I haust gjekk startskotet for ”kommunereforma”, ei reform som har som mål å redusere talet på kommunar i landet.

Kommunane skal bli meir ”robuste”, få større og sterkare fagmiljø – og på den måten kunne takle utfordringane som ropar om å bli løyste.

I det siste kommunestyremøtet i Hareid før jul kom nokre signal som ikkje har vore så veldig sterkt framme i denne debatten før, men som det har vore snakka dessto meir om i uformelle fora:

Kva tener ein lisjebror (som gjerne er ein geografisk, næringsmessig og handelsmessig utkant) på å slå seg saman med ein storebror som veks i full fart og er sterkt forgjelda?

Treng ikkje då storebror alle dei midlane han kan få tak i for å kunne halde nede gjeldsutviklinga?

Stikkord: Tussa-aksjane. Enkelte politikarar i Hareid har nemleg begynt å bekymre seg for den store gjelda som Ulstein kommune har pådrege seg. Problemstillinga vart sett på spissen i siste kommunestyremøte då Framstegspartiet foreslo å selje Hareid sine Tussa-aksjar og bruke pengane på å bygge ”oppvekstsenter” og ”fleirbrukshus” i Hareid sentrum – før dei ”forsvann over fjellet” til storebror sitt store nedbetalingssluk.

Ingen veit om dette salet let seg gjere – eller kor mykje kommunen kan få for desse aksjane. Men lat oss ”tenke på eit tal”: 100 millionar kroner. Like godt då å bruke desse ”pengane” til noko som kjem innbyggarane i Hareid til gode enn å sluse dei inn i felleskassa, vil somme meine.

For som Robek-kommune har Hareid knapt musklar til  å gjere noko som helst på investeringsfronten i nær framtid, kan det sjå ut som. Alt handlar om vedlikehald av det som er. Nybygg må private ta seg av.

Ulstein har investert veldig i si eiga utvikling dei siste åra. Det gjeld både på det offentlege og det private området. Knapt nokon stad her i landet har det vore bygt så mykje og så fort. Nye vegar, nye kjøpesenter, nytt kulturhus, nytt hotell, nytt fotballstadion, ny idrettshall, nye industribygg – og meir er i kjømda. Ved å ha eit godt utgangspunkt som industri- og handelssentrum og ved å vere offensive på utbyggingsfronten har Ulstein også trekt til seg aktivitetar frå omlandet. Lensmannskontoret, som før låg på Hareid, er berre eitt døme.

Det er som avisdebattanten Øystein Fjørstad på Stranda skriv om Kristiansund sitt sjukehus-nederlag med eit sitat frå ”bibelboka”: - Den som har mykje, skal få endå meir - og den som lite har, skal takast ifrå det vesle han har.

*

Visjonane til FrP var kanskje med på å reise ein del problemstillingar kring dette med å ha ambisjonar. I avisa Dag og Tid skreiv journalist Jon Hustad nyleg at sunnmørskommunane har spesielt høg gjeld. ”Dei driftige sunnmøringane har sett rikdomen over styr”, skriv han og hevdar at sunnmøringane har alle rekordar i dårleg kommunal økonomistyring. Siste skot på Robek-lista, ei liste som sunnmøringane dominerer frå før, er sjølvaste Ålesund.

Då er det kanskje verdt å merke seg NHO-direktøren sitt utspel om å samle alle 18 kommunane på Sunnmøre under Ålesund sine venger. Kan baktanken vere at distriktskommunane skal hjelpe Ålesund med å sanere gjelda? D.v.s. droppe eigne ambisjonar om attraktive arbeidsplassar og gode teneste- og kulturtilbod? I alle fall inntil vidare?

I Sunnmørsposten 12. januar kom tre karar ved Ålesund Kunnskapspark med ein appell, som likna eit ekko av det NHO-direktøren hadde sagt. Dei ville ha betre samspel på Sunnmøre. Dei snakka om kor viktig det var å utvikle byregionar. Ein sterk region rundt Ålesund vil gi fart på heile Sunnmøre, hevda dei. Ålesund kommune åleine var for liten til å kunne vere attraktiv nok for eit næringsliv med varierte arbeidsplassar til høgt kvalifiserte medarbeidarar.

Men no er det då slik at det nettopp er Ålesund (og Ulstein) som verkeleg har trekt til seg folk og hatt den klart største veksten på Sunnmøre dei siste tiåra. Men samtidig har dei også pådrege seg stor gjeld.

Det er derfor vanskeleg å forstå utspelet frå Ålesund Kunnskapspark annleis enn at utkantane på Sunnmøre, medrekna dei mange halvstore bygdebyane, bør senke ambisjonane sine – til Ålesund kjem seg på fote att.

Men akkurat det er ikkje likt sunnmøringen; å ikkje ha ambisjonar.

Leiv Arne Grimstad