For ikkje mange år sidan fann det stad ein debatt om føremålsparagraf for barnehagar. Da desse m.a. skal bidra til å føre born inn i eit sosio-moralsk fellesskap, treng dei ein kristen føremålsparagraf. Utan kristendom, ingen gyldig moral.

Korvidt barnehagar bør eller ikkje bør ha ein kristen føremålsparagraf, er eg tolleg likegyldig til. Derimot interesserer påstanden om at rett eller gyldig moral treng religiøs grunngjeving. Held den?

Den kanskje tidlegaste drøftinga av spørsmålet er i den sokratiske dialogen «Euthyfron». Spørsmålet er om det moralsk rette eller gyldige kan vere «det gudane pålegg oss å gjere», følgjeleg om moralsk urett eller ugyldig er det gudane forbyr.

Sokrates og Euthyfron snakkar om greske gudar. Vi kan like gjerne ta kristendommens Gud, at det Gud pålegg oss å gjere, er moralsk rett, og det han forbyr, moralsk urett.

Spørsmålet Sokrates stiller, er like relevant: (a) Er ei handling moralsk rett av di Gud pålegg menneska å handle slik – eller (b) pålegg Gud menneska å handle slik av di han innser det er moralsk rett? Er det (a) Gud som gjer visse handlingar moralsk rette og andre moralsk urette – eller (b) innser Gud at visse handlingar er moralsk rette medan andre er moralsk urette?

Ser vi på (a), er ein av konsekvensane at ei handling ikkje kan vere moralsk rett eller urett utan at Guds vilje gjer den til det eine eller det andre. Ein annan konsekvens er denne: Er Gud allmektig, kan han ville kva som helst. Han er ikkje bunden av anna enn viljen sin. Vi meiner t.d. at det er moralsk rett å snakke sant, moralsk urett å lyge. Men følgjer det av dette at Gud må ha meint eller villa det same? Er Gud allmektig, kan han ville noe anna enn det vi vil – og trur Gud vil. Svarer ein at Gud er allgod og difor ikkje kan ville at løgn er moralsk rett, er innvendinga opplagd: Det er ikkje menneskelege førestillingar om kva det moralsk gode er, som avgjer kva Guds allgodleik må innebere. Vil Gud noe, same kva det er, er allgodleiken hans garanti for at det han vil, er moralsk godt.

Vi kjenner t.d. frå historia kristnes grunngjeving av framferda si andsynes ikkje-kristne, ev. andsynes dei som tilhøyrde andre trusretningar enn dei sjølve: «Gud vil det!» og «Gud er med oss!». I dag lyder den same blandinga av kamprop og rettferdiggjering når islamistar går laus på det dei ser som vantruande eller effektive middel på vegen mot eit heilagt og difor påbode mål.

Hevdar ein at Guds vilje aleine avgjer kva som er moralsk rett og urett, må ein gå med på at Guds påbod er vilkårlege, noe framferda eg nettopp har vist til, er paradedøme på. Men ikkje berre dét: Før eit forbod mot t.d. løgn blir innført med tilvising til Guds vilje, er løgn moralsk like uproblematisk som sanning. Er dette akseptabelt frå ein t.d. kristen-religiøs ståstad?

Vel ein (b)-grunngjevinga, kjem ein ikkje betre ut: Gud påbyr sanning og forbyr løgn avdi han innser at sanning og løgn er høvesvis moralsk rett og moralsk urett. Da Gud er allvitande, ser han at sanning er moralsk rett, usanning moralsk urett. Tilsvarande med alle andre moralske påbod og forbod: Han påbyr X av di han erkjenner at X er moralsk rett, og forbyr Y da han innser at Y er moralsk urett.

Problemet som ligg her, faktisk temmeleg ope, er følgjande: Grunngjevinga føreset at det eksisterer eit sett moralske standardar førut for og uavhengig av Gud. At han har tilgang til det, kjem av at han er allvitande. Aksepterer vi at kravet om t.d. å snakke sant og ikkje lyge, er moralsk rettkomme, at løgn følgjeleg er moralsk uakseptabel, har vi, gitt (b)-grunngjevinga og kanskje utan å tenke over det, gått med på at standardar for moralsk rett og urett er ubundne av Guds vilje og innsikt.

Eit tredje svar: (c) Ein skal lyde Guds vilje av di Gud er moralsk god. Med andre ord, å vere moralsk god er å lyde Guds vilje. Men grunngjevinga hyser eit problem: Er «moralsk god» det same som «lydig mot Gud», er kriteriet på at Gud er moralsk god at Gud er lydig mot seg sjølv. For å unngå ein slik absurd konsekvens, må ein sjølv ha tilgang til kriterie som, uavhengig av Gud, gjer at ein er i stand til å vurdere moralsk rett og urett. Alternativet er at å vere moralsk god for Gud er noe anna enn å vere moralsk god for menneske. Men da duger ikkje tilvising til Guds godleik som kriterium for menneskeleg moralsk godleik.

Kva så med (d)? Da Gud er allvitande, veit han kva konsekvensar ulike typar handling vil måtte ha for den som utfører dei. Noen er skadelege, andre nyttige. Om dei er det eine eller det andre, er avhengig av om dei er i samsvar med Guds godleik eller ikkje. Vil ein unngå skade og/eller straff, handlar ein i samsvar med det ein trur er Guds vilje. I så fall er det ikkje spesifikt moralsk det ein gjer. Det er, tvert om, tale om målmedviten handling. Slik sett kan religion verke moralsk disiplinerande, men disiplinen den skaper, er ikkje moralsk. Den er strategisk.