«Å velje mellom pest og kolera» er eit uttrykk som er dukkar opp med jamne mellomrom. Uttrykket er eit forsøk på å biletgjere valet mellom to vonde, og var mykje i bruk under siste valkamp i USA. Kven som var pest og kven som var kolera av presidentkandidatane Clinton og Trump kom aldri for ein dag, men uttrykket er i grunnen temmeleg tåpeleg. For det første er det neppe nokon som får høve til velje mellom pest og kolera og for det andre finst det ein enkel kur for den eine av dei to sjukdommane. Meir om det seinare.

Gi meg heller valet mellom gastroskopi og koloskopi.

Ikkje at du har noko reelt val her heller, anna enn å seie nei takk til begge deler. Ulempa er då at du risikerer å døy.

Men fekk eg no valet mellom gastroskopi (som for den uinnvigde går ut på å føre ein slange med eit lite kamera ned i spiserøret og kanskje vidare gjennom magesekken og ut i tolvfingertarmen) og koloskopi (som kort fortalt er å køyre ein tilsvarande slange opp i Ratata og vidare opp gjennom tjukktarmen), hadde eg heilt klart valt sistnemnde. Eg har bokstavleg tala inngåande kjennskap til båe metodar.

Ved koloskopi får du, som nemnt, ført ein fleksibel slange opp i Ratata. Men før det skjer vert du påført ein bedøvande salve i området rundt der reisa til kroppens indre startar.

For det er ei reise dette, i beste Jules Verne-stil, og det flotte er at du kan sjå den på video samstundes. Den første delen av turen skal vi ikkje seie så mykje om, men dess lenger opp i dalstroka innanfor du kjem deg, der ingen tidlegare har sett sin fot, dess meir fantastisk vert det. Det er nokre krikar og krokar som skal passerast, og det er ingen grunn til å legge skjul på at det kan vere ubehageleg og til dels smertefullt.

Det er likevel berre «a walk in the park» i høve til gastroskopi. Så sant du ikkje jobbar som sverdslukar på eit sirkus er dette ikkje noko hyggeleg i det heile tatt.

Personleg har eg av og til eit snev av klaustrofobi, og dette slår sjølvsagt ut i full blom når svelget vert bedøvd og helsepersonellet tek til å føre ein 1,5 cm tjukk slange ned gjennom halsen min. Men med flinke folk i sving har det likevel gått bra med meg kvar gong. Men kjekt, det er det ikkje.

Når det gjeld pest eller kolera hadde eg nok gått for kolera, trass i at dette kan føre til at du døyr av diaré i løpet av 24 timar. Kroppen kan skilje ut så mykje som 12 liter væske i løpet av dette miserable døgeret. Men fortvil ikkje! Tilfører du kroppen like mykje væske som går ut, overlever du.

Eg er full av respekt og takksemd, men også undring, overfor legar som vel å vie karrieren sin til lidingar knytt til endetarmen. Kva ligg bak yrkesvalet til ein proktolog?

Ei gruppe legar ved eit større sjukehus feira ein kollega, ein augelege, som fylte 50 år. Til store ovasjonar vart det bore inn ei svært forseggjort marsipankake, detaljert utforma som eit enormt auge med blodkar og det heile. Då tek ein av gjestene brått til å fnise:

– Eg fyller 50 neste månad, og eg er proktolog!