Alle har på eit eller anna tidspunkt i livet sitt streba etter noko. På både godt og vondt. Etter dagens normer må ein sjå bra ut i ein kvar situasjon, sett på spissen - til og med når ein søv. Ein skal helst ha den beste jobben, den største bankkontoen og den finaste kroppen.

Ordet strebe kan gjerne assosierast med å prøve å oppnå noko. Noko å strekke seg etter som ein ambisjon. Ein høyrer mykje om at dei fleste prøver å strekke seg etter ein «bra» jobb. Men kva er ein bra jobb? Eg tenker heller at fokuset burde ha vore på kva ein trivst mest med. Ikkje kva bilete ein lastar opp på profilen sin på instagram, som er redigert og fiksa med i ein time - men fortsatt ikkje fornøgd. Fleire og fleire blir misfornøgde med store ting ein har oppnådd, nettopp fordi ein får høyre at det ikkje er bra nok. Det er ikkje slik det skal vere! Ein må helst prøve å finne ein balanse mellom det å trivast, men likevel forsøke å oppnå noko. Dette kan for fleire gjerne vere ein meistringsfølelse.

Vi har alle forskjellige mål i livet, store som små. Og alle er heilt ulike, fordi vi er nettopp det. Heilt ulike! Det skal då vere nettopp opptil den enkelte kva ein trivst med. Ikkje kva ein lærar, ein forelder eller ein bestevenn meiner. Ein må kunne stole nok på seg sjølv til å klare å stå for at “det eg nettopp gjorde, ja det var bra.” Det kan ofte vere lettare sagt enn gjort. Ein god ting er at vi må vere mindre kritiske til andre rundt oss, og heller prøve å drage dei opp enn ned. Kanskje dei gjer noko du ikkje er heilt enig i, men likevel noko fint?

Prøv å nyt dagane som kjem, og ikkje vent på morgondagen. Det er eit utsegn som seier «Alle desse dagane som kom og gjekk, ikkje visste eg at dette var sjølve livet». Det er temmeleg sant. Fleire tenker «yes, kun ei veke igjen på skule og eg er ferdig med vidaregåande» - mens neste tanke plutseleg er at ein verkeleg saknar vennane sine ein gjekk med, og som ein kanskje ikkje møter igjen. Det er ein kjedeleg tanke å sitte igjen med, og den traff meg. Likevel så trillar livet vidare, og ein må prøve å ta fatt på ein ny dag som den siste. Men det er noko i det også. Prøve å jobbe med seg sjølv? Sjå nye løysingar, i staden for problem? Sjølv om det kanskje er umogleg på det tidspunktet har eg trua. Sjølv kor lett det er for meg å seie.

Etter eit år i fyrstegongstenesta har eg sjølv kjent på fleire forskjellige kjensler. Ein lærer ikkje berre å bli kjend med seg sjølv - slik som ein høyrer mykje om frå andre som tidlegare har vore vernepliktige. Ein lærer også frykteleg mykje om andre typer menneske - både på godt og vondt. Og ein lærer dessutan at ting tar tid - samtidig som at med tid blir ting bedre. Kanskje ein ikkje klarer å innsjå det der og då - men som ein seier: i enden av tunellen er der alltid lys. Ein kan fort tenke at ein sjølv er feilen - eller den motsatte part - men det er før ein innser at vi alle er forskjellige. For det er lov å vere ueinige, og det er sunt å ha diskusjonar. Det kan vere ein god nøkkel til å løyse konfliktar som har skurra over tid, som ein kanskje ikkje er heilt klar over. For nokre månader sidan hadde laget mitt ein time som kan bli kalla “oppvasktimen”. Der fekk vi snakka ut om både gode og dårlege sider ved kvar enkelt, slik at det kan bli eit forbetringspotensiale. Ein kan ofte irritere seg over småting, som den motsette part ikkje tenker over, og som ikkje ein gong tar eit sekund å fikse.

Det får meg til å tenke på ordtaket: “Det er ikkje korleis du har det, men korleis du tar det”.

Ein opplever stadig noko nytt i livet. Om det er negativt eller positivt, kan du bestemme heilt sjølv. Då eg var yngre fekk eg ofte høyre av mamma at eg ikkje måtte bruke energi på negativ energi, og det er noko eg ofte tenker på. Sjølv om det var vanskelig å tenke den eine fredagen eg endeleg hadde tidleg permisjon frå forsvaret og skulle heim til Ulsteinvik. Etter mykje rot med flybillettar hamna eg til slutt i Sogndal åtte timar etter at eg «i teorien» skulle vere heime i huset mitt. Endeleg heime etter 12 timar kan eg meddele at den energien var ikkje mindre negativ. For det er eit poeng eg prøvar å få fram. Ein skal ikkje smile og vere glad heile tida, sjølv om eg kunne tenkt at «ai, i Sogndal har eg ikkje vore - fint med fire timar busstur!» Ein har også dårlege dagar, men dei skal pinadø ikkje få øydelegge fine dagar heller!

Om forfattaren:

Katrine Mæhlum Pilskog er 20 år, «Ung MOT-leiar» i Ulstein – Lokalsamfunn med MOT og avtener for tida verneplikt som vaktgardist.