Parthenope var ei av sirenene som prøvde å lokke Odyssevs til seg på ferda hans tilbake til Itacha etter krigen i Troja. Odyssevs lét seg binde fast til masta medan mannskapet putta voks i øyra. Sirenene song forførerisk, men for døve øyre og bundne armar, og Parthenope blei så ulykkeleg at ho kasta seg på sjøen. Kroppen blei skylt i land på øya Megaride i Napolibukta, funnen av dei tidlege greske kolonistane og gravlagd i åsen ved Pizzofalcone.

Napoli ligg under trusselen frå Vesuv, derav uttrykket «Sjå Napoli og døy.» Vesuv sin verknad på parthenopearane,  som napoletanarane ofte blir kalla, har bragt fram temperamentet og gemyttet som Napolis befolkning er så kjend for.

Byens vernehelgen, San Gennaro, trengst meir enn nokon gong. Deler av Napoli har 30.000 menneske pr. km², ein av dei høgaste konsentrasjonane i Europa. Vi ser det i dei tettbygde passas-jane i Spanskekvartera og blant dei vaklande bygningane i Spaccanapoli. Napolis tiltrekkingskraft har eit historisk sus.

Store kunstnarar som Goethe, Mozart og Ibsen og overklassa har vitja Napoli på danningsreiser. Framfor slottet i Napoli finst det statuar av byens kongar frå normannaren Roger, Frederik den store, Charles I av Anjou, Alphonse I av Aragon, Charles V av Habsburg, Charles III av Bourbon, Joachim Murat og Victor Emmanuele II av Savoia.

Dei åtte kongane fortel ei soge om skiftande regime som har ønskt å setje sine avtrykk her.

Frå antikkens greske Neapolis til det romerske og det byzantiske Napoli var byen ei sentral hamn. Tida frå 760 til 1100 blei dominert av ei rekke hertugdøme som samarbeidde med arabarane. Eit av dei mest kjende regima i mellomalderens Europa var «Kongedømet dei to Sicilier» som blei oppretta av normannarane rundt 1140, og prega ei tid alt sør for Roma. Dei normanniske kongane var meir opptekne av Sicilia, men Frederik den store (som hadde normannisk mor), konge av det heilage romerske imperium og Sicilia på 1200-talet, og etter han Charles I av Anjou, gjorde Napoli til ein av dei viktigaste byane i Europa på 1300- talet.

I 300 år frå 1400-talet styrte spanjolane kongedømet i sør. Napoli blei hovudstad og ein metropol større enn Paris. Spanjolane bringa også barokken til Napoli. Rundt 1700 tok Kong Charles frå Huset Bourbon over Napoli. Bourbon var ei kongeætt oppretta av Kong Henrik IV av Frankrike på slutten av 1500-talet, og det var ei grein av desse som regjerte i Napoli. Perioden 1730–1861 hadde politisk stabilitet, og det var i denne perioden utgravingane i Ercolano og Pompeii byrja. Charles var ein god statsmann og han moderniserte Napoli med storslegne arkitekturprosjekt som slottet i Caserta, Operahuset San Carlo pluss to slott på Capodimonte og Portici og eit fattighus. Napoli hadde nesten 400.000 innbyggjarar på 1700-talet.

Etter ein parthenopeisk og napoleonsk periode (1699-1715) tok bourbonarane igjen makta frå 1815 fram mot den italienske samlinga. På verdsutstillinga i Paris i 1856 tok kongedømet imot tredjepremien for industriutviklinga. Dei laga den første jernbrua, den første telegrafen, den første tørrdokka.

7. september 1860 kom patrioten Giuseppe Garibaldi med troppane sine på 3500 mann sørfrå for å slå kongedømet i sør saman med det italienske kongedømet i nord, styrt av Victor Emanuele frå Savoia-dynastiet. Økonomien i Napoli, som hadde vore ein av dei beste i Italia, forfall. Ei rekke epidemiar på slutten av 1800-talet kravde 15.000 liv, fattigdom og kriminalitet herja og masseemigrering til industribyane i nord på byrjinga av 1900-talet tok til.

24. oktober 1922 starta Mussolini og svartskjortene sin lange marsj mot Roma, startpunktet på ein lang periode med fascisme. Napoli blei pussa opp, blant anna til Hitlers besøk i 1938, bortimot all kriminalitet i byen blei fjerna. Men Napoli blei på slutten av krigen nesten totalt øydelagd av bombinga.

Ein nedbomba by full av skrikande og hysteriske menneske møtte dei engelske agentane då dei tok Napoli hausten 1943. Byen var frårøva alt, eit tilbakefall til omstende som minte om livet i den mørke mellomalder. Folk levde utandørs i ørkenar av murstein. Det var lite mat, vatn og salt, ikkje såpe. Mange hadde mist eigedomane sine. Napolitansk sjarm og sjenerøsitet hadde forsvunne i ein grunnleggjande kamp for tilværet. Etter krigen oppretta den nye regjeringa eit sosialt program, «Cassa del mezzogiorno», for å heve levestandarden. Dette førte også Camorraen og skruppellause byutbyggarar til byen. Samtidig blei Napolis kulturelle arv halde i live av den fenomenale filmregissøren Vittorio De Sica. I tillegg kom sjølve symbolet på napolitansk og mediterreansk skjønnheit og karisma, Sophia Loren.

I 1984 kjøpte Napolis president Corrado Ferlaino den vesle argentinske trollmannen Diego Armando Maradona, perfekt personlegdom for det mytologiske og magiske Napoli, med si følsame og tragiske «Pulicinella-framtoning». Den største helten sidan Masaniello fekk napoletanerne til å gløyme misera. Men Napoli sugde Maradona inn i ein sirkel han berre delvis handterte – og det enda i tragedie 6 år seinare. Maradona er framleis byens største helt.

Denne kultursoga kjende vi ikkje til då Sveinar i desember 1988 henta fram ein kraftig bor, vinden tek godt på Engane, og skrudde ein parabol i veggen til Otto og Ragnhild Frøysa. Slik kom Maradonas Napoli inn i kjellarstova. Dei vann Uefa-cupen i 1989 og blei seriemeister for andre gong i 1990.

I 2000 møtte eg og min ven Alfonso, Donatella og ei rekke napolitanarar som vi såg kampen Napoli-Juventus saman med. I 2002 drog eg og min andre halvdel til Napoli. Vi overnatta i eit soggiorno i Spaccanapoli og vakna til hornmusikk påskedagen. Seinare på kvelden åt vi pizza saman med ei rekke napolitanarar, deriblant Donatella, Fabio og Franco.

Napolis aristokratiske magi lever hand i hand med miserene, nokre av dei gjenspegla i Savianos «Camorra», dunkle og havarerte forstadar med brutal kriminalitet og djupe tragediar. Samtidig har byen ein fordoms og magisk atmosfære og ein sjeldan intensitet. Du vil aldri finne Napoli utan å ville det.