Fordelingspolitikken i Noreg har gitt den norske arbeidstakaren merkelappane konform og bedagelig. Den statlege oljeformuen styrkar forestillinga om at vi kviler på laurbæra.

I denne negative vinklinga manglar den omfattande nasjonsbygginga som tok til allereie på 1930-talet, og som vi er ein del av og ein forlengelse av. Vi har bygt eit demokratisk samfunn med sterk grad av likestilling, og med høg arbeidsdeltaking. Her er to små fortellingar frå denne historia.

Jens Ekornes kjøpte i 1934 ei fjørmaskin frå Tyskland, og starta saman med to venar produksjon av spiralfjører av metall til stoppmøbelbedrifter. På slutten av tjueåra var økonomien så dårleg at mange ungdomar utvandra til Amerika. Folk på gardane tok i bruk oljelamper då straumen blei for dyr. Tidleg på 30-talet var det økonomisk betring også grunna politisk semje om arbeidslinja under parola «heile folket i arbeid.» Ekornes blei oppretta seinare på året i 1934, og blei ein lokal leverandør av noke som oslobaserte bedrifter hadde vore einerådande på tidlegare.

Med tilgang på spiralfjører var det nærliggande å produsere madrasser. Den første madrassa blei laga til ei varemesse i Ålesund i 1935. I 1937 laga Jens Ekornes sin første divan, og to år seinare dei første Svane-madrassene. Han hadde reist rundt i Tyskland, England og Frankrike for å studere industriell møbelproduksjon.

Mens krigsåra blei harde for møbel- og konsumbransjen, fekk datateknologien ein real vind i segla gjennom krigsteknologi, samt det store prosjektet som blei kalla «Manhattan» i Alamo, USA.

Prosjektet som laga dei første atombombene blei paradigmatisk for seinare teknologiutvikling i det ein fann ut korleis ulike styringsprinsipp utført av mange yrkesgrupper, ingeniørar, kjemikarar, fysikarar, geologar m. fl. kunne settast saman. Teknologiske prosjekt av denne storleik var noko nytt, og blei startskotet for industrisystemet, ernært gjennom tunge statlege overføringar av økonomi og personell.

Den amerikanske presidenten Theodor Roosevelts «New Deal» og ideane til den britiske økonomen John Maynard Keynes, var sentrale utgangspunkt for den statlege investeringsviljen og hovudårsaka til framveksten av den tidlege velferdsstaten.

Etter krigen blei Forsvarets Forsk-ningsinstitutt (FFI) oppretta av folk som hadde jobba i heimefronten under krigen i Norge og dei som hadde sitt tilhald i England. Jens Christian Hauge blei forsvarsminister i 1945, og noke av det første han gjorde var å opprette FFI, som blei dominerande i moderniseringa av norsk forsking, av norsk teknologi og nyutforminga av alliansepolitikken.

Teknologioptimismen og oppbyggingsdisiplinen etter andre verdskrig kom også møbelindustrien til gode, og Ekornes hadde jamn vekst i etterkrigstida. Jens reiste til USA i 1946, og jobba på møbelfabrikkar eit halvt års tid. I 1956 kjøpte Ekornes ein fabrikk i Bodø, på 60-talet fleire fabrikkar på Vestlandet, og lanserte etter kvart sine produkt også i Tyskland.

Stresslessen kom i 1971. Jens gjekk av i 1974, og legendariske Jens Petter Ekornes tok over som sjef i 1978.

Ekornes hadde skaffa seg fabrikkar i Sverige og Tyskland og sleit med samhandlinga mellom desse. Jens Petter trakk seg i 1987, men den nye danske sjefen skapte ikkje lønsemd. Jens Petter si tilbakevending til sjefsstolen i 1990, og ein imponerande dugnadsinnstas frå både arbeidarar og leiarar, redda Ekornes frå konkurs. Her bidro også Statens Banksikringsfond. Ekornes standardiserte produksjonen, utvida marknadsapparatet og satsa på teknologi.

Dette ga sterk vekst, og det var stor optimisme og ny entusiasme då Ekornes 1. mai 1996 kjøpte møbelprodusenten Utgård Mestermøbler, der eg hadde jobba med visse opphald på 80-talet, og frå 1989 til 1996.

I Noreg har arbeidstakaren stått sterkt sidan den første hovudavtalen i 1935. Dei sterke rettane er eit resultat av trepartssamarbeidet LO, NAF (NHO) og Staten, som blei institusjonalisert etter krigen. Som ein kjerne i den nasjonale konsolideringa av demokratiet har vi noke enkelte kallar «den skandinaviske skulen for systemutvikling». Den har bakgrunn frå FFI, vidare gjennom industri- og teknologiarbeidet til Einar Thorsrud og «Nei til EU-mannen» Kristen Nygaard, som hadde jobba på FFI frå det blei oppretta, og som på 60-talet utvikla det første objektorienterte programmerings-språket SIMULA. Han var også sentral i utarbeidinga av dataavtalen som er eit tillegg til arbeidsmiljølova og gir tilsette rettar i samband med innføring av teknologi i bedrifta. Indu-strisystemet i Noreg har såleis gitt eit godt grunnlag for produksjon og arbeidsplassdemokrati.

Utgård gav meg innsikt i møbelhandverket, Ekornes korleis ei moderne industribedrift fungerer. Ordrebasert produksjon, strukturert distribusjon og ikkje minst det omfattande salgs- og marknadsarbeidet, samt teknologiens rolle i dette.

Denne industrielle erfaringa blei viktig då eg i 2001 flytta til Oslo for å studere IT på Høgskulen. I 2006 var eg ferdig med utdanninga og begynte å jobbe i ei lita bedrift som laga elektroniske journalar for helsesektoren. Vi blei i 2008 kjøpt av CSAM, som er ei bedrift med rundt 60 tilsette, og lagar informasjonsportalar til helsesektoren.

Ekornes er gode på handverk, men også til å bruke datamaskiner til distribusjon av produktportefølja, samt automatisering av dei interne prosessane. I sjukehussektoren skjer dette i overgangen frå manuell kirurgi, til kikeholkirurgi utført gjennom svære «robotar». I møbelindustrien gjer robotar meir og meir av produksjonsarbeidet.

Det finnes likskap mellom Ekornes familien og Kristen Nygaard, spesielt gjennom arbeidet  for distrikta og satsing på lokalsamfunn slik at kunnskap om produksjon blei på lokale hender. Alle tre mottok også St. Olavs Orden, Jens og Jens Petter som ridder klasse 1 i 1971 og 2005, mens Kristen Nygaard blei kommandør i 2000. Det er grunn til å vere stolt av å kunne jobbe i det historiske sporet desse karane trakka opp.

er frå Hjørungavåg, men er busett i Oslo der han arbeider som systemutviklar.