Innimellom alle gjeremåla no i desember, står òg skriving av julehelsingar til slekt, gamle barndoms - og ungdomsvener, utflytta eller fråflytta naboar og andre som meir eller mindre tilfeldig er komne på ”lista”.

Kvart år skrumpar bunken av julehelsingar inn. Det vere seg av  lett forklarlege årsaker  som at ein er i ein alder der mange etter kvart fell frå, eller at ein tenkjer som så, at er det berre god jul og godt nyttår dei vil fortelje meg, så kan det radt vere det same – vi har ”vakse frå” kvarandre. Det kjem ikkje lenger nokre nye inn på lista, om dei var aldri så mykje verdt ei helsing frå oss. Vi er i kontakt med dei på andre måtar. Det slår meg at julehelsingane snart er antikvariske, bokstavleg talt, eller kanskje ein skulle seie anakronistiske- ein pust frå ei anna tid som kanskje ikkje lenger høyrer heime i den digitaliserte og pulserande verda vi er blitt ein del av. Eller?

Hyggjeleg

Eg må vedgå det, eg har alltid likt å skrive julehelsingar –  enn så travelt eg i periodar kan ha hatt det. Det handla mest om god planlegging; ein kunne nytte fristunder på ferjer, ein morgonstund på senga eller ein sein kveldstime med stearinlys og anna stemningsskapande. Det handla om å ta til tidleg nok. For julehelsingane er ikkje daterte, irriterande nok heller ikkje årstalfesta av somme – om ein skulle kome over noko gamalt med utydeleg stempel. Og i familien min har det vore ein tradisjon for julehelsingar. Far min starta tidleg med å lage eigne og til dels morosame julekort. Men eg hugsar at mor mi sette ned foten i 1963 - første jula i nytt hus. Da var det bilete av heile familien teikna på kjelke i bakken framfor huset med eldstesøstra mi som hadde falt av – ho hadde flytta heimanfrå. På teksten sto det: Vi trives i huset vårt, på bankens nåde. Først i dei seinare år har eg kome på kva det var som ikkje stemte for mor mi. Julehelsingar skal vere hyggjelege. For ho var det slett ikkje hyggjeleg at eldstemann var blitt vaksen nok til eige liv, men langt verre at ein snakka høgt i ei julehelsing om at det var tøff økonomi.

Standardisering

For meg har det vore slik at eg har likt best dei handskrivne julehelsingane, og kunne sjølv leggje mykje energi i dei. Og slik var det og for andre i slekta og næraste vener.  Men eit år skjøna eg kva mareritt det var for somme. Julafta, når roa skulle senke seg og steika gjorde seg sjølv, sette vi oss ned i julepynta stove med julehelsingar, varm sjokolade og vørterbrød med rull og geitost.  Ungane var rimeleg oppdregne og leid seg gjennom det eine brevet etter det andre, inntil vi eit år skjøna at det var seigpining. Vi reduserte seinare omfanget til berre dei aller næraste. Frå året etter skreiv eg elles aldri lenger enn kva som kunne få plass på eit Unicefkort; det kunne vere andre ungar som opplevde det same som mine. Det er eitt eg prøver  ikkje forlate; ei julehelsing er personleg om det ikkje er så stor variasjon i innhaldet. Og eg skulle verkeleg ønskje at vi var fleire om dette – sjølv om det er underhaldande med desse mangfaldiggjorte standardbreva og etter kvart ferdigtrykte familiekorta med trykt tekst og  ferdig underskrift. Eg kjenner på at eg vert ikkje nær nok dei eg får helsinga frå. Kva med å skrive litt ekstra? Men dette kan no vere meg då, andre tenkjer nok annleis om det.

Kulturhistorisk

Kulturhistorisk er julehelsingane eit interessant fenomen. I Europa starta det på midten av 1800-talet med at ein leverte frå seg eit ferdigtrykt kort. Så utvikla det seg. Her i Norge tok det av på 1880-talet. Dei første korta var i 1883 og to år etter måtte posten ta inn ekstra mannskap når jula nærma seg. Og julekorta er i seg sjølv verdt ein kulturhistorisk studie. Dette har nok mange oppdaga. Posten fann i 2007 i ei undersøking at om lag 2% av befolkninga samla på julekort. Og her er mykje interessant; alt frå nissar med whisky i forbodstida til julenissar med gule og blå nisseluer då raud nisselue vart forboden av herrefolket som hadde tatt landet vårt. Raude luer hadde blitt symbol på motstanden i folket. Ja, det vart nokså eminent då ein nisse med gul lue reid på ein gris.. Sjølv fekk eg ikkje med meg den tida, men hugsar godt korleis søstra mi og eg nærast flykta inn i eige fantasiverd av glansa, fargerike kort i ei tid då det meste var i svart kvitt. Å, som vi  som byjenter såg oss sjølv kome med kjelke til den julepynta garden med stabbur, kornnek og dompapar. Det var alltid noko som hadde med landet å gjere, eg kan iallfall ikkje hugse bymotiv. Og alle dei morosame nissekorta! Her hadde Kjell Aukrust si storheitstid. Vi var nok ikkje åleine barn som hadde desse gledene  Eg spår bestseljar til dei som gir ut bøker med gamle julekort, iallfall for alle over femti.

Ringen slutta?

Eg er overraska over at posten har sett så seint som 16. desember som siste frist for julehelsingane, og eg undrast kor stort ekstramannskap som vert teke inn i år. Er reduksjonen erkjent?  Talet på julehelsingar går ned, år for år. For kva har ein no å fortelje ettersom året i kvardagsliv og dramatikk etter kvart er presentert i fargar og tekst på Instagram, Facebook og andre sosiale medier. Vi skyper på tvers av hav og land,  og kan rimeleg og greitt følgje livet hos  dei vi er glade i- om dei er i Wien, USA eller Oslo. Som dei trykte korta for over 150 år sidan vart leverte direkte, er vi truleg same stad der vi rykande fersk på andre måtar direkte kan gje eit nært ønskje om ei god jul frå nypynta stover og strigla kjøken. I år vert det nok berre tante på 89, dagmamma 40 år tilbake i tid,  barndomsvenninner på Sørnesøy og i Fannrem, studiekameratane i Stavanger og Lillehammer som får julehelsing frå meg. Altså under ei Unicef- eske mot tre tidlegare år. Trur eg.. Abstinensen kjem vel med dei første standardiserte julehelsingane. Eg støttar gjerne posten!