Her ein dag dukka det opp ein invitasjon i postkassa mi. Eg er boden i bryllaup til Vancouver i Canada. Til unge Joy som skal gifte seg med ein kar med namnet Mason. Bryllaupet skal feirast i UBC Boathouse, ved Frasier River.

Det blir no eller aldri tenkte eg. Det er over 50 år sidan tanta og onkelen min emigrerte til Canada, og eg har aldri besøkt verken dei eller søskenbarna mine. Både foreldra mine, besteforeldra – ja til og med ei oldemor – har vore på besøk i Canada og Amerika, så no bør eg nytte sjansen, konkluderte eg med, og takka ja. Flybillettar vart tinga, og reiseruta går frå Vigra, via Amsterdam – og deretter direkte til Vancouver.

Men dagen etter at stadfestinga på flybillettane kom på mail, fekk eg beskjed om at nye reglar gjorde at eg måtte søke om turistvisum, og at det kosta sju canadiske dollar.

– OK, eg tek det heime etter arbeidstid, tenkte eg.

Sant å seie var eg litt sur då eg kom heim om ettermiddagen, og såg at husbonden verken hadde rydda av frukostbordet eller laga middag. Det gjekk derfor ein liten luring i meg:

– Eg lagar middag, og du søkjer om turistvisum for meg.

Det var nærast som ein ordre til husbonden. Han mukka ikkje, og før eg stilte meg bak grytene leika eg sekretær og fann fram både pass og Visa-kort som eg la framføre han.

Medan fiskekakene brasa i steikepanna høyrde eg han mulle noko om både «immigration» og «turist». Så ramsa han opp tala på kredittkortet mitt, og vips hadde eg betalt dei sju canadiske dollarane.

Men det var berre ein hake ved opplegget – ein stor hake:

– «Eg har gjort ein feil», sa husbonden. «Eg ser no at eg har søkt om at du ønskjer å emigrere til Canada!»

Utsegna hans fekk sveitten til å breie seg i panna mi. Eg kjende på ei slags avmakt, ei avmakt som gav seg utslag i skjelvande kne og latterkrampe. Eg lo og lo, men hadde eigentleg mest lyst til å grine.

Først ringde vi svigersonen som ofte er på reisefot. Men via telefonen klarte han ikkje å forklare korleis vi skulle kome oss inn att på systemet for å avbestille emigrasjonssøknaden min.

Neste forsøk var ein nevø som nyst har vore i Canada, men han svara ikkje på telefonen. «Vi må ringe Einar. Naboen er ein hund på både data og skjema, sa eg. Og Einar var heldigvis ikkje tungbeden. Han kom lettbeint og blid inn i den noko stressa heimen. Etter først å ha roa ned bikkja sette han seg til datamaskinen for å finne ut av emigrasjonsmisæren.

«Eg trur dette skal gå heilt fint», sa han etter om lag fem minutt. Canadiske flyplassfolk er dei hyggelegaste i heile verda. Så når du landar i Vancouver så er det berre å forklare dei situasjonen, så slepp dei deg heilt sikkert inn, sa Einaren.

Dagen etter fekk eg ein mail om at eg hadde fått visum til Canada. Så no satsar eg på at eg i alle fall kjem meg inn i landet. Om eg kjem meg heim att til Norge får vi sjå. Eg reknar ikkje med å få så mykje hjelp frå husbonden. Han vil nok gjerne ha seg ein periode der han får rote rundt på kjøkenet åleine utan innblanding frå meg.