2016-sesongen vart ein solid nedtur for alle som er glade i Hødd. Svake resultat og svake prestasjonar førte til nedrykk, og denne sesongen må laget finne seg i å spele på tredje nivå i norsk fotball.

Der skulle Hødd finne tilbake til seg sjølve. Laget skulle vere med i toppen av avdelinga, og ønskte å kjempe om eit opprykk tilbake til toppfotballen.

Lang veg opp

Slik har det ikkje gått. Etter 14 serierundar, og dermed meir enn halvspelt sesong, tek Hødd ferie på ein åttandeplass. Opp til direkte opprykk er det 14 poeng. Til kvalik-plassen er det 13. Vegen opp ser umogleg lang ut. Spesielt slik Hødd har prestert i mange av kampane sine.

Fotball er i utgangspunktet veldig enkelt. Det handlar om å score fleire mål enn motstandar i løpet av 90 minutt. Dette veit trenar Sindre Eid godt, og det bør spelarane hans også gjere.

Bendik Rise sa for ei vekes tid sidan at det ikkje er enkelt å gå frå nedrykk ein sesong til å snu det og starte å vinne kampar igjen den neste.

Kanskje ligg litt av problemet der, i at klubben ikkje er vane med å vinne etter den tunge fjorårssesongen. Men alt kan ikkje forklarast så enkelt. Det har vore store utskiftingar i klubben, og dermed burde i det minste delar av spelarstallen kome inn til sesongen utan påverknad av det som skjedde i 2016. Bryne er også i same situasjonen som Hødd, men dei toppar avdelinga.

Lite attraktivt på nedre halvdel

Hødd skulle bruke denne sesongen på å bygge eit nytt lag, og samstundes ønskte ein å vere med i toppen av avdelinga.

Store delar av laget er nytt, men Hødd er ikkje i nærleiken av å vere med i toppen. Skulle dei svake prestasjonane og resultata halde fram ut sesongen så fryktar eg at klubben må gjere seg klare til ein ny vinter med oppattbygging.

For Hødd blir ikkje meir attraktive av å slite på nedre halvdel i 2.-divisjon.

Klubben meiner sjølve at dei har «råd» til nokre sesongar på tredje nivå. Det kan godt hende, men det blir neppe lettare å finne vegen opp att til toppfotballen ved å bruke lengre tid.

Skal Hødd gå den vegen må ein truleg i endå større grad satse lokalt. Ein må truleg vere smartare når ein hentar spelarar utanfrå, og akkurat der har klubben hatt varierande hell dei siste åra.

Til dømes er det få av spelarane som vart henta før 2016-sesongen som har slått skikkeleg til. Også i år har det vore blanda drops.

Lokalt lyspunkt

Det mest gledelege med årets sesong må vere at dei lokale spelarane, og då spesielt dei lokale unggutane, i større grad har fått viktige roller.

Bendik Rise har spelt kvar kamp frå start. Daniel Eid starta sesongen lovande på høgrebacken, men har dessverre slite med skadar. Dei seinaste kampane har også Eirik Franke Saunes fått fleire sjansar på Hødd-midtbanen. I tillegg har Håkon Botn Brautaset fått sin debut, medan spelarar som Aleksander Rekdal, Sveinung Tilseth Sæterås, Isak Haanes og Isak Skotheim alle har vore med på benken.

Det ser dermed ut til å gro godt i klubben. Meir enn halvparten av A-troppen er 21 år eller yngre. Berre sju av 21 spelarar på A-kontrakt er 25 år eller eldre.

Kanskje har Hødd-stallen blitt vel ung denne sesongen?

Viktig overgangsvindauge

Denne veka opna overgangsvindauget i norsk fotball, og truleg vil det skje ting også på Høddvoll. Robin Shroot er framleis Hødd-spelar og skal etter planen returnere, medan Robin Hjelmeseth også er sterkt lenka til klubben.

Scoringar har vore ei mangelvare for dei blåkvite, men laget har mange offensive spelarar, og dersom begge to skal inn, så må nok også nokon ut.

Før sesongen varsla nemleg Hødd at dei skulle ha ein av dei minste A-troppane på mange år. Slik blei det ikkje. Dagens A-tropp er på 21 spelarar. Det har ein også sett på Hødd 2, som på det meste har stilt med åtte spelarar frå A-troppen.

Sportssjef André Nevstad ser ikkje vekk frå at det blir endringar i Hødd-stallen før siste delen av sesongen. Om nye spelarar er på plass, eller om nokon har reist før bortekampen mot Fram 5. august veit vi ikkje endå. Vi veit heller ikkje om Hødd kjem styrka eller svekka ut av dette overgangsvindauget.

Skal Hødd nå målet om å vere med i toppen har klubben berre eitt val. Då må ein styrke laget. Det skal nok uansett for mykje til å klare å ta inn både Bryne og Nest-Sotra, men ein positiv andre halvdel av sesongen kan bety mykje for det som skal skje seinare.

Det er lettare, både for spelarane og dei som støttar klubben frå tribuneplass, dersom laget har levert noko som liknar på klubben sine målsetjingar.

Ein åttandeplass i 2.-divisjon er uansett ikkje godt nok.