48,35. Det er ikkje verdsrekord. Det er heller ikkje norsk rekord. 48,35 var likevel verdas beste tid. Då alt skulle avgjerast.

Karsten Warholm har imponert i mange år, men i år har alt lukkast for 21-åringen. Det var eit perfekt NM på heimebane i Ulsteinhallen, han har tangert verdsrekorden på 300 meter hekk, vunne to Diamnond League-stemne og sikra seg norske rekordar på både 400 meter og 400 meter hekk. I tillegg vart det både gull og sølv under U23-EM i juli.

Etter ei kraftprøve av dei sjeldne i Bydgoszcz, i tillegg til ein tidleg formtopp til Bislett Games, var det naturleg å vere noko usikker på kor godt Karsten Warholm kunne prestere under VM i London. Å halde på forma over ei så lang periode er svært vanskeleg, og det er ikkje tvil om at fleire av dei han slo på Bislett var langt frå toppforma då. Dei hadde sikta seg inn på London.

Men Karsten Warholm ser ut til å klare kva enn han prøvar på. Han imponerte stort i debutsesongen sin på seniornivå, med EM-finale og sterke prestasjonar i OL. Det han har gjort denne sesongen er ikkje imponerande. Det er på eit nivå det er nærast uråd å skildre.

21-åringen frå Ulsteinvik er ikkje berre best i kommunen. Han er ikkje best i fylket, eller landet. Karsten Warholm er best. I verda.

Kanskje var vêrforholda perfekte. Kanskje var det ein fordel at ein formsvak Kyron McMasters, med årsbeste i verda, ikkje var med til finalen.

Kanskje var det ein fordel at det var ein dags pause mellom semifinalen og finalen.

Eller kanskje det ikkje betydde noko som helst. For denne dagen var Karsten Warholm sin dag. Det var Norge sin dag. Ulstein kommune sin dag. Dimna IL sin dag.

Han er ikkje åleine. Det var Karsten som måtte gjere jobben, men på vegen fram til den utrulege prestasjonen som gav VM-gull er det mange som har lagt ned mykje arbeid. Det er mange som har god grunn til å vere svært stolte. Over Karsten og over seg sjølve. Foreldre, familie, trenarar, lagkameratar, vener og andre.

Frå han tok sine første usikre steg på tartandekket. Via det som teikna til å vere ei lysande framtid som mangekjempar, til det som no er ein utøvar i den ypparste verdseliten.

Og VM-gullet er berre starten. Karsten Warholm er berre 21 år. Han har heile friidrettskarrieren framom seg. Utfordringane blir mange, og no vil også forventningane vere enorme, men Karsten har allereie levert varene. Det kjem han til å gjere igjen.

Vi har nok aldri opplevd noko liknande, men eg kjenner meg heilt sikker på at Karsten har meir på lager.

Gratulerer med gullet! Gratulerer med dagen!