Har du nokon sinne høyrt om den norske misjonæren og sjukepleiaren Bodil Bjørn? Ikkje? I Armenia trur eg alle skuleborn veit kven Bodil Bjørn var, og at ho er ein av Armenia sine største heltar. Og nemner du Fridtjof Nansen, så er heltestatusen hans truleg større mellom armenarar verda over enn her heime. Nett no er det etter alt å døme eit folkemord på gang både i Syria og Irak, og i Tyrkia har autokratiet fått ein ny vår. Det er såleis aktuelt å minnast eit anna folkemord i same traktene for om lag 100 år sidan – i åra 1915-20: Folkemordet på armenarane. Truleg vart så mange som 1,5 millionar armenarar tekne av dage på bestialsk vis av tyrkarane. Det var med bakgrunn i brotsverka i Armenia at det juridiske omgrepet folkemord – eller genocide – vart til.

Kulturarven frå Armenia

Armenia var alt i bronsealderen eit stort og avansert rike i grannelaget til Mesopotamia, vogga til sivilisasjonen vår. Landet har til alle tider lege som ein nedtrødd dørstokk mellom Asia og Europa og vore ein snarveg for hyppige invasjonar og folkevandringar mellom aust og vest.

I Armenia har dei framleis ein levande tradisjon for å gjere husfasadane som vender mot vegen så fattigslege som råd er, for ikkje å by inn til plyndring frå røvarar på gjennomreise i landet. Armenarane har hatt ein rik skriftkultur i tusenvis av år, dei er eit folk som har dyrka det skrivne ordet. Når ufred og hærverk truga, tømde dei samlingane sine for gamle og verdfulle bøker. Patriotiske armenarar fekk utdelt kvar si bok med oppdrag å røme opp i fjella og verje boka med livet sitt til det var trygt å føre henne attende til biblioteket. Slik har armenarane berga skriftkulturen sin frå brannstifting og hærverk, som vart banen til biblioteket i Alexandria.

Armenia var den fyrste kristne staten i verda. Kristendomen vart offisiell religion alt i 301 e. Kr, heile 79 år før keisar Konstantin gjorde kristendomen til statsreligion i Romarriket. I seinmellomalderen vart slettelandet i det historiske Armenia hærsett av det islamske, ottomanske imperiet. Vest-armenarane vart rettslause undermenneske i sitt eige land og offer for hyppige pogromar og massakrar opp gjennom hundreåra.

Eit administrativt folkemord

Men det var dei såkalla «ungtyrkarane», som gjorde statskupp i det eroderte ottomanske imperiet i 1908, som sette i gang ein storstilt aksjon i ly av 1. verdskrigen for endeleg å kvitte seg med armenarane. Armenarane vart skulda for å vere ein fare for tryggleiken i riket og spionar for erkefienden, Tsar-Russland.

I april 1915 vart det godt planlagde folkemordet sett ut i livet. Første steget var at alle armenarar i den ottomanske hæren vart fråtekne våpna sine og førte over til såkalla arbeidsstyrkar. Dette var berre ein omveg til å avrette alle saman.

Det neste steget var at alle våpenføre armenske menn mellom 18 og 45 år vart kalla inn til militærteneste. Men det var ikkje militærteneste som venta dei armenske mennene. Dei vart samla i konsentrasjonsleirar og systematisk avretta eller døydde av sjukdom, svolt og mishandling.

Med alle mennene ute av vegen, var det fritt fram for tyrkarane å gå laus på kvinnene, borna og dei eldre i dei armenske byane og landsbyane.

Det vart organisert reine dødsmarsjar ut i den syriske øydemarka, der hjelpelause armenarar vart sette att utan mat og vatn for å døy. I mange landsbyar vart innbyggjarane samla i kyrkjene, som så var sette fyr på. Ei annan metode for massedrap var å fylle båtar og lektarar med armenarar og føre dei ut på Svartehavet, der armenarane enten vart kasta over bord eller båtane kvelva.

Tyrkarane gjorde også kva dei kunne for å utslette den armenske kulturen ved at landsbyar, kyrkjer, kloster og andre kulturminne vart brende eller raserte. Utryddinga gjekk i fleire bylgjer, og kor mange som miste livet er uvisst, men at så mykje som 1-1,5 millionar armenarar vart myrda er rekna for sikkert, 50-80 % av dei ottomanske armenarane.

Sviket i Versailles

Det var svært få i Vest-Europa som visste kva som gjekk føre seg. Det vart gjort freistnad på eit rettsoppgjer nokre år etter krigen, men etter mykje om og men gjekk dei skuldige heilt fri. Sjølv etter freden i Versailles i 1918, som gjorde ende på det ottomanske imperiet, heldt myrderia fram.

Armenia vende ein gong mot heile tre kystar, men etter freden sat armenarane att i eit inneklemd, lite fjelland. Hundretusenvis av ottomanske armenarar var flyktningar eller deporterte. Den demokratiske republikken Armenia vart skipa i 1918, men etter to år vart Armenia okkupert, og under tvang ein sovjetrepublikk frå 1936. Fyrst i 1990 vart Armenia på nytt sjølvstendig. Russarane demonterte då alt som fanst av industrianlegg i landet og skipa det til Russland. I hovudstaden Jerevan kan ein framleis reise kilometervis langs vegen forbi tome og falleferdige betongskal på begge sider.

Det er framleis ei djup sorg for armenarane at det heilage fjellet Ararat, der Noa i fylgje 1. Mosebok stranda med Arka si, no ligg attom den stengde grensa til Tyrkia. Frå hovudstaden Jerevan er det eit storslege utsyn til det meir enn 5.000 meter høge, kjegleforma fjellet.

Svært få land har slutta seg til at armenarane var offer for eit folkemord, og Noreg er ikkje mellom desse. Armenia vart ein stat i Sovjetblokka og såleis fiendeland, og med skipinga av Nato vart Tyrkia ein alliert som ein måtte halde seg til vens med.

Norske heltar i Armenia

Fridtjof Nansen gjorde ein enorm innsats for dei 300.000 statslause, armenske flyktningane med det såkalla Nansen-passet, som vart godkjent av heile 52 land. Svært mange armenarar fekk eit nytt heimland i USA.

Bodil Bjørn var den ukjende norske sjukepleiaren og misjonæren som med stor fare for sitt eige liv, berga mange armenske kvinner og born frå myrderia. I Jerevan er det reist eit gripande minnesmerke og eit museum over folkemordet. Både Bjørn og Nansen har fått heltestatus på minneveggen der.

Når me i dag igjen møter menneske på røming frå folkemord, menneske som har mist sine kjære, fedrelandet sitt og alt dei eigde, kan me då med handa på hjartet seie at me lever opp til Bodil Bjørn og Fridtjof Nansen sine verdiar og nestekjærleik? Ein kvar får svare for seg sjølv.

Ivar Mork, sauebonde og seniordesigner ved Libra Plast.