Eg er eit politisk menneske. Det er mange måtar å bli eit politisk menneske på. Min politiske veremåte kjem hovudsakleg frå arbeidsdeltaking i ulike sektorar i samfunnet. Min politiske posisjon er dermed prega både av arbeidet som skal utførast, pluss organiseringa og leiinga av dette arbeidet.

Eg kjem frå folkelege kår. Mine foreldre og foreldra deira har i all hovudsak vore enten bønder, eller industriarbeidarar, medan bestefaren min på morssida dreiv handel og frakt i eit mellomstort fartøy langs Romsdalskysten. Dette gjev eit utgangspunkt for å forstå kva som må ligge til rette for at desse samfunnsgruppene skal få hjula til å gå rundt. Familien min, og eg sjølv, har vakse opp i tida då Arbeidarpartistaten blei danne og skaffa seg eit politisk fotfeste gjennom 1950 og 1960-talet. Faren min har stort sett jobba i skipsindustrien, mora mi var lenge heime med meg og dei to brørne mine, men tok seg etter kvart arbeid som industriarbeidar ho også. Sjølv på små stader rundt om i lokal-Norge, dannar det seg små, men synlege, klasseskilnader mellom borgar og arbeider, og mellom dei som bestemmer korleis arbeidet skal utførast og dei som utfører det.

Arbeidslivet mitt starta i industrien, i møbelindustrien for å vere meir eksakt. Eg jobba i fleire år i det som var ein lokal møbelfabrikk, sjølv om eg også jobba i kolonialbutikk hjå Petra Pilskog på 1980-talet. Møbelfabrikken Utgård som hadde kundar over heile landet, var driven etter bestemte prinsipp: vi produserte til lager, og kvar handverkar utførte deler av arbeidet på sin eigen måte. Eg var organisert i NTAF (Norsk Treindustriarbeiderforbund) og vi hadde ein liten klubb i fabrikken som jobba for arbeidarane sine rettar. Utgård blei i 1996 kjøpt opp av det store møbelkonsernet Ekornes. Ekornes gjorde ein omfattande rekonstruksjon av produksjonen frå lagerproduksjon utført av handverkarar med ulike teknikkar, til ordreproduksjon, automatisering og standardisering av prosessane. Ekornes hadde etter oppkjøpet av Utgård på Hareid fabrikkar på fem forskjellige stader i Norge. Gjennom Ekornes si overtaking fekk eg sjansen til å bidra med mine synspunkt både gjennom organisasjonen i NTAF – arbeidstakarrettighetene vart sterkare formalisert, men samtidig var dei som bestemte langt unna der prosessen blei utført – men også gjennom andre fora. Eg tok nokre kurs på logistikkhøgskulen i Oslo, og vart også valt til arbeidstakaranes representant i styret for Ekornes Hareid. Gjennom deltaking i desse to fora fekk eg ei forståing av kva det er som driv moderne industri, kva utfordringar vi står overfor også frå eit leiingssynspunkt. Ekornes blei i denne perioden ein sterk aktør i møbelbransjen. Etter nesten-konkursen på byrjinga av 1990-talet, hadde Jens Petter Ekornes vendt tilbake til Ekornes og starta ryddingsarbeidet. Dette skulle vise seg å bli starten på eit nytt møbeleventyr. Store marknadskampanjar blei køyrt både i Austen og i dei Sameinte Amerikanske statar. Fabrikkane gjennomgjekk store endringar frå manuell til automatisert produksjon, med sterke innslag av robotar og andre høgteknologiske instrument som effektiviserte arbeidet. Ekornes var samtidig ei arbeidstakarvenleg bedrift, på den måten at dei heile tida prøvde å finne gode løysingar for arbeidstakaren. Døme er sirkulasjon i arbeidet, at arbeidstakaren ikkje blei ståande still på ein operatørpost, men at dei blei opplærte til å utføre ulike prosessar. Dette fekk ned sjukefråværet, men auka også arbeidarane si forståing av samanhengen i prosessane. Vi lærte oss å sjå heilskapen i produktutviklinga.

Eg flytta til Oslo i 2001 og tok ein master i informatikk, før eg byrja å jobbe som systemutviklar i 2006. Her jobba eg med utvikling av programvare til helsesektoren, der store digitaliserings- og omorganiseringsprosesser pågjeng, og der IKT er ein sentral del av desse prosessane. IT i helsevesenet er storindustri. Som eksempel gjer samanslåinga av Rikshospitalet, Radiumhospitalet og Ullevål sjukehus Oslo Universitetssjukehus til eit av dei største sjukehusa i Nord-Europa. Dette er berre ein av mange sentraliseringsprosesser i dei fire helseregionane, styrt av den norske politiske leiinga. Eg jobba først i eit mindre firma som heite Clinsoft. Vi jobba direkte mot faggrupper på sjukehuset. Etter at vi blei kjøpt opp av CSAM Health i 2008, blei vi ein del av eit større miljø. Slike firma er med på å implementere nokre av dei politisk-strategiske måla den politiske leiinga har sett seg. Men vegen dit består ofte av detaljar: av å knytte fagpersonell saman i fora, skape moglegheiter for kommunikasjon, bli einige om regler. Implementeringa av IKT fører nemleg til endring av arbeidsplassar, og er dermed ein prosess som startar frå botnen. Deltaking, kommunikasjon og slutningsansvar er dermed sentrale element i endringsprosessen. Desse reglane gjeld også no når eg jobbar med ei doktorgrad i Informatikk på Universitetet i Oslo. Det politiske er i vår tid direkte knytt til behova til arbeidstakarane. Politisk press ovanfrå eller økonomisk interesser som prøver å gå snarvegar, lukkast sjeldan. Konsensus kan ikkje tvingast fram, den må foredlast gjennom aktiv deltaking i prosessane på grunnivå, og utan desse premissane vil dei fleste endringar ha kort levetid. Deltaking vil også gje grunnaktøren eit eigarskap til endringsprosessane, og dermed inkludere vedkommande i den stimulansen det gir å kunne bidra konstruktivt.

Demokratiet som vaks fram i den greske sivilisasjonen nokre hundreår før vår tidsrekning start, var eit demokrati for dei få. I mellomalderen og i keisar- og kongedøma då, var individet ein undersått. Statsleiaren var gitt av Gud. I vår tid er individet sjølve grunnkjernen i dei politiske modellane. Dette gjev grunnlag for ei omfattande endring av enkeltmenneskets deltaking i den politiske prosessen, både på godt og vondt, men primært er dette ei styrke for mennesket. Så lenge vi brukar den makta også til det felles beste.