Den litt eldre mannen som gjekk rett bak meg på veg ned flytrappa på Vigra trudde nok ikkje at eg høyrde han bak all larmen frå jetmotorane. Etter to veker på charterferie på Gran Canaria var vi heime igjen, og det til snø og minusgrader. Så spissa eg øyra nok til at eg høyrde mannen seie: «Han der kan ikkje vere heilt rett skrudd saman». Eg snudde meg og smilte lurt til han. Han såg ned i bakken då eg møtte blikket hans, litt flau som han var, men måtte trekkje litt på smilebandet likevel.

Når sant skal seiast så har eg vel eigentleg lurt litt på dette. Om eg faktisk er rett skrudd saman. Det feilar meg ikkje noko nemneverdig, vil eg påstå. Men, eg har det med å ikkje fryse, i samanhengar der andre gjerne kler seg i både to, tre og fire lag med klede for å prøve å halde på den vesle varmen kroppane deira ser ut til å produsere.

Eg for min del blir med rette kalla for «varmeomnen».

Jau då, eg har litt ekstra på kroppen, men ifølgje nyare forsking er det ikkje kor mykje spekk ein har på seg som eine og åleine avgjer kven som er frostpinnar og kven som ikkje er det. Det er nok ei meir samansett sak enn som så.

For om ein vel å høyre på ekspertane, til dømes Randi Eidsmo Reinertsen, som er professor i fysiologi ved NTNU og forskingssjef ved SINTEF, får ein høyre ei meir kompleks forteljing.

Reinertsen seier nemleg at varmetapet skjer gjennom overflata på kroppen, og påverkast av kroppsform og isolasjon. Men, det betyr likevel ikkje at tynnare personar automatisk frys meir. God blodsirkulasjon kan også føre til at ein klarer å halde varmen betre. Det gjer også fysisk aktive musklar. No har eg ikkje sjekka sirkulasjonen, men spesielt aktiv har eg ikkje vore flink nok til å vere i ein hektisk bladfyk-kvardag.

Kanskje eg ikkje skal melde meg inn i Aktiv heilt enno?

Mange her i landet er etterkomarar av dei barske vikingane, som i dei store sogene blir sett på som fryktlause og lite vare for kulde og dårleg vêr. Dei reiste jo trass alt tilbake til Norge etter å ha herja i og plyndra Tyrkia og andre av dagens «Syden-land». Fleire månader kunne dei bruke på heimturen. Og det tilbake til tidvis styrtregn, orkanvindar og låge temperaturar nesten året rundt, mot varme året rundt. Men så skal ein ikkje gløyme at det nok var nokre av desse som rusa seg på diverse godsaker og drakk litt vel mykje heimebrygg til tider.

Dette med å ta med seg raggsokkar på besøk til andre er ein ting eg har blitt veldig fascinert av. Eg har ein god kamerat som gjer nettopp dette. Han meiner så å seie alle han kjem til har det golvkaldt. Golvkaldt er heller ikkje eit uttrykk eg er spesielt kjent med. Eg er i det heile tatt totalt feil person å spørje om eg meiner det er kaldt i rommet eg oppheld meg i.

Kanskje har eg ein skrue laus? Kanskje er kroppstermometeret mitt ikkje heilt slik det burde vere. Men kva gjer vel det?

Jo, med meg blir det derimot til tider ikkje til å halde ut når det blir FOR varmt. Ikkje berre produserer eg enormt mykje kroppsvarme, men med 30–40 varmegrader på toppen av dette får eg problem.

Eg tenkjer at dette eigentleg går under kategorien I-landsproblem. Faktisk så kjenner eg ein som er fødd utan luktesans. Det trur eg er nokre hakk verre.