Korleis skal staten ivareta liva våre? Kor sterkt skal dei gripe inn? Og kva skal ein krevje av kvar enkelt, kor sjølvdrivne skal vi vere?

I den berømte innsettingstalen «Two concepts of liberty» til universitetet i Oxford i 1958, definerte den russisk-britiske politiske teoretikaren Isaiah Berlin det liberale samfunnet som beståande av negativ og positiv fridom. Negativ fridom er fridom frå noko, fridom frå innblanding frå politiske og statlige autoriteter, som til eksempel retten til å leve, ha ytringsfridom, religionsfridom, fridom frå vald, frå slaveri og eigedomsrett. Positive rettigheter, eller positiv fridom, betyr fridom til noko. Din positive rettigheit medfører såleis ei positiv plikt av andre, altså ei plikt til å tilby noko eller handle på ein bestemt måte. Min positive rettigheit medfører at du må respektere den ved å etterkomme den. Eksemplar på positive rettigheiter er retten til «gratis» skule, «gratis» helsevesen, jobb og minstelønn.

Det liberale samfunnet må balansere negativ og positiv fridom. I dei skandinaviske landa er graden av negativ og positiv fridom ganske høg. Den negative fridomen består i at vi har stor grad av fridom til å leve våre liv, og den positive i at vi har ein sterk stat og eit sterkt velferdssystem som hjelp oss når vi treng det. Noko av den negative fridomen forsvinn ved ganske tung skattlegging, men høgt lønnsnivå og ein sterk grad av positiv fridom gjer at vi likevel kjem veldig høgt på alle målingar, også dei som gjeld lukke. Vi har ein bemerkelsesverdig god balanse mellom plikter og rettigheter. USA er til eksempel meir definert av negativ fridom og manglar fleire av velferdsgoda, men held likevel sine liberale ideal høgt. I USA kan du bli styrtrik, men også lutfattig. Både skattlegginga og grada av velferd er ganske lav. Mangelen på eit skikkelig sikkerhetsnett fører til at den liberale fridom blir redusert i betydelig grad, spesielt for arbeidarklassa og folk som bor og veks opp i sosialt utsette strok.

Totalitære samfunn har ingen liberal fridom også fordi det ikkje finnast ein stat som kan beskytte rettigheitene. Diktatur drives ofte etter stammemessige eller føydale (kongelige) prinsipp, og resten av menneska blir undersåtter utan reell fridom. Eksemplar på dette er fleire av landa på det Afrikanske kontinent, delar av Sør- og Latin Amerika og også Sentral-Asia. Samtidig finnes det også politiske retningar innanfor den vestlige tradisjon som enten kludrar til eller forkastar balansen mellom negativ og positiv fridom. I enkelte politiske program knytes individets sikkerhet og fridom til eit tett kopla politisk program som reduserer negativ fridom (fridom frå) og aukar positiv fridom (rettigheter til), men det fører i lengda også til at individets sikkerhet knytes tett til rettighetene. Dette gir mindre sjølvstendighet og sterkare grad av ‘kravmentalitet’.

Positiv fridom er kostbart, og høg grad av innvandring fører også til økt belastning på velferdsstaten i og med at integrasjonsprogram, sosiale rettigheter, kulturell tilpassing tilkjem. Kostnadane dette fører med seg blir ofte tilbakebetalt ved at jobbar den «etniske» befolkninga ikkje lenger vil ha blir gjort av innvandrarar. Problemstillinga er midlertidig enda meir komplisert enn som så i og med at innvandring fører med seg multikultur noko som påverkar fridomane på ein bestemt måte. Det moderne samfunnet prega av globalisering, kulturell migrasjon, men også konfliktar og straumar av flyktningar, gir ein komplisert cocktail av politiske utfordringar. Eit eksempel er når framandkulturelle innvandrarar og flyktningar kjem til land som høyrer til ei anna kulturell sfære. Ofte treng desse minoritetane at deira spesielle rettar blir teken i vare, slik at dei finn trivsel, og blir sterke og sjølvstendige både sosialt, psykologisk og økonomisk. Dette vil påverke både utdanningsmessige og andre sosiale forhold. Utdanning må tilpassast, spesielle sosiale rettigheter må sikras. Dette kan bli kostbart. Summen av fridom til (rettigheiter) kan føre til at fridom frå blir redusert. Skattetrykket kan gå opp, sosial og kulturell fridom reduserast for å tekkes den nye multikulturelle utfordringa.

Når summen av rettigheiter aukar, vil koplinga mellom stat og den einskilde bli tettare. Dei ressurssterke vil måtte gi meir, for at dei trengande skal få meir. I ein situasjon der staten er garantist for dei stadig aukande rettigheitene, vil summen av fordelinga bli så høg at nokon må lide. Staten må ha stadig fleire inntekter, og i økonomisk tunge tider må dei kutte. Dei aukte kostnadane og etter kvart kutta kan gi ein kamp mellom etnisk underklasse og den nye arbeidarklassa.

I USA er kampen mellom svart arbeidarklasse og kvit arbeidarklasse og middelklasse også forårsaka av mangel på mange av rettigheitene vi ser i skandinaviske land, og den multikulturelle feiden kan kome tidligare i land med lågare grad av positiv fridom. Til eksempel valde amerikanarane ein president som i sum er ganske upopulær grunna slike utfordringar. Diskusjonar om kjønn og rase (etnisitet) blir trekt fram, på den eine sida for å beskytte tradisjonell etnisk befolkning, på den andre side for å framheve rettigheitene samfunnet må gi til dei nye minoritetane. Sjølv om borgerrettigheitskampane historisk har vore svært viktige og rette, har den intellektuelle delen av rasekampen røter tilbake i den tyske romantikken, og er såleis korkje liberal eller demokratisk. Også nasjonaletniske grupper flørtar med romantiske ideal gjennom si tunge vektlegging på positiv fridom for eit etnisk mindretal, og nasjonal assimilering av minoritetar. Land som etterstrevar etnisk konsolidering for å oppnå etnisk dominans er ofte verken liberale eller demokratiske.

Når graden av positiv fridom aukar, går kostnadene opp. Om utgiftene blir høgare enn inntektene, blir det kamp om midla. Dette rammer ofte dei mest utsette. Ein slik politikk kan som ein konsekvens vere ein trussel mot det liberale demokrati og mot politisk stabilitet.