Ein gong like etter tusenårsskiftet kom ein tjommy kar til Ulsteinvik. Tron Øgrim.

Han heldt nokre foredrag på Ulstein Hotell, som den gongen låg på Varleite. Lokalavisa var invitert til ein av seansane.

Øgrim hadde med seg boka ”KVIKKSØLV! Åssen IT forandrer verden og livet ditt”.

Eg kjøpte denne ”Åssen IT forandrer verden”-boka, las henne – og begynte å vente på at Øgrim sine profetiar skulle gå i oppfylling.

Kva med åresalet?

Øgrim sin hovudtese var at IT-revolusjonen (data-utviklinga) kom til å endre verda ”forferdelig fort”. Spinnfort. På baksida av omslaget stilte han spørsmålet om kontantane og bankane ville forsvinne.

Eg meiner å hugse at eg spurde om han trudde at åresalet under basarane på Bigset bedehus kom til å skje utan kontantar om ti år.

Til det sa han ja – kan hende mest for å understreke kor fort utviklinga kom til å gå.

Vel, korta og betalingsterminalane glimrar framleis med sitt fråvær på Bigset bedehus no 14 år etter at boka kom ut. Men dei er i høgste grad tilstades mange andre plassar i samfunnet.

Ja, tidlegare i år kunngjorde Holmenkollen Restaurant i Oslo at dei ikkje lenger tok i mot kontantar.

Eg tek fram Tron Øgrim og boka hans fordi innleiingskapittelet har ein svært aktuell undertittel: ”Åssen blir Norge og verden i 2014?”

Vi som lever i 2014 burde nemleg vite det.

Datarevolusjon over tre ti-år

I boka si fordeler Øgrim den norske datarevolusjonen over tre ti-år: 1970-åra, 1980-åra og 1990-åra.

I 70-åra kom dei digre datamaskinene på ”samfunnets kommandohøyder”. Desse vart nytta til pengeoverføringar mellom bankar, samkøyring av elektrisitet og styring av prosessar i storindustrien.

I 80-åra kom PC-revolusjonen. I første halvdel fekk business og byråkrati PC-ar, så kom «hus & heim» i andre halvdel.

I 90-åra kom e-posten og trengde totalt gjennom på kort tid. Faks, bedriftsintern papirpost og papirbrev blir meir eller mindre  borte. I løpet av 90-åra fekk også mobiltelefonen sitt definitive gjennombrot – saman med bruken av internett.

Den tredje revolusjonen

– Alt blir forandra, meinte Øgrim. – På 2000-talet vil vi oppleve den mest omfattande og mest voldsomme sosiale revolusjonen i menneskehistoria; den tredje revolusjonen under kapitalismen.

Den første kom med dampmaskinen (ca 1800), den andre (ca 1900) med elektrisiteten og bensinen.

Den tredje revolusjonen er datarevolusjonen: ”Billig, robust, miniatyrisert datateknologi kommer til å være over alt: i lysbrytere, i kloakken, i mixmastere og nøtteknekkere, i skauen, på havbunnen, dypt i jorda og i 36.000 kms høyde”.

Og menneskeslekta vil tilpasse seg denne nye teknologien slik dei før hadde tilpassa seg telefoni, straum og bilisme.

Det er berre å bukke og neie når Øgrim skriv dette:

”Nettet (internett) blir den viktigste forma for kommunikasjon mellom mennesker og maskiner, og mellom maskiner innbyrdes. Den viktigste ADRESSA til intitusjoner, firmaer og individer blir ikke gateadressa i det fysiske rommet, men adressa i kyberrommet”.

D.v.s. krøll/alfa.

Øgrim varslar også at ”velferdsstaten”, slik vi kjenner han i dag, kjem til å ta slutt. Noko han forklarer med at talet på ”unyttige mennesker” (ut frå eit marknadssynspunkt) vil auke, medan dei sosiale fonda får mindre pengar. Konsekvensen blir at presset for å få lagt ned ”velferdsstaten” i dei rike landa vil auke.

Blir pengane borte?

Men tilbake til pengane: ”Så lenge du lager det meste sjøl og fx jager bjønn, spiser kjøttet, går kledd i skinnet og bruker tenna til smykker, er handel ikke noe stort problem”, skriv Øgrim.

Men når handelen blir stor og går over lange avstandar, er det greitt med eit fysisk verdimål; t.d. ein stein eller eit skjell.

Slik begynte det, og i dag er vi altså på nippen til å forlate desse fysiske kontantane. Spørsmålet er om dei blir heilt borte. I så fall må alle som sel lodd og årar på bedehusa og småsaker og lodd på dører og streter utstyre seg med ein betalingsterminal, som har tilgang til straum.

No veit eg ikkje sikkert, men eg har ei tru på at kor mykje av kvardagen vi enn lastar inn på data i denne vide verda, så må der alltid vere ei ”jording”, d.v.s. eit felt som er knytt fysisk til det jordiske, som er handfast og uavhengig av straum.

Slik at også dei fattige og marginaliserte både her til lands og ute i den vide verda skal kunne handle – og vi med dei.

Det vil derfor alltid finnast bøker og aviser som ikkje er avhengige av straum. Og der må også finnast pengar, som ikkje er det.

Fordi straum ikkje er umiddelbart til stades i verda.

Leiv Arne Grimstad er skribent, vandrar og korsongar.