Tysdag presenterte Hødd sin nye trenar under ei pressekonferanse på Høddvollhuset. Hans-Erik Eriksen tek over trenarstolen etter Sindre Eid, og Hødd signaliserer dermed at laget ønskjer å vere eit spelande fotball-lag i tida som kjem. Follo-lona har blitt eit omgrep i Obos-ligaen denne sesongen, og mange synest det var trist at laget og trenaren som valte å spele annleis måtte ta den tunge turen ned i 2.-divisjon.

Samstundes opna det for at Eriksen no kunne presenterast som Hødd-trenar, og kanskje kan det vere ein svært god match. Hødd ønskjer å ha ein attraktiv spelestil og klubben har eit ønskje om å utvikle spelarar. Begge deler har Eriksen stått for i Follo.

Cupfinale og nedykk

Hans-Erik Eriksen tok over som hovudtrenar i Follo i 2009. Same året sikra han opprykk frå 2.-divisjon, i ei avdeling der Hødd kom på tredjeplass med like mange poeng som KBK og Rosenborg 2. Året etter tok Follo og Eriksen seg til cupfinale etter å ha slått Rosenborg i semifinalen. Eriksen klarte ikkje det same kunststykket som Hødd og Lars Arne Nilsen i 2012, men cupfinalen for det nyopprykka laget var likevel eit eventyr.

På same måten som for Hødd i 2012 gjekk det tungt i serien for Follo i 2010. 12.-plassen skulle for så vidt vere nok til å berge plassen, men sidan klubben ikkje hadde søkt lisens for vidare spel i 1.-divisjon vart det nedrykk for laget som spelar på Ski stadion.

Sidan den gong har Hans-Erik Eriksen leia laget til to opprykk frå 2.-divisjon, men begge gongane har det blitt med den eine sesongen på nest-øvste nivå i norsk fotball. I 2013 enda Follo på ein 15.-plass i 1.-divisjon. Denne sesongen var fasiten sikker plass etter 90 minutt i siste serierunde, men på same måten som for Hødd i kvalifiseringa, fekk sesongen eit bittert punktum med Jerv-scoring på overtid. Seks minutt inn i overtida utlikna Jerv mot Follo, og sende laget ned att til tredje nivå i norsk fotball.

Det vil seie at Follo under Hans-Erik Eriksen aldri har spelt to sesongar på rad på nest-øvste nivå i norsk fotball. Truleg er fundamentet i Hødd betre enn det Eriksen hadde i Follo, men i sin første sesong ved roret i Hødd må trenaren levere eit betre resultat enn han har klart i løpet av perioden 2009–2015. Samstundes må Eriksen få tid til å sette sitt preg på Hødd, bygge vidare på det fundamentet som ligg i klubben og saman med resten av trenarapparatet prøve å utvikle Hødd i rett retning.

Må få tid

For å få til det må Eriksen få tid. Allereie då Sindre Eid vart tilsett som trenar var enkelte ute med kritikk av tilsettinga. Fordi han ikkje hadde eit stort trenarnamn og mangla erfaringa som hovudtrenar. Hans-Erik Eriksen har erfaringa frå å leie ein klubb i 1.-divisjon, men berre ein sesong av gongen. 37-åringen er ein av Norges mest spanande trenarar, men det er lite truleg at alt vil fungere over natta.

Eriksen har også ein del utfordringar å ta tak i saman med den sportslege avdelinga i klubben. Hødd har 12 spelarar på kontrakt. Ein av dei beste for Hødd denne sesongen, Ole Amund Sveen, vil ikkje signere ny kontrakt med klubben og ser ut til å vere på veg til Tippeliga-spel med Sogndal. I tillegg er det mykje som tyder på at Fredrik Aursnes ikkje spelar i Hødd i 2016. Per i dag har Hødd 11 spelarar på utgåande kontrakt, og Eriksen må snarast finne ut kven av dei han ønskjer å ha med vidare, og kva posisjonar klubben må styrke eksternt. Kven av dei tre keeperane på utgåande kontrakt vil ein dyrke i tida framover? Vil ein framleis ha med veteranar som Jesper Törnqvist, Joachim Magnussen og Erik Sandal? Det er mange spørsmål rundt troppen til Hødd når vi nærmar oss desember. Spørsmål som snart må få svar. Med trenarspørsmålet i lause lufta var det naturleg for Hødd å vente. No må klubben handle.

Hødd har landa på eit spanande trenarval. Reaksjonane frå Follo tyder på at Hans-Erik Eriksen vil verte sårt sakna på Ski stadion. I Ulsteinvik får ein no ein ung, ambisiøs og svært interessant trenar, som kan vere med på å føre klubben eit eller fleire steg vidare, men ein har ingen garantiar for at det blir fullklaff frå første spark på ballen.