Frå barnevernstenesta sin ståstad har vi eit anna syn på fleire av dei påstandane som blir framsett i brevet, men kan sjølvsagt ikkje kommentere enkeltsaker i det offentlege rom. Likevel kan det vere nyttig å minne om at det ikkje er den kommunale barnevernstenesta som fattar vedtak om å ta ifrå foreldre omsorga for eit barn, det er det Fylkesnemnda og domsstolane som gjer. Den kommunale barnevernstenesta kan heller ikkje oppheve eit slikt vedtak, det er det berre beslutningsorganet sjølv som kan.

Slike saker er alvorlege og vekkjer sterke kjensler for dei det vedkjem, og det er ikkje uvanleg at det vert retta kritikk mot barnevernet. Som barnevernssjef har eg respekt for alle partar i slike saker.

Barnevernet har sitt oppdrag nedfelt i barnevernslova, der det er barnets beste som skal vere det overordna i alle vurderingar. Vårt samfunnsoppdrag er å hindre at barn blir utsett for omsorgssvikt frå sine omsorgspersonar.

Fylkesnemnda, fylkesmannen, helsetilsynet og rettsinstansane har det overordna anvaret for at nasjonale omsyn og føringar vert ivareteke. Generelt kan eg opplyse at omsorgsovertaking skjer i sjeldne tilfelle, og at andre tiltak vert utprøvd der det er mogleg. Vår erfaring tilseier at dei fleste foreldre og familiar samarbeider og tar imot hjelp for å forandre på tilhøve som må til for at barnet skal få vekse opp i eit trygt og utviklingsfremjande omsorgsklima.