I Noreg er det framleis rom for å diskutere kva som er samfunnsansvar, fellesansvar og privat sfære. ”Tea Party” bevegelsen «taxed enough already» (skatta nok allereie), med si manglande tru på  offentlege tenester og regulering, har ikkje fått stor innpass her hjå oss, enda…

Vårt fellesskap bygg vegar, driv skular og barnehagar. Planlegg byar, vedtek lover og reglar, som avgrensar vår fridom, men også vårt ansvar.

Handhevar lova og straffar overtramp, noko som elles er det einaste ”te-selskapet” kan godta av offentleg inngripen i folk sin fridom.

På mange område er vi langt framme og eit føregangsland i å legge til rette for det ”gode fellesskapet”. Ein suksess i å introdusere el-bilar, ein fiasko med å legge til rette for sykling. Ein suksess med å bygge tunnellar og bruer, til dels ein fiasko med å organisere enkel fjordkryssing med ferjer. Ein internasjonal vinnar i arkitektur verda over, og så er det berre å sjå seg rundt her, men det kjem seg.

Eit døme på eit alvorleg forsømt område er renovasjon. Kvart område, kommune eller region, ”finn opp” renovasjonsløysingane sjølve. Det er store sprik i organisering av innsamling og handtering av ”søppel” i frå selskap til selskap.

Løysingar, som med suksess er nytta i enkelte delar av landet er ”ukjent” andre stadar. Det verkar som ein ikkje kjenner til kvarandre. Flyttar ein i frå eit område til eit nytt, må ein lære instruksjonane på nytt.

I tillegg er det ei stor utfordring at samfunnet i dag ikkje berre består av personar, som i sin oppvekst har delteke jamleg i Rusken- kampanjar og andre oppdragande stunt, organisert av staten. Difor vert dei brukte bildekka lett slengt frå seg i grøfta til naboen, sjølv om dei er gratis å levere inn.

Dei mange og stadig oppdukkande søppelhaugane på Gamleeidet er sikkert ofte også komne der grunna manglande kunnskap, redsle for å måtte betale noko, eller rett og slett på grunn at det var lettvintast slik. Altså manglande etikk og moral. I opphissinga er vi dårlege til å hugse bilnummer, men vi ser kva land bilen er i frå.

Renovasjon er ei samfunnsoppgåve på lik line med dei aktivitetane eg nemnde innleiingsvis. Ei oppgåve ein ikkje skal trenge å ta opp lommeboka for kvar gong ein skal avlevera noko ein ikkje lenger kan nytte. Eller noko som skal bli oppløyst i sine opphavlege bestanddelar. Renovasjonsavgifta er betaling god nok.

Det er provoserande når renovasjonsbedrifta skryt av økonomisk overskot, og gjer det til si hovudoppgåve. Men likevel er det vi, som må gjere dette til ei samfunnsoppgåve , ikkje eit forretningsområde der kommunane skal grave etter ekstra inntekter til sine budsjett.

Sjølvsagt er det lov å tene pengar på avfallet, men det er ikkje det som skal vere føremålet. For å lukkast må renovasjonstenesta være lett tilgjengeleg, både i geografi og opningstid. Å vere intuitiv å nytte, altså at det ikkje skal vere nødvendig å vere kjemiingeniør for å forstå korleis ein skal sortere.  Og, framfor alt, populær og ikkje minst ”gratis”.

Opplegget med nedgravne søppeldunkar vert lansert som noko nytt i vår region. Rett nok det, men i utlandet har dette vore nytta i fleire tiår. I Gjemnes hadde dei ”Miljøstasjon” medan eg enno gjekk inn i storleik 52, og det er lenge sidan. Ein måtte berre stoppe og sjå på herlegheita. I Sunnfjord køyrer enkelte renovatørar rundt i boligområda og samlar inn grovavfall ein gong i månaden. Syklar, campingmøblar, hagereiskap osb, som har gjort nytta si. Alt inkludert i bossavgifta!

Det må kome ein nasjonal standard som lyfter dette opp på eit høgare nivå. Ei teneste av høgste prioritet og viktigheit for oss alle. Ein homogen måte å handle på i høve resirkulering og gjenvinning, uansett kvar du bur i landet.

På line med organiseringa av kloakksystem, elektrisitet og helsestell er dette viktig for framtida. Alle desse felta har gått ein lang veg i utvikling, fram til i dag. Diverre har ikkje renovasjonsfaget gått i same fart.

Bjarne Wærdahl er bedriftsleiar, pådrivar og kulturformidlar. Han er også ein av dei faste kommentatorane i Vikebladet Vestposten.