I juni i fjor skreiv eg kommentaren «Er det naturen som lokkar studentane til Sunnmøre?». Sjølv om naturen er fantastisk, kan den by på utfordringar. Eg har sjølv fått erfare at det er små marginar mellom suksess og fiasko.

Siste dag i påskeferien stod eg på toppen av Grønetinden, jublande glad for å ha nådd målet om å gå Hjørundfjorden rundt på ski. Ein fantastisk følelse! Etter fem dagar, 65 kilometer og 7300 høgdemeter var det berre siste nedkøyringa som stod att. Etter ei kort pause kombinert med utsyn utover mektige Molladalen, byrja vi å danse oss nedover fjellsida. Føret var bra og vi hadde no berre eit par hundre høgdemeter igjen.  Snøen endra seg, det vart isete og raskt føre. Så skjedde uhellet. Eit par rundkast med ski på beina, utan at bindingen løyste seg ut, og skada hadde skjedd. Utan mobildekning fekk vi ikkje tilkalla hjelp på staden, men adrenalinet tok Are med opp igjen til toppen.

Det er vanskeleg å tidfeste med kraftige smerter, men samstundes som solstrålane kjempa seg gjennom skyene, kom Are susande ned fjellsida. Han hadde etter gjentakande dekningsbrot fått kontakt med AMK-sentralen. Hjelpa skulle vere på plass innan fem minutt. Før vi rakk å starte nedteljinga kunne vi høyre Sea King helikopteret som baud opp til storm. Helsepersonellet kom raskt fram til meg, og på kort tid hadde dei gitt meg morfin, spjelka foten og løfta meg inn i helikopteret. Vips var eventyret i Hjørundfjorden historie.

Ulykka førte til vridingsbrot i begge leggbeina i venstre fot, eit brot i kneet og avrive korsband. For å kome meg på beina igjen har eg måtte gjennomført daglege maraton. Dei første vekene klarte eg ikkje å få på meg sokkar eller bukse, eg sveitta av å stå oppreist med krykker og trong hjelp til kvar minste ting. Etter åtte veker var eg til første time hos fysioterapeut. Der fekk eg klar beskjed om at låret kunne samanliknast med ei bolledeig, med maks bøy på 80 grader. Ikkje ein gong å sykle var mogleg.

Hinka og hoppa

I etterkant av besøket hos fysioterapeut har eg gjennomført hundrevis av opptreningstimar. Frå å hinke fram og tilbake i leilegheita, starta eg å hoppe rundt med krykker kvar morgon rundt Høddvoll stadion. Eg nekta å ta heis. Vart eg invitert på besøk i nærområdet brukte eg heller ein time på å kome meg fram og tilbake, enn å bli henta. Etter kvart klarte eg gradvis å avansere treninga med daglege turar rundt idrettsbana. Eg hinka meg stadig til butikken, til Ulsteinvik sentrum og vart etter kvart vand med mange nysgjerrige blikk.

Då eg meistra å køyre bil, tok eg turen til Sunnmørsbadet, og då krykkene vart lagt på hylla gjekk ettermiddagane til sykkelturar. Gjerne både til Flø, vidare til Brandal og tilbake til Ulsteinvik på ein og same ettermiddag. Etter ti veker hinka eg meg på fjelltur og etter tolv veker stirra eg meg på topptur til Saksa. Sjølv etter å unnagjort hundrevis av timar var foten framleis prega av lite musklar, og eg måtte starte med meir målretta trening av venstre fot. Mykje av hausten gjekk difor til tøff balanse- og styrketrening. Eg har starta så smått og jogge med stigning og vore fast besøkande i klatresiloen. Framleis er det stor skilnad på høgre og venstre fot.

Topptur, den nye folkesporten

At eit fall som var over på par sekund kunne føre til så store utfordringar etterpå var aldri i tankane mine. Noreg blir sett på som eit av verdas beste land for toppturar på ski. Interessa for sporten aukar år for år. Mange omtalar toppturar på ski, eller randonee, den nye folkesporten i Noreg. Takka vere mange og høge fjell, har vi lange nedkøyringar. Klimaet gir oss ein lang sesong. Ved kysten kan ein køyre nesten heilt ned til fjøresteinane, og seint i sesongen kan ein køyre i midnattssol i nord. Gjennom alt frå ekstremsportfilmar, videoklipp på YouTube, bøker, magasin og nyheitssaker vert vi stadig eksponert for ekstreme naturopplevingar. Årleg blir nye toppturfestivalar etablert og fleire startar å tilby guida toppturar. Ikkje minst i sosiale medium kokar det over av blinkskot i alle tenkelege positurar frå meir eller mindre ekstreme aktivitetar. Det er fullt forståeleg. For toppturar byr på ein unik kombinasjon av opplevingar. Det er ikkje mange aktivitetar som legg til rette for å nyte fantastisk natur og ekstreme opplevingar med fart og spenning.

Er alle klar over konsekvensane? Snøskred er noko alle er merksam på, og vert minna på heile tida. At enkle uhell også kan medføre store konsekvensar er lite omtala. Tidlegare i haust skreiv eg ein lengre artikkel med tittelen «Hjørundfjorden rundt og helikopter ut» til friluftsmagasinet Fri Flyt. Ifølgje redaktøren var dette første gang magasinet hadde ei historie med den vinklinga på trykk. Ettersom stadig fleire nordmenn hiv seg på toppturbølga trur eg det er viktig at fleire slike historier kjem fram. På denne måten får ein sett lys på kor lite som skal til for at det oppstår ulykker og konsekvensane. I dag er det meir enn sju månadar sidan ulykka. Draumen er å gå Hjørundfjorden rundt igjen, men vegen dit er framleis lang. Eg har framleis mykje opptrening att, minst like mykje psykisk som fysisk. På tunge dagar og søvnlause netter slår etterpåklokskapen og lærdomen inn. Kvifor droppa eg ikkje siste turen? Kvifor justerte eg ikkje vekta på bindingen?

Eg er vaksen opp på Sunnmøre med fjord og fjellutsikt frå soverommet. Naturen var ein naturleg leikeplass. Mange har, som meg, ein indre driv om å stadig utfordre seg sjølv og tøye grenser. Eg har verkeleg fått erfart at det er små marginar mellom suksess og fiasko. Det er lett å bli for ambisiøs. Det kan vere lurt å gjere ei ekstra vurdering, kjenner etter og iblant ikkje gjere noko. Kanskje er det av og til er lurt å ta livet litt med ro, kutte dei siste fem prosentane. For det kjem fleire dagar.

Veronica Kvalen Pilskog,

Rådgjevar ved Høgskulen i Volda.