18. Okt. Dag 2: Oman er som dei fleste gulfstatane eit einevelde. Om det kan kallast opplyst, er det delte meiningar om. I Oman er det sultan Qaboos som regjerer åleine. Støtta i det stille av britane, kuppa han makta frå den middelalderske far sin i 1970 og regjerer framleis.

Det gode ein kan seie om han, sett frå ein vestleg ståstad, er at han ved hjelp av oljeinntektene tok det lutfattige Oman med sjumilssteg inn i den moderne tida, ikkje minst gjennom eit heseblesande program for utvikling av infrastruktur i landet. Vegar, hamner, telekommunikasjonar, skular, sjukehus, osv. osv. Så her er det Qaboos ditt og Qaboos datt, same kva veg du snur deg.

Som ein from muslim bygde også Qaboos ein av dei absolutt største moskeane i gulfen med plass til 20.000 tilbedarar. Det var ei privat og personleg gåve frå sultanen til folket. Ikkje nokon gjerrigknark, den karen, nei. Det er italiensk marmor frå kjellar til tak, berre kvinnesalen er underleg asketisk, ikkje stort større enn ein litt stor gymnastikksal, mest heilt utan den overdådige dekoren som omgir mennene – og berre med eit par mediumstore TV-skjermar til å fylgje preika til imamen. Mennene kan knele på det nest største persiske teppet i verda som er vevd i eitt stykke. Det er 60x70 meter, og det tok 400 kvinner (!) 6 år å knyte teppet.

Moskeen er den einaste i Oman som er open for oss heidningar, så om me får kome inn for å late oss imponere av Allah eller av sultan Qaboos, er noko tvitydig.

Sidan me er eit ekstremt lite reisefylgje (meir om dette seinare) vart me bedne inn på kaffi og dadlar i det islamske informasjonssenteret knytt til moskeen, for der å få ein leksjon i det sanne islam. Det var eit heimekoseleg lokale med djupe sofaer og låge bord, bemanna av friviljuge menn med kvitt skjegg, kvitt hovudplagg og kvit kaftan. Det er mogleg eg var ei plage for reisefylgjet mitt, men det gjekk eit par timar før me kom ut der ifrå, og det var mi skuld åleine. Då var blæra mi så full av islam og kardemommekrydra kaffi at det heldt på å ende med formastelse.

Det som stod på programmet var dei seks pillarane av trua og dei fem pillarane av islam. Dei seks pillarane av trua er a. Trua på ein gud. b.Trua på englane. c. Trua på profetane (25 stk) d. Trua på skriftene e. Trua på dommedag f. Trua på predestinasjonen. Her var eg i mitt ess, særleg når lufta vart stinn av metaforar frå semitisk saudehald, men sjeldan har vel profetordet vore sådd på ein meir karrrig steingrunn.

Eg må seie at eg hadde ein svært tolsam, og karismatisk lærar – og ein stor humorist og retorikar. Kvar gong eg eller han fekk inn eit poeng, så var det kraftige handtrykk på grimstingvis, ja, på grensa til high five.

Det gjekk mykje på Mosebøkene, der eg meinte å kunne påvise kontradiktoriske passusar i høve til dei seks pillarane. Men han parerte kvar gong med å hevde at Mosebøkene i Thoraen/Bibelen er reviderte fleire gonger, noko eg utan vidare kunne seie meg heilt samd i. Men at den korrekte versjonen av Mosebøkene er å finne i Koranen, vart det mindre semje om. I Koranen står for øvrig alt som er verdt å vite. Me vart heller ikkje samde om kor vidt det er fire eller fire tusen lysår til Alpha Centauri, så vide for me frå metaforisk husdyrhald. Men der er eg på tryggare grunn enn Koranen med mine fire lysår (4,3 for å vere nøyaktig).

Korje av oss hadde blære til å ta dei fem pillarane av islam grundig etter den heftige gjennomgangen av dei seks pillarane av trua, så det horva me over i ei fart. Eg fekk eit introduksjonskurs til Koranen til odel og eige med ei uttrykt von om at eg skulle kome på betre tankar seinare. Boka er vakkert dedisert på arabisk av læremeisteren min, Salam Abdesalam. Me var begge på kvart vårt vis ‘men of the book’.

Deretter gjekk me på pissoaret i lag (og det var bra, for eg heldt på å gå inn på reinselsesromet for å gjere frå meg), og begge tykte at det hadde vore ei gild stund – særleg medan me drøfta dei ævelege spørsmåla, men for så vidt på pissoaret også.