Eg har ein lang tittel som eg ofte må uttale eit par gongar når eg blir spurt. Klinisk ernæringsfysiolog. Eg må av og til konsentrere meg før eg skal skrive det for å passe på at alle bokstavane har hamna der dei skal.

Kort sagt har eg ei mastergrad i klinisk ernæring og har ekspertise på forholdet mellom det du et og korleis kroppen har det etterpå. Slik, no veit du det.

I mitt nærvær har eg opplevd at folk unnskylder den manglande grovheita på brødskivene sine eller fortel at dei til vanleg nyttar meir havregryn i vaffelrøra. Litt som mange klagar over etterveksten eller slitte tuppar i påsyn av ein frisør. Tidleg i leiken var det mange som gjerne ville ha kosthaldsråd medan vi åt kaker i selskap. Eller kommenterte kor langt dei hadde gått tur tidlegare på dag i det dei forsynte seg med eit ekstra kakestykke. Eg lurte ofte på om eg skulle ta dei heilt bokstavleg å kome med ei utgreiing om mengda sukker og metta feitt i brownies og gi ein leksjon i kor mange gongar du må gå opp og ned Mørdarbakken før du har fortært den. Men omsynsfull som eg er, så let eg alltid vere. Eg tok meg heller enda eit kakestykke sjølv.

I løpet av dei fyrste åra på ernæringsstudiet var det ei studievenninne som uttalte at det kjentes til overflødig ut å skulle gå fem år på skule for å fortelje folk det vi lærte i heimkunnskap på barneskulen: Spis mykje av det grøne på kostsirkelen og spar det raude til laurdag. Grovt, grønt, magert og reint. Regelmessige, små måltid og vatn som tørstedrikk. Ver så god – her har du mastergrada di.

Ja, for så enkelt er det, faktisk. Og likevel så vanskeleg.

Min kjære morfar brukte vi å flire litt av då vi var små fordi han åt sju gongar om dagen. Mulig det var fem, men vi likar å overdrive litt, i mi familie. Men faktum var at han åt ofte og lite. Han sov middag kvar dag. Ikkje lenge, men nok til at han fekk ei kvild. Han hadde alltid noko søtt til kaffien. Han gjorde mykje fysisk arbeid i heile sitt liv. Det var ein gong han hadde ein kraftig luftvegsinfeksjon og måtte ligge ein heil dag. Fullstendig bortkasta, meinte han. Han røykte aldri. Rykta ville ha det til at han hadde prøvd ein sigar ein gong, men han meistra korkje stilen eller teknikken. Kvar jul kjøpte han ei kasse med 24 småflasker øl. Den kassa panta han neste jul. Han fekk av og til servert ein dyr Cognac på julaftan og den vatna han konsekvent ut med den brusa som sto nærast. Gjerne Solo. Ingen kunne anklage han for å vere ein snobb, med andre ord. Når vi spurte han kva han vog så refererte han til sine vitale mål då han var i Kongens garde. Han var fødd i 1916 og døde i sitt nittifemte år.

Han var måtehalden. I kropp og til sinns. Han levde oppskrifta på eit balansert liv og det utan å ha lest eit einaste ernæringsrelatert blogginnlegg. Han kompliserte ikkje det openbare. Han lytta til kroppen. Han brukte sansane sine som rettesnor. I dag er det vanskeleg å forstå korleis ein kan utøve ein slik livsstil utan å vere lærd i faget.

Min påstand er at dersom fleire av oss levde som min morfar, så hadde vi hatt nokre utfordringar mindre. Og nei, eg snakkar ikkje om overvekt og fedme. Eg snakkar om forholdet vårt til kroppen vår. Til helse. Til livet. Til det å akseptere at vi er bra nok.

Ei av dei største utfordringane vi møter som klinisk ernæringsfysiologar er den enorme mengda med kosthaldsinformasjon som finns rundt oss. Kva skal folk tru på? I går åt eg ei jordbær og i dag er ho kreftframkallande. Brødet eg elskar er ikkje lenger sunt. Eg må bestille spesialgryn frå Guatemala som må leggast i blaut i vatn frå ein bekk som har sitt utspring i ein innsjø ved foten av eit fjell i Andorra. Då, fyrst då, kan eg bake eit tilfredsstillande brød som vil gjere familien mi kjernesunn og samvitet plettfritt.

Eg blir sveitt berre eg tenkjer på det. For det er jo ikkje slik. Trendar kjem og går, men dei tørre og kjedelege helsemyndigheitene har i all hovudsak sagt det same i alle dei år. Spis grønt, spis grovt og magert. Spar snopet til laurdag. Beveg deg litt meir enn du ligg på sofaen. Sørg for å få fornuftig mengde søvn. Stress litt mindre og det gå deg vel.

Slik eg ser det så er det mange med gode intensjonar som bidreg til det motsette av si hensikt. Det blir skapt eit bilete av at det normale ikkje lenger er gjeldande. At det du kunne frå før er utdatert. At kunnskapsbaserte råd kan avfeiast med enkeltindivid sine erfaringar. At vi skal sitte igjen og føle at det som er bra nok ikkje lenger er godt nok.

Den kjensla er ikkje helsefremjande. God helg!