Vi går alle rundt med ein stor, kvit elefant under genseren. Alle veit at den er der, men nåde den elefanten som røper seg med ein promp på feil tidspunkt. Under stillheita i kyrkja til dømes. Det er noko trykkande ved den stillheita. Undertrykkande. Kristendomen har gjort sitt beste for å gøyme desse dyra, for å halde dei under kontroll, slik at mennesket kunne stige opp.

I ein sakte, men sikker straum snik den norske folkesetnaden seg stille ut bakdørene i kyrkja. Igjen står eit tomrom, forma som ein kross. Ute i den frie verda pustar vi letta ut, og let kroppane sleppe ut av sine fengsel. Det er kroppen vi dyrkar no. Men kva inneber eigentleg det?

Katten med slips

Den fyrste boka i Bibelen handlar om korleis menneska dekka kroppen sin til med klede. Det er ikkje tilfeldig. Adam og Eva åt av det forbodne, av kunnskapen sitt tre, og det fyrste som skjedde, den aller fyrste konsekvensen som vert framheva, er: ”dei skjøna at dei var nakne”. Kvifor er dette så viktig? Kva vil det seie å oppdage at ein er naken? For å seie det på ein annan måte: kven er det som ikkje er klar over at dei er det?

Som barn lo eg ofte av Donald Duck, når han grunna ei eller anna komisk forvikling mista kleda sine. Det morosame var ikkje at han var naken, men at han vart flau over det. – Du er jo ei and! sa eg til han. Det var alltid då eg tenkte over dette, at han eigentleg var eit dyr. Til vanleg, når han hadde på seg kleda og køyrde rundt i bilen sin, fann eg det ikkje det minste merkelig.

Kva er det eigentleg kleda gjer med Donald? Kva er det kleda gjer med oss?

Dei får oss til å framstå som noko anna, som noko meir, enn eit dyr.

Vil du høyre ein vits?

Kristendomen er ikkje åleine. Religionar over heile verda har hatt som føremål å halde kroppen under kontroll. Det finst knapt ein einaste kultur der menneska er heilt nakne, heile tida. Sjølv på svært varme stadar, der kleda ikkje er naudsynte av praktisk årsakar, dekker menneska seg til, om ikkje med klede, så med ulike ornament med symbolsk verdi. Det er talande her at det suverent mest heildekkande plagget eg kan kome på – burkaen – har sitt opphav på ein av dei varmaste stadane på kloden.

Samtidig er klede berre éin av tallause religiøse former for kontroll over kroppen. Tenk til dømes på praksisen med faste, som undertrykker kroppen sitt behov for mat, eller påbodet om monogami, som kontrollerer den seksuelle drifta. Tenk på livet som munk eller nonne, der alt kroppsleg begjær vert ofra på spiritualiteten sitt alter.

Viss vi held oss til kristendomen er det ikkje vanskeleg å finne årsaken til dette. Slik dei kristne tenker seg det, er nemlig kroppen og sjela to forskjellige ting, som ikkje berre er uavhengige av kvarandre, men attpåtil trekk i forskjellige retningar. Kroppen er den låge, skitne, dyriske sida av oss. Kroppen sine behov må derfor undertrykkast til fordel for sjela sine. Sjela er det reine og høgverdige i oss, som kan føre oss nærare Gud.

Denne motsetnaden sit, som så mykje anna kristent tankegods, svært djupt i oss framleis. Det opplevast som absurd å vere eit tenkande vesen som løyser matematiske problem og reflekterer over universet sitt opphav, samtidig som ein må forhalde seg til ein kropp som hostar, rapar, romlar, prompar og bæsjar.

Denne motsetnaden er ikkje berre litt artig. Den er sjølve det morosame. Det er ikkje tilfeldig at ordet ”humor” eigentleg tyder ”kroppsvæske”. Då dei gamle grekarane fyrst byrja med komediespel var kroppen det viktigaste sjangertrekket. Uansett kva skodespelarane sa eller gjorde vart det komisk, fordi dei hadde festa på seg falske kjønnsorgan og romper. I tillegg er stykka fulle av tiss, bæsj og promp-humor. Denne forma for humor er altså ikkje berre barnslig, men opphaveleg. Motsetnaden mellom kroppen vår og tankane våre er urkomisk. Det er derfor vi (i alle fall nokre av oss) ler av dette:

- Vil du høyre ein vits? Katten med slips. Vil du høyre resten? Rompa til presten!

Kvifor det er morosamt med kattar med slips har eg vore inne på. Med presten er det omvendt. Han eller ho er sjølve kroneksempelet på eit høgverdig menneske fylt av ånd. Likevel finst det ei rompe der ein stad innunder prestekappa. Det synest vi er morosamt. Vitsen er ei degradering av presten, på godt og vondt. Ved å framheve det kroppslege, gjer vi han til noko med lavare verdi. Det inneber kanskje mindre respekt på den eine sida. På den andre sida så gjer det presten til ein av oss, nokon vi kan identifisere oss med, og le av.

Vil du høyre resten?

Kristendomen sin tilbakegong og kroppen si frigjering er to utviklingar som går hand i hand. Endringa i bademotene på 1900-talet illustrerer dette fint. Medan menneska på 1920-talet bada i fullt antrekk, var badedrakt eit akseptert alternativ på 50-talet. No føregår einkvar strandtur på eige ansvar, med risiko for alt frå tangabikiniar til speedo-truser. Endeleg pustar elefantane ut! Vi treng ikkje skjule at vi har ein mage, at vi har lår, armar, og rumpe. Det er jo heilt naturleg.

Bortsett frå at det ikkje er det. Alle som nokon gong har lese ei tabloidavis veit at sommarkroppen er eit resultat av fleire månadars kultivering. Vi pumpar musklar, forbrenner feittet, vi sug det ut, vi brunar huda kunstig, vi nappar, riv og skjer av kroppshår, vi legg lakk på neglene, vi opererer inn silikon, vi fargar håret, vi masserar, vi mosjonerar, vi går på diett.

Vi veit å verdsetje kroppen vår. Vi tek godt vare på den, vi gir den omsorg og merksemd. Det er endeleg slutt på å late som om den ikkje finst. I våre dagar finst kroppen så til dei grader. Men noko har skjedd med den. Den er ikkje lenger den same kroppen som før. Noko har endra seg, i møtet med dagslyset. Eg snakkar ikkje om kroppshåret som forsvann. Det er noko anna, som har med dyrkinga å gjere. Det er noko som ofte skjer med ting, når ein set dei svært høgt. Kroppen har blitt humørlaus. Den er ikkje noko morosam lenger.

Helene Hovden Hareide kjem frå Hareid og studerer naturvitskap ved UiB.