I grunnen burde eg vere jublande glad, eg i min alder, som er så gamal at eg skreiv på skrivemaskin med blåpapir for å få kopi. Men er eg glad? Nei. Tenk – eg har fått min eigen minister. Kva i all verda skal eg med ein minister? Eg treng ein handverkar.

Eg vil ikkje vere med på at eg høyrer til ei stakkarsleg gruppe som treng særbehandling. Rett nok er her dei som ikkje har det så bra, men dei fins i alle aldersgrupper.

Det hjelper ikkje med store visjonar for dei eldre om ikkje kommunane får overført midlar til å gjennomføre forbetringar. Då tenkjer eg spesielt på fleire fast tilsette i heil stilling i heimesjukepleien og på aldersheimar med ei løn som gjer yrket attraktivt. Eldreministeren si første oppgåve kunne såleis vere å leggje tilrette for at fleire utdanna seg i den lei, men det høyrer kanskje ikkje inn under hennar departement.

Eller skal ho hjelpe oss «eldre» inn i ein ny tidsalder. Innan pleie-og omsorg har det kome eit nytt omgrep; Velferdsteknologi med dippe-duttar for det meste. Berre spør Margot frå Ålesund.

Dei eldre, vert det snakka om. Kven er dei. Rett nok er det staten som løner oss. Trygda kjem kvar månad. Same dato – same beløp. Så får eg honnørrabatt, reiser for halv pris både her og der – ei sjel og ei skjorte. Men kva med barnefamiliane, dei hadde trengt rabatt. Skal ei mor med to barn til Ålesund kostar det ei formue, sjølv med familierabatt.

Vi hadde heller trengt å ha ein barne- og ungdomsminister. No er denne gruppa spreidde utover. Vi har barn som lid, som lever under fattigdomsgrensa, som blir misbrukte og utsette for omsorgsvikt. Vi har ungdom som slit med psykiske problem, som sluttar i skulen, som tek seg ei yrkesutdanning men ikkje får lærlingplass fordi verksemdene nyttar seg av billegare arbeidskraft og ikkje har bruk for norske ungdomar. Det er denne gruppa som skal halde ved like landet framover. Det er dei som treng ekstra ressursar.

Eldreminister Åse Michalsen har snakka varmt for dei eldre. Dei fortener ein god alderdom, dei som har bygd landet, meiner ho. Eg vil berre nemne det; Eg har ikkje bygd landet. Eg høyrer til dessertgenerasjonen. Eg nyt altså godene av førre generasjon.

Jens Evensen bygde landet. Som havrettsminister sikra han norsk eigedomsrett til oljerikdomane på kontinentalsokkelen med ei 200 mils økonomisk sone. I desse tider då det er snakk om å satse på havet, skulle ein tru det var meir behov for ein havminister enn ein eldreminister.

Men om det skulle dukke opp ein ny minister no når Krf lukter på regjeringsamarbeid, ville det ikkje forundre meg om det i desse Metoo-tider kjem ein kvinneminister.

Uansett. Eg held på barne- og ungdomsminister.