Den 22. juli 2011 utløyste Anders Behring Breivik frå Oslo Vest ei bombe i Regjeringskvartalet i Oslo Sentrum. Bølga av tumultar, forvirring og gradvis mobilisering av ordensstyrkar ved bombeområdet brukte Breivik til å køyre til Utøy-kaia ved Tyrifjorden. Der tok han på seg uniforma til ein av dei institusjonane vi har størst tillit til, politiet, lurte seg med ferja til Utøya der han lokka unge menneske til seg og skaut dei, ein etter ein, til 69 menneske var døde.

Breivik hadde den underlege ideen om at vi er i krig med islam, og at det innvandringsliberale Arbeidarpartiet var sjølve årsaka til at muslimar hadde sleppt inn i landet. Derfor måtte ungdomspolitikarar i AP drepast, slik at innvandringa kunne stoppast. Det var ikkje jødar og bolsjevikar som var Breiviks hovudfiende slik det var hos nazistane, men retorikken var lik: dei vil overta vårt kontinent, vårt land, vår rase. Dei som ikkje innser det, er ein del av konspirasjonen, og må døy. Grufullt, men naudsynt.

Medan det umiddelbare etterspelet etter massedrapa var rosetog, inkludering og kjærleik, har vi no 5 år seinare diverre fått ein konfliktsaukande tone i samfunnsdebatten. Eit eksempel er debatten om innvandring og integrering. Krigen i Irak, og deretter i Syria har ført til ei omfattande flyktningkrise i det indre Middelhav, noko som har skapt debatt om den gjeldande flyktningkonvensjonen tek i vare vår tids utfordringar. Påstandar om at kyniske menneskesmuglarar styrer flyktningpolitikken; at IS-krigarar skjuler seg som flyktningar, og at lukking av grensene er naudsynt for å etablere ein «robust» innvandringspolitikk, har gitt steile frontar.

Venstresida kallar Høgresida kynikarar, innvandringsmininster Listhaug svarar med å kalle Venstresida for «godheitstyranner» og flyktningane for «lykkejegera». Den frie ytring har opna opp for det vi kan hevde er overflatiske debattar, munnhoggeri og aggressivitet, særskilt i kommentarfelta på nettet.

Ein viktig del av flyktningpolitikken gjeld integrasjonsproblematikken, og Sverige har lenge blitt brukt av norske høgresidedebattanter til å vise konsekvensane av ein «liberal» integreringspraksis. Anders Magnus sin reportasje i NRK 6. mai vedkjem denne debatten. Han reiste til bydelen Rinkeby nord for Stockholm, og følgde politiet inn narkotikamiljøet i forstaden. Reportasjen er «realistisk», vi ser ungdomar som slenger ut rabiate trugsmål, og at politiet slit med å halde kontrollen. Det blir fortalt at radikaliseringa har gått føre seg over tid. Reportasjen passar inn i den norske forteljinga om lite «berekraftig» innvandringspolitikk i nabolandet, og om mobilisering av den ytre høgresida som ein følgje av dette.

Den kjende venstresidepolitikaren Ali Esbati, fødd i Iran, reagerte skarpt på reportasjen. Esbati er tidlegare sambuar med journalisten Marte Michelet, dotter av Jon Michelet som var ein del av den raude rørsla på 1970-talet i Norge. Dette curriculumet gjer Esbati til eit veleigna «hatobjekt». Esbatis innlegg på Facebook blei skjemma av at han kalla Anders Magnus› reportasje for rasistisk, men han formulerte samtidig fornuftige merknader til reportasjen. Han kalla den moralpanikk, som passa inn i forteljinga om svenske tilstandar, noko som for all del må unngåast. Tvilsam filming gir reportasjen eit «skummelt» preg, og innslaget blåste opp til eit eksempel på noko større enn ein har dekning for. Forskaren Tino Sanandaji, ei sentral kjelde for Anders Magnus, hevdar at Rinkeby blir drive av «stammeregler». «Stammeregler» gjev rasistiske konnotasjonar, og inntrykket av «svenske tilstandar» kjem opprinneleg frå rasistiske propagandasider, men har nådd ei større offentlegheit. Forteljinga takast nå for gitt. Rapportar som handlar om kriminalitet blir gjort om til noko meir, alternative rapportør blir ikkje lesne. Det oppstår ein sjølvforsterkande prosess, som berre innvandringskritikarar og kriminelle tener på, ifølge Esbati.

Kunstnaren Thomas Knarvik har i lengre tid mala sterke bilde, ofte av nakne menn i seksuell aktivitet. Denne gangen mala han Esbati som ape. Debatten handla etter dette om teikninga var rasistisk eller ei. Knarvik, godt hjelpt av skribenten Kjetil Rolness, heldt Apedebatten varm i fleire dagar. Ytringsfridomens bakside ser vi når munnhoggeri dominerer sosiale media. Hets og trakassering er resultatet, ikkje ein opplysande debatt om Rinkebys ghettoer og sosiale utfordringar.

Takka vere journalist Harald Klungtveit, kom debatten om Rinkeby på rett spor nokre dagar seinare. Han snakka med dei som bur i området, som fortel om arbeidsløyse og fattigdom, men ingen krigssoner. Dei kriminelle trivst i sosial uro, men sjølv om alvorlege hendingar skjer, er det ikkje kvardagskost. Anders Magnus intervjua ikkje bebuarane, men brukte dei som bakgrunnsstatistar til si dramatiske forteljing, som han også utvida til å gjelde liknande tilstandar på Grønland og Tøyen i Oslo. Dette har han ikkje dekning for seier Klungtveit, som avsluttar med ei viktig innsikt: Rinkeby har store utfordringar, men media må snakke fordomsfritt med folk, samle ferske fakta og prøve å skildre verkelegheita utanfor patruljebilane. Ein må ta folk og rettane deira på alvor. Knarviks bilete blir i den større sosiopolitiske debatten provokasjonar utan djupne.

Ytringsfridomen er kapittel 19 av 30 i Menneskerettserklæringa. 29 av kapitla handlar altså om noko anna enn ytringsfridom. Dei handlar mellom anna om menneskeverd, tryggleik, likskap for lova, uskuld til det motsette er bevist, retten til sosial og økonomisk fridom.

Media tek ansvar for ytringsfridom, men ikkje dei sosiale utfordringane ytringa vedkjem. Kanskje kan vi i all larmen lære noko av filosofen Levinas, som fortel at det er i møte ansikt til ansikt med den andre vi oppdagar kva eit menneske er, ikkje ved å søke i vårt eige indre. I det indre finn vi våre fordomar, i møte med den andres ansikt ser vi at vedkommande er eit levande menneske som oss, og har dei same rettane som oss.