er striden mellom ein del bilistar og dei syklande. Medan nokre etterlyser den respekten dei syklande opplever i land som til dømes Italia og Frankrike, tykkjer andre at syklistar er noko av det mest irriterande ein kan oppleve i trafikken. Representantar frå den lokale sykkelklubben kan fortelje om mange trafikkfarlege situasjonar som har oppstått i møtet mellom syklistar og irriterte bilistar.

Kva meiner du? Bør syklistane unngå å ferdast langs hovudvegane eller tykkjer du dei har like stor rett til å nytte seg av vegnettet som alle andre? Klikk deg inn på Vekespørsmålet og gi eit svar.

Rungande Hafast-ja

Sist spurte vi om folket var nøgde med at Hafast er valt som E-39-trasé. Heile 71 prosent svarte ja. 24 prosent svarte nei, medan fem prosent ikkje visste.