Nok eit år er snart omme, og nok eit år skal snart ta til. Denne siste månaden i året er mørk, kald, og i vårt område oftast ganske så våt.

Men, det finnast nokre få skarve lyspunkt mellom skylaga, dei lyspunkta vi stolar på skal lose oss inn i eit nytt og innhaldsrikt år.

Neste år skal eg gjere det så mykje betre enn eg gjorde det i år. Neste år skal eg smile meir, gi meir, vere meir. Leve livet til det fulle. Utfordringar og hindringar skal ikkje stoppe meg, uansett.

Gode mål sant? Eller er det berre nok ein illusjon vi skaper for oss sjølve? Er det nokon som trur dei faktisk klarer å innfri dei måla dei set for seg sjølve?

Somme kallar det for nyårsforsett, andre vel å kalle det for ei livsstilsendring. Same kva vi kallar det, set vi oss gjerne i ein situasjon der vi skal oppfylle eit eller fleire krav. Kanskje er det våre eigne krav, våre eigne tankar kring sjølve livet vårt her på jorda. Men oftast er det krava vi blir stilte av samfunnet som omkrinsar oss, vi høyrer mest på.

Bikinikroppen 2017 vil vere eit mål for mange i den kvinnelege delen av befolkninga, sixpack til sommaren vil vere eit for mange av mannfolka. Kven er det eigentleg vi skal gjere til lags? Oss sjølve eller andre? Når blei det eit folkekrav, at dersom du skal ha det betre med deg sjølv, så må du sjå ut som ein topptrent adonis?

Er det ikkje greitt å vere litt større eller mindre enn andre lenger? Er det ikkje greitt å avvike frå normalen?

Du merkar kanskje at eg stiller langt fleire spørsmål enn eg kan gje svar. Grunnen til det er at det i dag finnast eit mylder av spørsmål.

Men eg kan ikkje svare for andre. Eg har mitt og du har ditt.

Det einaste svaret eg kan gje deg, om du sit der spørjande, er dette:

Elsk deg sjølv like høgt som du elskar andre. Har du det ikkje bra med deg sjølv, har ikkje andre det bra med deg heller. Du kan forsøke å skjule det, men du veit at det er der. Trongen til å matche samfunnet sin standard, trongen til å vere ein betre versjon av deg sjølv, den har evna til å ete deg levande, frå innsida og ut. Lær deg heller å sjå dei små tinga, verkeleg sjå dei. Føl at di oppleving av verda er den sanne. Ver ikkje ein «betre» versjon av deg sjølv. Ver deg sjølv.