Du las det her først. Den nye typen jobbannonser som skal luke ut dei fintfølande personane som finst i mellom oss og sette dei i viktige jobbar. Dei med eigenskapar som innlevingsevne, god sjølvinnsikt, kreativitet og evne til å tenke nytt. Med andre ord: dei sensitive.

Eit stempel som, spår eg rett, snart alle vil kjempe for å få på seg. Amerikanske forskarar har funne fram til dette karaktertrekket, som har vore så viktig for at menneskeheita skal overleve. Vi hadde ikkje eksistert om ikkje nokon lytta og las teikna rundt oss, merka seg endringa i vindretninga og vibrasjonen i marka, for så å varsle dei hardbalne med treklubbene om å kaste seg over flokken av villhestar som kom stormande forbi steinhola. Dei sensitive er innehavarar av lenge underkjende eigenskapar, i ei tid då det viktigaste er å gjere seg bra på TV. No kallar forskarane desse menneska for HSP. Highly Sensitive Person. Og, eg er lei meg folkens, men berre 15-20 prosent av oss er kalla til å bere den merkelappen.

For dei som trur eg tullar, kan eg fortelje at eg har finlest ei tjukk og til tider vitskapleg bok, av den amerikanske forskaren  dr. Elaine N. Aron: «Særlig sensitiv». Og i ein periode etterpå hadde eg det annsamt med å plassere folk rundt meg innanfor og utanfor sensitivitets-båsen. Og tru meg, dei veninnene, som eg forsiktig forklarte at eg kanskje ikkje rekna som HSP-arar, gjekk straks i gang med å kjenne etter om dei ikkje hadde ei eller anna høgspent side ved seg. Dei også ville ha ei ekstra antenne, som gjer deg intuitiv, med ein sterk rettferdssans og eit rikt indre liv, slik «Foreningen for høysensitive» skildrar karaktertrekket.

Ja, det finst verkeleg ei slik foreining. Sjølv om ordet høgsensitiv kan skape litt forvirring.

Eg sat på eit fly frå Oslo for litt sidan og merka meg boka «Sensitiv og sterk» i fanget til passasjeren ved sida meg. Dette er ein av to bøker om sensitivitet som dukka opp på den norske bokmarknaden før jul i fjor. Og den einaste som er skrive av ein norsk forfattar, Lian Kirksæther, i samarbeid med  Ihrén Ambrahamson. I 2014 har boka blitt ein bestseljar.

Eg var sensitiv nok til ikkje å plage medpassasjeren min med desse refleksjonane. Men ho på den andre sida tenkte ikkje det same. Så der sat eg, ytst ute ved midtgangen i passe avstand til nærmaste naudutgang og kunne ikkje anna enn å høyre samtalen som gjekk føre seg mellom dei to ved sida av meg. Trass i at eg hadde godt synlege øyrepropper i begge øyra.

Etter litt småprat kom det fram at ho med boka hadde vore på kurs for høgsensitive i hovudstaden. Og ho nærmaste vindauget  lurte først på om dette var eit høgspentkurs for elektrikarar, for så å vere innom problemet følsomheit mot jordstråling og dei merkelege åtgjerdene folk kan finne på for å verne seg mot slikt, for til slutt å spørje, ikkje heilt sensitivt, om ho med boka var autist. Etter ein litt anstrengt latter, kom forklaringa. Den nyfrelste kursdeltakaren kunne fortelje at sensitive har eit nervesystem som er meir fintfølande og som gjer at hjernen mottar fleire inntrykk og bearbeidar desse djupare og meir nyansert enn dei som ikkje er HSP.

— Høgsensitive menneske er meir váre og meir merksame på ting som andre ikkje er like sensitive for, eller kanskje ikkje registrerer, la ho til.

Etter denne oppklaringa var eg omsynsfull nok til å ikkje lytte meir til samtalen ved sida av meg. Eller så var det boka eg las i, som var så gripande. Det var først då eg kom heim eg fekk fordjupe meg i problemstillinga. Då fann eg ut at sensitive er meir opne for opplevingar og kan ha djupe kjensler i møte med kunst, musikk, dyr, natur og samvær med andre. Dei har stor innlevingsevne og ofte god sjølvinnsikt, er kreative og skapande, har evne til å fordjupe seg og har ein fleksibel tankegang. Sensitive går ofte nye veger, tenkjer annleis enn dei fleste, er innovative og sjølvstendige. Dei er også gjerne nøyaktige, ansvarlege og arbeidsomme.

Ikkje rart at vi alle gjerne vil vere sensitive og supre.

Men det er ei bakside av medaljen. Sensitive personar er i høgare grad enn gjennomsnittet disponert for overstimulering og har lettare for å bli utmatta, overvelda og stressa. Dei er meir vare for lydar, luktar, lys og stemningar.

Alt dette er medfødde eigenskapar. Og historiene er mange i dei bøkene eg har bladd meg igjennom, om barn som har fått høyre at dei bør roe seg ned og ikkje ta slik på veg, og får ei kjensle av å vere annleis og meir sårbare.

Det slår meg at kanskje kan kjerna i ein del av mobbeproblematikken vere å finne her. Og at ulike karaktertrekk må møtast med lik respekt. Det er ingen som har fasit på kva som er dei rette kjenslene.

Nei, no går tankane mine heilt nye vegar. Det eg skulle, var å konsentrere meg om boka «Sensitiv og sterk». Kvar var det eg fann den fiktive jobbannonsen, no igjen? Skal me sjå… Var det denne skal tru?

«Du er energisk, kvikk i replikken  og elsker høyt tempo. Du kaster deg ut i nye utfordringer og bidrar til et energifylt miljø. Du brenner for salg og det å lede en gruppe. Du er alltid blid og tilgjengelig for kunden.»

Det var det ikkje. Dette var litt meir livat. Vi treng definitivt begge sortar menneske.