Som på Hareidlandet blir det no ein stor auke i talet på asylsøkjarar ved mottaket i Volda. Dersom alle som har varsla ankomst, kjem, vil der vere rundt 230 personar om kort tid. Då er Volda-kapasiteten sprengd.

KrF-politikar og varaordførar Paul Kristian Hovden seier til Møre-Nytt at Ørsta også no bør vurdere å etablere eit mottak.

- Vi kan ikkje berre sitje og sjå på. Finst det lokalitetar, og at andre ting ligg til rette, bør det vurderast å etablere asylmottak i Ørsta, meiner Hovden.

Bl. a. Vartdalsstranda blir nemnt som eit område for asylsøkjarar og flyktningar ettersom der er gode bussamband.