Kina vert karakterisert som den viktigste marknaden i verda, ein marknad også lokale verksemder har investert i. Kina sitt tilhøve til Noreg har ikkje vore direkte hjarteleg etter at den kinesiske menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010. Norske næringsinteresser er opptekne av at tilhøvet til Kina må betrast, noko den heftige debatten rundt Dalai Lama sitt Noregs-besøk nyleg var eit uttrykk for.

Neste veke er det 25 år sidan kinesiske styresmakter gjekk til åtak på tusenvis av demonstrantar på Den Himmelske Freds plass i Beijing, eit åtak som kosta hundrevis menneske livet. I følgje Amnesty har kinesiske styresmakter drive utstrekt forfølgjing av dei som ønskjer å minnast ofra for massakren i høve 25-årsmarkeringa.

Kva meiner du? Bør omsynet til norske næringsinteresser vege tyngre enn omsynet til menneskerettar i vår omgang med Kina? Klikk deg inn på vekespørsmålet og svar!

Noko stort tull!

Då er det avgjort: Facebookfarsotten om å hoppe i havet er noko stort tull. I alle fall dersom vi skal døme etter dei som har svart på førre vekespørsmål. Og det må vi vel for skams skuld gjere.

72 prosent meiner at denne fema er, som nemnt, noko stort tull, medan 23 prosent meiner at det berre er gøy. Resten veit ikkje kva dei meiner om dette.