Kultur-relativistar hevdar at ulike kulturar har ulike moralske norm-system. Det fins difor ingen kultur-uavhengig mælestav å vurdere ulike kulturar sine skikkar og normer etter, ingen universelt gyldig moral. Følgjeleg aksepterer kultur-relativisten at kvar kultur sine normer er gyldige. Rådande moral er, kort sagt, gyldig moral.

Hyser eit samfunn ulike kulturar som skal forhalde seg til kvarandre på kultur-relativismens premissar, får ein problem. Aksepterer ein at alle kulturar sine moralske normer, difor òg seder og skikkar, er gyldige, har ein fråtatt seg retten til å kritisere andre kulturar sine praksisar, same kor ille ein måtte tykkje dei er. Skulle kultur-relativisten kritisere normer i X-kulturen, har han samtidig vedgått at rådande moral ikkje treng vere gyldig, dvs. at skikk og bruk ikkje rettferdiggjer seg sjølve. Men da har kultur-relativisten også indirekte hevda at det fins ein eller annan kultur-uavhengig moralsk mælestav. Livet som kultur-relativist er ikkje like lett alltid.

Dette er ikkje eit reint teoretisk problem. Med innvandring frå andre kulturar må vi dagleg forhalde oss til variantar av problemstillinga. Tenk t.d. på bruk av burka: Har vi rett til å forby det, eller er det ein kulturell skikk vi må tolerere?

For å grunngje forbodet sitt mot kritikk av andre kulturar har kultur-relativismen lansert ei høgare norm: Ein skal respektere og vere tolerant andsynes andre kulturar sine normsystem, inklusivt skikkar dei kjem til uttrykk i. Men denne norma har eit innebygd krav: Den er gyldig for alle kulturar! Med andre ord, kultur-relativisten er tvungen til å gå med på at synet hans lar seg oppretthalde dersom, men også berre dersom, ein aksepterer ei fundamental norm som er universelt gyldig.

Skal kultur-relativismen «overleve», er den altså avhengig av det den nektar for. Den kviler på ei form for sjølvmotseiing. Dette viser at kultur-relativismen støyter på problem straks den skal settas ut i livet. Kan det vere at den kviler på eit mistak?Éin måte å røke etter om oppfatningar ein held for å vere sanne eller gyldige, faktisk held vatn, er å freiste finne ut kva følgjer oppfatningane har. Viser dei seg vere urimelege, er det god grunn til å akseptere at oppfatningane dei følgjer frå, heller ikkje kan vere sanne eller gyldige. Éin konsekvens er denne: Kva om normene i Y-kulturen krev intoleranse overfor andre kulturar? Må ein i X-kulturen akseptere Y-kulturen si intolerante framferd andsynes andre kulturar, irekna X-kulturen sjølv? Må ein dét, har ein sett seg i ein umogleg situasjon: han må samtidig og med same grunngjeving vere både samd og usamd med Y-kulturen sitt syn.

Ein annan, alt antyda, konsekvens er denne: Skal kultur-relativisten leve opp til sitt eige syn, må han gå med på at same kor ille han tykkjer skikkar, difor òg moralnormer, er i andre kulturar, har han ikkje rett til å kritisere dei. Han har dessutan sjølv tatt frå seg retten til å meine at dei er dårlegare enn normene i hans eigen kultur. Å kritisere t.d. omskjering av kvinner i Y-kulturen, er, gitt den konsekvente kultur-relativistens syn, uforeinleg med det han sjølv hevdar.

Ein konsekvens ein gjerne ikkje tenker over, er følgjande: For å finne ut kva som er moralsk rett og gale i eins eigen kultur, held det, gitt synet til kultur-relativisten, å finne ut kva skikkar som faktisk rår. Avvik frå rådande skikk og bruk eller norm-standard er moralsk uakseptabelt. I og for seg er ikkje dette eit ukjent syn. Eg antar dei fleste har møtt det ved ulike høve. Det ein likevel kanskje ikkje har tenkt over, er at hevdar ein dette, har ein også tatt frå seg retten til å kritisere skikk og bruk, dvs. moralske standardar, i sin eigen kultur. Er slaveri rådande ordning i eins eigen kultur, har ein altså ikkje moralsk rett til å kritisere det.

Men er slik kritikk uakseptabel, er konsekvensen at eit kvart moralsk framsteg eigenleg er eit moralsk tilbakesteg. Framsteg inneber ei endring i forhold til det rådande, og da det rådande er det gyldige, følgjer det at moralsk framsteg eigenleg er moralsk forfall. Med andre ord, blir slaveriet oppheva, står vi, gitt kultur-relativistens syn, overfor noe vi ikkje moralsk bør godta.

Vi treng ikkje gå lenger enn hit for å kunne slå fast at det er noe i vegen med den moralske kulturrelativismen. Konsekvensane som følgjer av den, er så opplagt urimelege og sjølvmotseiande at den ikkje kan oppretthaldas – jamvel om ein ikkje med dét har sagt at det er fritt fram for alle former for kritikk andsynes andre kulturar sine skikkar og ordningar.For om lag tre hundre år sidan peika den skotske filosofen David Hume (1711-76) på at ein ikkje logisk gyldig kan utleie kva som bør vere, frå det som er. Dette slår ikkje berre tilbake på moral-imperialistar. Det slår like klart tilbake på moral-relativistar. Og det er noe vi alle bør vere merksame på i kvardagen.

<strong>Filosof:</strong> Filosofen David Hume (1711-76) peika på at ein ikkje logisk gyldig kan utleie kva som bør vere, frå det som er.