Dei som kjenner meg godt veit at eg kan vere temmeleg rotete. Det kan ein sjå på kjøkenbenken, i bilen og på kontorpulten.

Truleg har eg teke til meg at folk som rotar har ein tendens til å vere intelligente. Eller kanskje var det slik at intelligente folk har ein tendens til å vere rotete?

Albert Einstein sa noko sånt som at «dersom ein rotete pult er eit teikn på eit rotete sinn, kva er då eit tomt skrivebord?». Vel, skrivebordet mitt er sjeldan tomt, så det må vel kanskje love godt.

Men frå tid til anna så får eg anda over meg, og finn ut at det er på tide å gjere noko med kaoset, både på skrivepulten og andre stadar.

Det betyr ikkje nødvendigvis at det blir ryddig, for når eg først skal til å finne ut av rotet, så skal det gjerne gjerast svært systematisk. Med vekt på svært. Dermed kan det ta så mykje tid å finne ut av korleis eg ønskjer å ha ting at det har blitt meir rotete før eg er ferdig.

Og så er det ikkje alltid eg byrjar i rette enden. For ikkje så lenge sidan fann eg nemleg ut at eg skulle byrje å rydde i datamaskina. Det var heilt sikkert ein sofa som heller burde vore tømt, eller kle som burde funne vegen inn i kleskapet, men så hadde eg rydda plass på skrivebordet til ein ekstra dataskjerm, og då hadde det vore greitt å sjekke tilstanden på maskinvara.

For det var ikkje mappestruktur eller gamle bilete eg ville rydde opp i, nei det var inne i kabinettet. Ei rask evakuering av kjøkenbordet gav plass til å fjerne sidedørene og eg kunne dermed sette i gang med støvfjerninga. For er det ein ting datamaskina kan så er det å samle støv. Det er nesten slik at eg ikkje treng å bruke støvsugaren, for inntaksviftene tek seg av det meste.

Men reint blei det. Eller reinare i det minste.

Og ekspedisjonen inn i maskina sitt indre fekk meg igjen på tankar om at det snart bør vere på tide med litt oppgraderingar av visse komponentar. Kanskje heile maskina til og med.

Så no sit eg på forum og les, eller ser videoar på YouTube om det siste nye, med både RGB, USB og SSD. Gjerne nokre andre forkortingar også. For etter ein del år med berre mindre hardvare-endringar nærmar ein seg tida der det er naudsynt med noko nytt.

Men då må eg truleg rydde skrivepulten igjen. Eller kanskje kjøkenbordet.