Alle tider har sine sanningar og heltar. I 1949 fekk nevrologen António Moniz, som den første portugisar, Nobel-prisen i medisin for lobotomering. Eit inngrep som innebar ei operativ åtskiljing av venstre og høgre hjernehalvdel. I dag ville han bli straffa og fråteken all verde.

I min barndom kjøpte vi Zulu-kjeks til klasseturen, og mor nytta Negro sukkerkulør til sausen for at den skulle verte mørkare. Begge deler var rikhaldig illustrert med ein karikert ”neger” på etiketten. Kjøpte ein krydder på S-laget heitte den ”Black-Boy”, med ditto salsfremjande motiv på innpakkinga. Nokre år seinare er dette ikkje greitt. Namna og illustrasjonane av den degraderande sorten, vart med hell skifta. Men fobien må ikkje gå for langt. Det er ingen grunn til å omskrive historia og kome i klasse med Sovjetunionen og Nord Korea, som kvart år retusjerte fotografi og skreiv om historiebøkene etter kva som var offisiell sanning. No er ikkje Pippi lenger dotter av ein negerkonge, og Thorbjørn Egner sine songar får gjennomgå ein krass revisjon. Dette er å gå for langt. Vi må tåle å ha kulturhistorie som vitnar om den tida og ”uskulda” vi levde i.

Og når det gjeld å vere politisk korrekt er eg ”overraska” over at hareidsdølingane ikkje ynskjer å vere i lag med Ulstein. Eg spør dei eg møter rett ut om kva dei stemte. Dette er tydeleg ufint av meg. Svara gjer meg overraska og vonbroten. Vi som ikkje kjem her i frå, gjer vårt beste for å forstå standpunktet og problemstillinga. Eit nytt kvardagsleg ikkje-tema (tabu). No har mine vener på Hareid fått seie i frå kva dei meinar og sutringa må vere over. Det er tid for handling og praktiske løysingar for denne diamanten av ei øy.

Pest og kolera

USA har i dag kanskje den beste sitjande presidenten gjennom tidene. Likevel står presidentvalet i haust mellom pest og kolera. Kvar er deira Anders Riise og Knut Erik Engh mellom 320 millionar innbyggarar? Eg kjenner mange amerikanarar, som kunne ha vorte solide presidentar for verdas einaste supermakt. I staden spelar det seg ut eit sirkus så uverdig den vestlege verda at sjølv dei mest moderate skjemmes. Er dette våre næraste allierte?

I vår sosiale media-tid vert vi ikkje spart for noko. Intime detaljar, pinlege opptrinn og gamalt oppgulp. Ingen av desse kandidatane har avslørt  kvalifikasjonar som ville ha brøfødd dei her på øya. Ja, kanskje som stand-up komikarar. Vi hadde nok fort gått lei.

Lat Obama få ta ei tredje periode og utsett valet i 4 år.

Dyrt

Denne veka vart vi informert om at ein livsfarleg innvolsorm var komen til landet med tiltekne gatehundar i frå Spania. Velmeinande menneske har teke dei med seg til Noreg på lovleg vis. Det same skjer i frå Romania og Polen. Folk som er glade i dyr og vil ta vare på dei. Diverre er disse velmeinande entusiastane ein stor trugsel mot dyr og menneskje i Noreg, men skjønar ikkje konsekvensen av sine handlingar. Dette kan koste oss dyrt.

Engasjement

Med mitt vindauge ut mot sentrum av Vik, ser eg kvar og ein som passerar forbi. Til tider ser her meir ut som torget i Mogadishu, enn ein liten vestlandsby. Men er det lov å seie det? Er det lov å seie at Hareidlandet over mange år har teke meir enn sin del av utfordringa med auka innvandring? Nok eit tabu, som er diskutert i alle heimar og på offentleg stad, men ingen tør å ta spørsmålet ut i det offentlege rom. Den sosiale belastinga er kanskje for høg?

Mangt som er bombastisk rett i dag, vil ikkje tole morgondagens ljos, når det kanskje er for seint å angre. Sverige torde aldri det. Malmö har eit godt fotballag, er ein fin by, men det stoppar der. I mange bydelar torer ikkje politiet lenger å gå inn. Gjestfridomen har teke ei ny vending. Er det slik vi vil ha det?

Mange har funne gode vener og stor glede ved å hjelpe folk som prøver å få seg eit nytt liv. Det står respekt av det. Likevel er det viktig at også vi respekterer norsk lov og myndigheit når krav til opphald ikkje vert oppfylt.

Vi står framfor større utfordringar enn burkini og hijab.

Å endre teksten i nokre barnesongar, etiketten på ein kjekspakke, krydder eller sukkerkulør er i alle fall ikkje noko stor sak. Revisjonistane har fått sin renessanse. Større oppgåver står framfor oss, i ei verd vi trudde berre skulle bli betre og betre.