Den som reiser rundt på Sicilia, i Campania eller i Puglia i det sørlige Italia, er aldri langt unna eit normannisk byggverk. Det kan vere ei kirke i Cefalu eller i Mazara del Vallo, eit palass i Palermo, ein katedral i Tropea, eller ei festning i Bari. Desse bygningane vart bygde så langt tilbake som på 1100-talet, men står fortsatt som solide prov på arkitektur frå ei anna tid. Men kven var normannarane?

I historiebøkene blir Normannarane omtala som eit krigarfolk frå nord, men som samtidig evna å skape både lov og orden, som utvikla opphavet til det engelske språket, og som laga storslagen og særprega arkitektur. Arkitekturen dei bygde i Middelhavsområdet, dit dei kom på byrjinga av 1000-talet for å dyrke sin helgen, er også svært inspirert av den forutgåande arabiske arkitekturen. Normannarane i sør blei starten på ei aristokratisk slekt og ei glamorøs kongerekke som varer heilt til den italienske samlinga i 1860. Vi byrjar vår vesle historie i den andre enden.

Giuseppe Garibaldi går i land i Marsala heilt vest på Sicilia 11. mai 1860 for å starte samlinga av Italia. Samlinga, eller «risorgimento» som den heiter på italiensk, oppsto først som ein idè tidlig på 1800-talet etter Napoleons erobring og omorganisering av deler av det italienske kontinentet. I det sørlige Italia møter Garibaldi motstand. I romanen og filmen «Leoparden» av Lampedusa kan vi sjå ein representant for denne motstanden i Don Fabrizio, fyrste av Salina under «Kongedømet dei to Sicilier». Kongedømet hadde dette navnet fordi Bourbognekongen Ferdinand IV av Napoli samla dei to kongedøma Napoli og Sicilia til eit rike etter Napoleonskrigane. Ferdinands kongerike blei imidlertid bygd på tuftene av eit langt eldre monarki, Kongedømet Sicilia etablert av Kong Roger den andre i 1130. Hans far Kong Roger den første fikk hjelp av Robert Guiscard, erobra området og etablerte eit grevskap på Sicilia under det normanniske huset Hauteville i 1071. Don Fabrizio er dermed eit endepunkt for den aristokratiske slekta Normannarane er opphavet til.

Bourbognhuset som motarbeider Garibaldis og den italienske statsmannen Lord Cavours «Risorgimento» tilhøyrer ein annan og meir føydal utviklingsfløy enn den kjende renessansen frå det nordlige og sentrale Italia. Renessansen, på italiensk Rinascimento gjenoppliving, starter når ei gruppe intellektuelle vender seg tilbake til filosofiske, litterære og politiske skriv frå Romertida over 1000 år tidligare, og freista å gjenopprette sentrale aspekt ved den imperiale arven frå det gamle Romerriket. Dei sentrale tenkarane som skriv om og arbeider for denne gjenopplivinga av det romerske ideal, folk som Machiavelli, Ficini, Petrarca, og noko seinere Galileo, var alle frå det nordlege og sentrale Italia. Kongeriket i Sør er ikkje verdsatt som ein viktig del av renessansen og opplysningstida. Men dei fekk eksistere i fred helt til Garibaldi gjekk i land på Sicilia i 1860. Dette sydlege kongeriket var altså danna av en normannisk slekt som igjen var tufta på tidlige skandinaviske vikingar. Kvar kom dei frå?

Tidlig på 900 talet seglar ei flåte skandinaviske skip opp elva Seine. Flåten er leia av Rollo, Hrolfr, kanskje meir kjent som Gange-Rolv. Dei får tillating av Karl den einfaldige som er konge i området til å slå seg ned, og kongen gir Gange-Rolv byen Rouen og eit område som strekker seg heilt vest til Brittany. Jaktforholda i området er gode, elvene har mykje fisk og markane er grøderike. Gjennom åra etableres det relasjonar mellom dei ulike kongeslektene ved inngifte til kongehus som Angevin, Anjou og Hauteville, og normannarane styrkar sin posisjon gjennom dette. Normannarane erobrar England i 1066, men etablerer allereie i 1030 under Tancred de Hauteville ein sterk hær som gradvis erobrar deler av Sør-Italia. Normannarane hadde reist til Monte Gargano (fortsatt ein pilgrimsby i dag) på tidlig 1000 tall for å tilbe erkeengelen Mikael, og det grøderike Puglia blir fristande for Normannarane. Seinare tar dei også Sicilia. Dette er altså starten på ei kongeslekt som Don Fabrizio på eit vis er eit resultat av. Og spora finnes fortsatt.

Normannarane tok Taranto i 1063, Lecce i 1069, Brindisi i 1070, Bari i 1071. Omtrent samtidig tok dei Cefalu på Sicilia i 1063, Palermo i 1072 og Mazara del Vallo heilt vest på Sicilia same år.

På vår togtur gjennom rurale Puglia stopper vi eit lite augeblikk ved Francavilla som Normannarane tok rundt 1070. I Bari tek vi bilete av den imponerande normanniske festninga som var ferdig i 1132. I badebyen Cefalu på Sicilia finnes i følge historikaren John Julius Norwich ein av dei mest imponerande katedralane Normannarane bygde. Den sto ferdig i 1131, og står den dag i dag ruvande og stolt omkransa av pizzarestaurantar og små kaffebarar. I Gallipolli i Puglia måtte vi runde det store slottet med det Normanniske tårnet kvar dag når vi gjekk til stranda. Sicilianarane er stolte av denne arven. I eit monter på det fine badehotellet i Scopello nord på Sicilia låg bøkene «Regno del Sud» og «Normanni del Sud», skrevet av engelskmannen Norwich, utstilt saman med Lampedusas bok «Leoparden».

Ifølge enkelte historikarar blir den italienske samlinga noko heilt anna enn ei frigjering. Det blir sagt at ikkje eingong hundre søringar ønskte samlinga velkomen. Det blei utkjempa kampar i fleire år, og opp til 120000 piemontesiske troppar trengtes for å halde ein viss kontroll på det som av enkelte kallas den norditalienske erobringa av det sørlge Kongedømet. Arbeidarar blei gjort om til slavar av nye rike landeigarar, og mange flykta. Seinare kom Mussolini og samla Italia strengt før det apokalyptiske endeliktet hans i Salo ved Gardasjøen i 1945.

Gjennom alle desse åra og slektene er Normannarane altså på eit vis fortsatt tilstades. Sjølv om dei strengt tatt var ei slekt som kom og forsvann i eit relativt kort tidsrom, satte dei i gong noko som fortsatt er levande. Og det starta altså med møringen Gange-Rolv.