For ei veke sida var vi mange som vart bergtatt av den flotte stemma til tenoren Paul Potts i Sjøborg kulturhus.  Fleire i publikum tørka nokre tårar, og om lag alle fekk gåsehud då Potts avslutta med ”Nessun Dorma”. I løpet av si relativt korte karriere har Potts gitt ut fire plater og sunge på scener over heile verda. Men då han stilte på audition i TV-programmet Britain`s got talent i 2007, jobba han som mobiltelefonselgar.  TV-opptaka viser at han var synleg nervøs, ”dentally challenged” som britiske kommentatorar så sjarmerande sa det, lettare overvektig, og litt utilpass i ein lite kledeleg dress. Det var ingen sjølvfølgje at nettopp han skulle bli ei verdsstjerne. For som han sjølv sa under konserten laurdag,  og eg siterar: ”I am short, fat and have a face perfect for….radio”.

Ein slik situasjon er noko den canadiske journalisten Malcolm Gladwell tek opp i boka si ”David and Goliath” – med undertittelen ”Underdogs, misfits and the battle of giants”.  Her forsøker han med utgangspunkt i empiri å vise korleis tilsynelatande store ulemper blir til fordeler, korleis ein svakheit blir personens styrke.  Gladwell tek utgangspunkt i den 3000 år gamle historia om David og Goliat, og får oss til å sjå at kjempen sitt  tilsynelatande fortrinn eigentleg var det stikk motsette. Og ulempen David hadde med å vere liten, vart hans største fortrinn.

Vidare i boka viser Gladwell til fleire einskildpersonar som har møtt stor motstand og som har måtta jobba mykje hardare enn andre. Dette har vist seg å vere ein fordel for desse personane. Å vekse opp i fattigdom, utan ein forelder, med dysleksi eller andre utfordringar har vore grunnlaget for suksess deira seinare i livet. Gladwell har fått mykje kritikk for denne framstillinga, då det for dei aller fleste vil vere ein klar ulempe å vekse opp med slike utfordringar. Men likevel – han har eit poeng. For i ei tid, der dei slanke og vakre eig verda, der fysiske attributtar blir meir verdsett enn faktiske eigenskapar og talent, der er det store rom for ”the underdog”, ein person som i utgangspunktet er dømt til å tape, som ved første augekast kanskje ikkje har det som trengs, og som ingen venter noko av.

Nokre år før Paul Potts entra scena i Britain`s got talent i 2007, fekk vi i Noreg vår eigen ”underdog”. Ein novemberdag i 2002 entra Kurt Nilsen juryrommet for sin audition i den norske utgåva av Idol. Nilsen gjorde ingenting for å imponere dommarane, der han stilte noko ustelt, i ein kamuflasjeliknande jakke og grøne feltbukser.  Seinare kom det fram at han hadde køyrt frå Bergen kvelden før og sove i bilen den natta.  Med raudt hår og stor glip mellom fortenna var han langt unna det bilete juryen hadde av Noregs kommande popstjerne. Men han song som ein gud. Ole Evenrud sa til og med at ”jeg synes du synger j…. bra, men jeg synes ikke du er noe pop-idol”.  Men under sterk tvil gjekk Kurt vidare, og som vi veit vann han den første sesongen av Idol.  I januar 2004 vann han også World Idol, etter først å ha blitt kalla ”hobbit” av eit jurymedlem og  deretter slått ut storfavoritten Kelly Clarkson frå USA.  Ein jubeldag for det norske publikummet og eit gjennombrot for Kurt Nilsen. Men for Idol-sirkuset og særskilt Simon Cowell var dette ein fiasko, der hans nye superstjerne Kelly Clarkson måtte sjå seg slått av ein ”underdog” frå Arna i Bergen.  Dette vart også første og einaste gong World Idol blei arrangert.

I dag blir mange av stjernene våre oppdaga på TV, anten det er realityshow eller talentprogram innan sying, matlaging, kakebaking, dans  - eller song. Før måtte det hardt arbeid til å få ei platekontrakt, du måtte ha dei rette kontaktane, dei rette låtane og det rette utsjåande. Du måtte treffe tidsånda. I dag kan du delta i eit talentshow og vinne både pengar og kontrakt. For dei mange profesjonelle og semi-profesjonelle innan song og musikk må dette opplevast veldig urettferdig. Det har blitt ein så stor fordel å vere amatør, urøynd og ukjent – ”the underdog” - at fleire har latt seg freiste til å framstille seg som det. I programmet The X Factor USA framsto 54-årige Lillie McCloud som ei som aldri hadde fått moglegheita til å drive det til noko. Seinare kom det fram at ho hadde hatt ei karriere og gitt ut album. Likedan i The X Factor UK, då fengselsbetjent Sam Bailey song fletta av Beyonce. Ho fekk også kritikk for å ha framstilt seg sjølv som ein amatør, når sanninga var at ho hadde sunge profesjonelt på ein cruisebåt og vore med i ei popgruppe. Det kan sjå ut som at det å ha ein ulempe har blitt ein stor fordel.

Den største underdogen av dei alle heiter Susan Boyle. Ho hadde også sitt første møte med omverda på programmet Britain`s got talent. I 2009 entra Susan Boyle scena til mild latter frå publikum.  Snart 48 år, ufiks og tantete, med hoftevrikk og kjappe replikkar. Når ho freidig svarar at ho vil bli like kjend som Elaine Page, himlar både publikum og Simon Cowell med auga.  Men når ho begynte å synge? Først var det heilt stille, så braka applausen laus. I dag veit alle kven Susan Boyle er. Ho som Boyle ville bli like berømt som, har blitt til Elaine Who?, ei gløymt musikalstjerne. Susan Boyle derimot, har sunge for paven, dronninga og resten av verda.

Både Kurt Nilsen og Paul Potts har nå besøkt Ulstein og Sjøborg kulturhus. Då skulle det berre mangle at også ”underdog”-dronninga sjølve kom hit. Susan Boyle på Sjøborg, det hadde vore noko det.  Høyrer du Leif? Høyrer du Annika? Få Susan Boyle til Sjøborg! For som ein god ven sa etter konserten med Paul Potts:  Everybody loves the underdog!