Mange har late seg utfordre på Facebook og hoppa i havet. Å legge ut filmsnuttar av seg sjølv medan ein tek seg eit bad og samstundes utfordrar vener og familie til å gjere det samme innan 24 timar er den nyaste "femå" på nettsamfunnet.

– Dette er galskap, seier president Gard A. Bjørnstad i Norges Livredningsselskap som åtvarar mot Facebook-farsotten som herjar i Noreg. Han ber folk vere forsiktige.

Kva meiner du? Er dette berre gøy, er det tåpeleg eller kanskje tykkjer du dette er farlege greier? Klikk deg inn på vekesprøsmålet og svar.

Syklistar irriterer

Sist veke spurte vi kva folk meiner om syklistar langs hovudvegane. Heile 63 prosent av dei som har svart meiner at syklistar høyrer heime på gang- og sykkelstiar. 35 prosent peiker på at syklistane har samme rett til å nytte vegane som andre trafikantar, medan to prosent ikkje har noko formeining om dette i det heile.