Nr 91, 92, 93 og 94. Inger Johanne, eg, Ingunn og Kari. Der sit vi på kvar heimekamp og heiar trufast på vårt kjære Hødd. Vi burde eigentlig sitte på andre sida, så høgt og taktfast som vi heiar, vi skil oss i alle fall ut der vi sit mellom dei meir kondisjonerte.

Da Hødd kom til cupfinalen i 2012 hadde eg enda ikkje sett ein einaste Hødd-kamp. Sjølv om eg ser stadion frå kjøkenglaset og høyrer kvar gong Hødd skårar. Med Rosenborg i mitt hjarte var 1. divisjon både ukjend og uinteressant. Men så vart det slik at eg fekk ein sponsorbillett til sjølvaste cupfinalen og til Oslo vi reiste. Og det var der og då hjartet mitt opna seg for Hødd.

Sjølv om vi vann cup-gullet var jo dette også sesongen då Hødd nesten rykka ned. Dei spelte dårleg den hausten. Då det blei klart at dei kom heilt til finala, var mange som meg. Ikkje særleg interesserte i utgangspunktet, men som skulle til Oslo. Som ville vere ein del av suksessen, av laget, få sin del av vinnarkaka. Så medan heile bygda hadde billett til cupfinalen spelte Hødd sesongens siste heimekampar for tome tribuner.  Det var då det kokte over for ein av dei trufaste supporterane, som posta dette på si facebookside:

” Fotballidenskap er ikkje å møte opp på ei allereie historisk semifinale mot Brann eller å ta turen til Oslo for å sjå laget du aldri har sett før spele finale på Ullevaal mot Tromsø. Fotballidenskap er å vere på Høddvoll i regn og vind å sjå dei blå kjempe inn ein sein siger i eit nedrykksdrama mot Notodden eller Tromsdalen, eller å reise til Strømmen eller Alta berre for å sjå laget bli slått klart. Spør ikkje kva laget ditt kan gjere for deg, men spør kva du kan gjere for laget ditt!”

I si doktoravhandling ”Mellom børs, katedral og karneval” tek sosiolog Arve Hjelseth opp ulike problemstillingar ved supporterkulturen, særleg i lys av den stadige kommersialiseringa rundt kampane. Klubbane ønskjer ein så brei marknad som mogleg, for å stadig tiltrekkje seg nye tilskodarar og selje meir supporterutstyr. Det skal underhaldast før kampen startar, i pausen og etterpå. Musikk skal hjelpe elles hjelpelause tilskodarar med å få opp stemninga,  skape liv og røre. Dette står av og til i sterk kontrast til kva dei ekte supporterane meiner er god kultur. Avhandlinga til Hjelseth er på 444 sider, så å yte den rettferd i denne kommentaren er umogleg, men her er noko av kva eg les ut av den;

Ekte supporterar kjem tidsnok til å synge hymna, av den enkle grunn at enkelte ritual er heilage. Ekte supporterar heiar på sin klubb ut frå lokalpatriotisme eller familietradisjonar, og skiftar aldri. Ekte supporterar blir aldri fotballentusiastar på grunn av det utanomidrettslege, men på grunn av klubben og kulturen. Ekte supporterar er skeptiske til vanlege publikumarars bruk av tifo, men stiller seg positiv til flagg, bomber og banner dei brukar sjølve. Musikk under kampen høyrer ikkje heime i fotball, duskedamer er heilt uakseptabelt og diverse underhaldningsinnslag bryt med den ”reine” fotballopplevinga som supporterane vektlegg. Ja, duskedamer og bølgja blant publikum kan få dei mest ihuga supporterane til å raudne (av skam). Ekte supporterar synes sponsormerke på drakta ikkje må ta for stor plass og ikkje må bryte med grunntona i drakta. Ekte supporterar dyrkar samhald og fellesskap. Ein ekte supporter støtter klubben sin i tjukt og tynt, og dårlege resultat påverkar ikkje dette. For ekte supporterar er ikkje fotball familieunderhaldning. Det er blodig alvor.

Om ein månad speler Hødd den første seriekampen på ny stadion. Det blir ein spanande sesong i OBOS-ligaen. Som er ei anna side av den aukande kommersialiseringa. I fjor heitte det Adecco-ligaen. No har 1.divisjon skifta hovudsponsor, til OBOS, eit bustadselskap med base i Oslo. Neste gong spelar Hødd kanskje i Rema-ligaen. Eller Norwegian Football League. Då er det i alle fall godt at stadion framleis heiter Hødd-voll. For der kor sponsorar, trenarar og spelarar flyttar på seg, er supporterane det mest stabile elementet i ein fotballklubb.

Eg veit ikkje om eg kvalifiserer som ekte supporter. Dette blir tredje sesongen eg har fast plass på Høddvoll. Eg går på kamp så sant eg er heime, men eg reiser ikkje på bortekampar. Eg synes det er leit at dei tapar, men eg går ikkje i kjellaren. Eg reiser heller ikkje på treningsleir til La Manga. Det gjer dei ekte supporterane.  Slikkar sol og ser treningskampar. Ladar opp til ein ny sesong saman med laget og resten av støtteapparatet.

Då vi skulle fornye sesongkortet for 2015-sesongen, håpte vi å få betre plassar enn vi hadde sist. Kome lengre inn mot midten. Overraskinga var derfor stor da vi fekk beskjed om at vi kom enda lengre ut. På line med sekstenmeteren denne gong. Kvifor? Jo eit stort felt på midten var avsett til sponsorane. På den måten var eg sjølv blitt eit offer for kommersialiseringa av sporten. Og til liks med dei ekte supporterane i Hjelseth si avhandling, ser eg for meg halvtomme sponsorfelt, eller enda verre; fylt opp av uinteresserte vaksne og born, som ikkje hadde anna å finne på denne søndagen.

Men når det er sagt, hadde eg vore ein ekte supporter hadde eg jo stått på den andre sida. Der songane kjem spontant og ekte. Der dei ikkje spør kva laget kan gjere for dei, men kva dei kan gjere for laget. Der dei blør for drakta. Og der – der finst ingen sponsor som stel den beste plassen. Men, så lenge eg får sitte saman med 91,93 og 94 er eg eigentleg fornøgd. Den beste Høddrekka eg veit om, som står saman i tjukt og tynt, i regn og solskin, ukuelege optimistar, som spontant syng og heiar til tross for tystnaden bak og rundt oss. Som ein liten familie sit vi der. Saman. I fellesskap. Så er eg kanskje ein supporter ekte nok?

P.S! Førre søndag fekk ein ihuga Hødd-supporter ei stor utmerking. Som kanskje den einaste fotballsupporteren i Noreg, ja antakeleg i heile verda, fekk Hanne Notøy utdelt Kvinneprisen under årets markering av den Internasjonale Kvinnedagen. Kor tøft er ikkje det? Gratulerer Hanne! Og heia Hødd!

Eg veit ikkje om eg kvalifiserer til ekte supportar -

Berit Lyngstad