Eg må seie eg gler meg kvar gong denne avisa kjem ut og Ivar Mork har ordet på andresida. Då veit eg det blir mykje god lesnad på debattsidene dei neste dagane, ja kanskje i fleire veker. Når dei religiøse tek til pennen og let sine meiningar strøyme vaknar det ein liten djevel i meg. Eg var nemleg skåna for kristne miljø og mørkemenn i min oppvekst. Eg er gamal nok til å ha hatt Kristendom som fag i grunnskulen, men såpass ung at nemnde fag berre var ein utvatna og tam altervin i motsetning til den sterke heimkoken born før meg vart utsett for. Men meiningane fins der ute, og nokre av dei er såpass mørke og hinsides all sunn fornuft at sjølv den gamaltestamentlege Jehova lett kan sette oblatet i halsen. Som eit ekstremt eksempel kan ein trekke fram ein pensjonert lærar som i ein sidemerknad slengde ut at det var jødane som sto bak svartedauden. Men, haldt dei fram, dei skjøna at det ikkje stod noko om det i læreboka, for jødane hadde skrive den òg. I tillegg sit det folk omkring som framleis tvilar på evolusjonsteorien, og at jorda verkeleg er over fire milliardar år gamal. 6000 får halde! No lyt Ivar ta seg av desse menneskja, for han held seg både sakleg og høfleg i desse ordskifta. Endå til på sosiale media. Dessutan trur eg ikkje desse bokstavtru bibeltolkingane vert vidareført i dagens samfunn - og det er sanneleg verdt eit hallelujah!

I min oppvekst slapp eg unna desse forkynnande miljøa, ja, vi fekk diskutere fritt i klasseromma våre, om helvete og abort og sex før ekteskapet utan at nokon greip inn. Vi fekk tvile høgt i ulike fora. Men samtidig sakna eg å høyre desse standpunkta, dei som var heilt på andre sida. Børre Knudsen hadde stort sett slutta med sprella sine, og Ole Hallesby si helvetespreike var mest eit halvt århundre gamal.

Eg ville høyre ekte menneskje fortelle meg at eg ville hamne i helvete om eg ikkje vende om, eller at abort var drap, eller at det var synd å drikke. Til dømes. Dette var eit sakn for ein ung kverulant. Så kunne vi drøfta dette helvetet, som det står skuffande lite om i Bibelen. Sist eg søkte på bibel.no, dukka søkeordet opp ti gongar, og ingen av dei tekstfunna står i særleg stil oppimot det infernoet Dante skildra for oss i mellomalderen. Så var boka hass ei skrekkeleg god samanblanding av førkristne og heidenske førestillingar, og ein god del eigen fantasi. Den norske bibelomsetjinga har nappa sjølve ordet ’helvete’ frå norrøn mytologi. I originalen (eit vanskeleg ord å bruke i bibelsamanheng, som demonstrert i førre Vikebladet Vestposten) er det Gehenna dei talar om, og da gjaldt det ein dal utanfor Jerusalem, den heilagste byen. Ein kunne kosta på seg ein vits om den korte avstanden frå himmel til helvete nett her.

Eller kanskje vi kunne prata om Job’s bok i gamle testamentet. Underet ved denne boka er ikkje innhaldet eller handlinga i ho, men at ho i det heile vart teken med i den kanoniserte bibelen. Her blir Gud utfordra av Satan til eit veddemål, med trua til Job - guds meste fromme tilbedar - som innsats. Jehova framstår som både lettlurt og dum, ja ein riktig dåre, og det er Job som får føle konsekvensane av veddemålet.

Og så kunne ein gått vidare og diskutert den litterære kvaliteten på desse bøkene - eg ser ofte påstandar om at ho er ei vidunderleg bok med mykje å gi ein lesar. Og der er vi kanskje einige. Litt. Der er ikkje vakrare tekstar i Bibelen enn i andre bøker frå same tida, eller tidligare for den saks skuld. Der er mykje flott å hente i koranen og baghadavita, i amerindiske segn og samiske fortellingar. Den mennesklege erfaringa er vidunderleg, og forskjellige folkeslag til forskjellige tider på forskjellige stader har utforska ulike fasettar av han. Bibelen blir liten i denne målestokken, og ein gjer seg sjølv ein bjørnetjeneste om ein ikkje kikar utover.

Der er også forferdelige passasjar i Bibelen, og vi er vel godt kjende med dei fleste av dei om ein har vore i ein god kristendebatt før. Desse egnar seg ikkje å sitere her, men eit poeng dei truande dreg fram er at det er opp til lesaren å skilje sølvet frå skiten. Vel og greit, det. Men korleis skal vi, stakkars dødelige, kunne vite kva som er verd å legge vekt på, og kva vi skal skrote? Vi som aldri har hatt ei guddommeleg oppleving i møte med tekstene? Er det ikkje i overkant frampå å gjere seg sjølv til guds redaktør? Å sjølv skulle avgjere kva som er guddommelige ord og ikkje, når tittelbladet framleis seier at alt er Guds ord?

Men eg veit at desse ordskifta fører lite med seg av overtaling og nye syn på saka. Ein kan hamre på med logiske argument og historiske fakta til ein vert grøn, og ein kan sitere tekstpassasjer og flotte sitat til bibelen rivnar - vi snakkar forbi kvarandre. «Desse argumenta har vi høyrd før og eg er framleis overtydd.» Det treng ikkje nødvendigvis vere noko å skryte av.

Å tru er noko ein gjer med hjartet. Og det kunne nesten likne eit kompliment, dette. Berre hugs at det bor ein liten djevel i meg.