Dei siste fire åra har vi knapt nok sett snø. Vintrane har nærast vore vårlege. I og for seg er ikkje dét til ulempe. Gleda ein i barndommen kunne oppleve ved å gå på baken på blankis eller nysnø, avtar med åra. Intensiteten i gleda varierer omvendt proporsjonalt med alderen.

Det er neppe urimeleg å rekne med at fråvere av snøvintrar dei siste åra har samanheng med klimaendring, knytt til global oppvarming. Eg skal skissere eit scenario, basert på granskingar av Golfstraumen. Det eg gjer, er å peike på eit mogleg årsaksforhold, ikkje meir. Det utgjer ikkje meir enn ein liten del av eit system av årsaker, der nivået av kompleksitet i interaksjonen mellom antatt relevante årsaksfaktorar er så høgt at det truleg aldri vil kunne bli mogleg å gje noggranne førutseiingar av korleis utviklinga vil bli. Det er kanskje ikkje sikkert, som fleire ser ut til å rekne med, at det er middelhavstemperatur nordmenn vil kunne glede seg over i framtida.

Den nordlegaste delen av Golfstraumen kjem opp mellom Island og den norske vestkysten og syter for ein varme-anomali så langt nord. Straumen avgir store energi-mengder til lufta og vernar slik heile nordvest-Europa mot til-ising, både på land og hav. Ved Lofoten er straumen 30 km breid. Fell Golfstraumen bort, vil sjølv klimaet i Nord-Tyskland endras og kanskje bli som i det nordlege Sibir. Ikkje så merkeleg eigenleg, for grensa mellom Danmark og Tyskland ligg på om lag 55 nord, dvs. der vi finn sør-grensa for driv-is i Alaska.

Avgjerande for Golfstraumen er at der straumen sluttar, søkk gjennomsnittleg ein halv million kubikkmeter vatn kvart sekund ned til eit djupare vass-sjikt. Fenomenet vert kalla thermohalin sirkluasjon: På vegen nordover vert vatnet i Golfstraumen kaldare, følgjeleg tyngre. Mellom Grønland, Island og Svalbard søkk det nedkjølte vatnet ned til mellom tre og fire tusen meter og flytter seg så langsamt mot sør.

At overflate-vatnet søkk, er ein merkeleg prosess. Sjøvatn inneheld 34,9 gram salt per liter og frys difor ved -1,8C. Når vatnet denne temperaturen, byrjar iskrystallar danne seg. Men brøkdeler av ein grad før det når frysepunktet, er vatnet så tungt at det bryt gjennom vass-sjikta under og søkk mot botn. Avtar saltkonsentrasjonen aldri så lite, vil dét kunne komme til å blokkere sirkulasjonen ved at det nedkjølte vatnet frys til is før det blir så tungt at det søkk. Under is er thermohalin sirkulasjon uråd. For Golfstraumen sitt vedkommande ville i så fall resultatet vere at vatnet den bringa med seg, ikkje lenger ville kunne søkke. Straumen ville difor stogge.

Salt-konsentrasjonen i havet er avgjerande. Skal Golfstraumen rekke så lengt nord som den gjer, kan konsentrasjonen ikkje bli særleg lægre enn den er i dag. Faren for at så kan skje, er ikkje usannsynleg. Drivhuseffekt vil gje meir smeltevatn frå isbrear på Grønland, Island, Svalbard, Norge. På Grønland er isen delvis over 3000 meter tjukk. Så har vi dei store elvane som renn nordover i Sibir. Desse har i fleire tilfelle kjeldene sine i høgfjellsområde langt mot sør. Ein står såleis andsynes ein ferskvatn-fare: Blir salt-innhaldet tynna ut med 0,2 gram per liter, vil dét kunne vere tilstrekkeleg til å sette i gang til-ising av Norskehavet. Går det frå 34,9 til 34,7 gram per liter, vil dét kunne vere tilstrekkeleg til å setje i gang prosessen av til-ising ved at den thermohalinske sirkulasjonen blir broten. Golfstraumen vil i så fall ta slutt lenger mot sør. Gitt dette, vil det nordlege Europa, heilt sør til Tyskland og Frankrike, bli tundra-liknande område. Isfjell vil teoretisk kunne drive heilt sør til Kanariøyane!

Forskarar veit at tidlegare istider har komme brått. I løpet av dei siste 2,5 millionar år er den nordlege halvkula blitt dekt av is 26 gonger. Gransking av sediment-avleiringar på havbotnen viser at til-ising har skjedd svært snøgt. Sist slikt hende, i den s.k. «vesle istida» mellom 14. og 18. hundreåret, fraus meir enn halve Norskehavet til. Store deler av Island og Svalbard vart dekte av brear. I Skandinavia vas breane dramatisk, klimaet forverra seg sterkt. Hungersnaud rådde.

Nå treng ikkje dette sette oss i umiddelbar undergangsstemning. Vi veit, strengt tatt, ikkje om scenariet vil slå til. Grunnane kan vere mange. Éin av dei er følgjande: I det totale systemet av årsaksfaktorar som interagerer i det skisserte komplekset, er det langt fleire relevante årsaksfaktorar enn dei eg har nemnt. Dette komplekset kan fungere slik at dei årsaksfaktorane eg har nemnt, ikkje interagerer på den måten eg har antyda. På hi sida, å slå seg til ro med at sidan vi ikkje kjenner interaksjonane i komplekset av årsaker, så er slikt lite å bry seg med, kan neppe reknas til eit parade-døme på lysande fornuftsbruk. Som argument er det på nivå med påstanden om at det ein sjølv ikkje alt veit, dét kan difor heller ikkje eksistere.