For snart førti år sidan arbeidde eg i tre år ved ei lærarutdanning. Der møtte eg for første gong synet på fagleg kunnskap og kompetanse som eg etter kvart kom til å forstå, var representativt for moderne pedagogikk. Ein av pedagogikklærarane, som seinare har vore sett på som stjerne blant norske pedagogar og allmennlærarar, hevda at fagkunnskap var unødvendig for å kunne undervise på gymnas-, høgskole- og universitets-nivå. Det som talde, var at ein hadde pedagogikk og i tillegg synte entusiasme. Dette forsvarte han i nær tre månader hausten 1980. Da gjekk han endeleg, og helst noe motvillig, med på at skulle undervisning vere meiningsfull, måtte læraren kunne det han/ho skulle undervise i. - Eit par år seinare viste to tidlegare studentar meg ein interessant korrespondanse: Dei var nå lærarar og fungerte m.a. som øvingslærarar for lærarkandidatar. Ein kandidat ville dei stryke. Grunngjevinga deira, som eg tykkjer var fornuftig, var at undervisninga til vedkommande gjekk i oppløysing av di han/ho ikkje kunne emnet det skulle undervisas i. Ein ny lærar i pedagogikk var usamd i dette: Dette var jo ikkje ei prøve i faget, men i lærardugleik. Korvidt studenten kunne faget det skulle undervisas i, kunne ein teste ved separat eksamen. Altså burde studentens undervisningsdugleik godkjennas.

Desse episodane er representative for utviklinga i skolen frå rundt 1970 og til vår tid. Eitt utslag synet på fag gav seg, var at undervisningsoppgåver vart fordelte utan omsyn til kva folk faktisk kunne: Lektoren med hovudfag i matematikk og med fysikk og kjemi som mellomfag, vart sett til å undervise i t.d. tysk, historie og gymnastikk – medan den nyutdanna lærarskolestudenten vart sett til å undervise i faga til lektoren. At vedkommande ikkje hadde faglege føresetnader for undervisninga han/ho var pålagd, spelte inga rolle. Oppgåvene skulle fordelas demokratisk.

Fram til 2006 fekk ein studiekompetanse i allmennlærarutdanninga med karakteren 1, dvs. stryk,  i matematikk etter første året på v.g.skole og lettaste fagplan. Stod ein til lærarprøva, var ein automatisk kvalifisert til matematikkundervisning til og med ungdomstrinnet jamvel om ein ikkje hadde hatt matematikk etter v.g. skole. At ein ikkje kunne matematikk, spelte inga rolle. Det som talde, var at ein hadde gjennomgått undervisning i pedagogikk i lærarutdanninga.

Da resultata av PISA-granskingane vart kjende, følgde ei rekke aviser opp med intervju av lærarstudentar. Påfallande mange meinte at freista ein bli fagleg god, var dét uttrykk for usunn konkurransehaldning. Den var som haldninga bak «rovdyr-kapitalismen». Eksamensresultata frå lærarskolane gav klare indikasjonar på at lærarstudentane hadde tatt det negative synet sitt på kunnskap alvorleg. Strykprosenten var til dels utruleg høg – ikkje minst i matematikk.

Det tok si tid, faktisk fleire år, før ein byrja ta inn over seg det PISA-granskingane avslørte. I si tid hadde daverande kyrkje- og undervisningsminsister Bjartmar Gjerde uttalt at norsk skole var verdas beste – trass i motstanden frå lærarhald. Nå vart det brått klart for dei fleste at Gjerde hadde tatt totalt feil: Norsk skole var slett ikkje blant dei beste. Den var under gjennomsnittet på dei felta der kunnskap var viktig. Og lærarane som Gjerde hadde skulda for å motarbeide skolen, ja, det var nett dei som hadde åtvara mot den utviklinga ein nå såg resultata av.

Éin konsekvens av PISA-avsløringane var det såkalla «kunnskapsløftet». Ein kan seie mye om kva ein truleg forstod med dette løftet, ikkje minst om kva skolepolitikarar og pedagogar ser ut til å tru gir betring av kunnskapsnivået i skolen – t.d. eit meiningslaust test-regime. At kunnskapstileigning krev arbeid, verkar det som om ein ikkje skjønar. At skolearbeid i mange tilfelle er keisamt, bør ein få slutt på, hevda utdanningsminister Kristin Halvorsen. Men å lære seg å halde ut keisemd er viktig for personars karakterdanning. Ein person som aldri har lært dette, ev. som aldri har lært å forhalde seg til motgang, har eit dårleg utgangspunkt i livet. Og trur ein at berre IKT blir skikkeleg utbreidd i skolen, er alle problem løyste og alle elevar motiverte, ja, da er det smått med realitetskontakt.

Eitt av framlegga var at ein måtte ha minimum 3 i norsk, engelsk og matematikk frå v.g. skole for å få studiekompetanse til lærarutdanning. Med tanke på at ein kom inn ved alle lærarutdanningar i Norge med snitt på 2 i 2003, var kravet likevel ikkje så høgt. Forbausande var derimot lærarutdanninganes respons: Med eit slikt krav ville talet på søkarar gå ned. Dermed ville fleire skolar måtte leggas ned. - Med andre ord, lærarutdanningas oppgåve var ikkje å utdanne lærarar. Den var å vedlikehalde seg sjølv!

Slik går det når «kvalitet» og «fagleg kunnskap» blir skjellsord.