I sin kronikk i Aftenposten 19.11.2014 seier Rådgjevar Eirik Løkke at berre 1,44 prosent av det norske folket er med på å avgjere personsamansetjinga på Stortinget. Dette meiner han er eit demokratisk problem.

Heile 2014 feira vi demokratiet vårt i Noreg, tufta på dei store hendingane som fann stad i 1814. Det som utspann seg på Eidsvoll og for den del i heile landet, var umåteleg stort, både i Europeisk målestav, og truleg endå vidare enn det. Folket visste kva landet hadde gjennomgått, og når no tilhøva la seg til rette gjennom dyktige talsmenn og pådrivarar, sette folket alle klutar til for å hjelpe fram det nye folkestyret som vi med eit framandord kallar demokratiet. Hatten av for alle dei strevsame nordmennene som i sin fattigdom kjempa fram folkestyret gjennom tiår med motgang etter 1814 før vi fekk eit reelt demokrati som var vårt eige norske.

Og i dette biletet må vi ikkje gløyme John Neergaard, den framsynte og djerve lovmakaren og stortingsmannen frå Rindal i Møre og Romsdal som skapte formannskapslova som etter lang strid blei vedteken på Stortinget hausten 1836. Alt dette var eit grensesprengjande pionerarbeid som vi har bygd demokratiet vårt på sidan då. Etter som eg har forstått, danna den norske formannskapslova mønster for fleire demokrati som vaks fram i Europa den tida, og Arne Bergsgård har sagt ein stad at «formannskapslova var den viktigaste utfylling av grunnlova av 1814». Vi kan ta meir om Neergaard ved eit seinare høve, for det var ein særs interessant kar.

Og då er vi komne over på lokaldemokratiet som vi skal konsentrere oss om no fram mot valet til hausten.

Etter sjølvstendekampane for Noreg, etter at folket litt om litt fekk røysterett, og etter krigane, har folk ihuga engasjert seg for å delta i dette demokratiet som blei gitt oss etter årelang kamp mot undertrykking. Folk fylte opp skulehus og bedehus til nominasjonsmøte før kommunevala. Dei sette opp lister med namn som det blei kampvotering over, og dei som fekk flest røyster kom med på listene. Det var bygdelister i alle krinsar, og på listene kom dei som etter folket si meining var best skikka. Om lag då sekstitalet avløyste femtitalet tok det til å bli partilister i staden for krinslister i kommunevala også her hos oss. Eg har ikkje inntrykk av at det endra så mykje på frammøtet til nominasjonsmøte, for folk melde seg inn i politiske parti og møtte opp der. Føremonen med partilistene var først og fremst at krinsane ikkje lengre stod så steilt mot kvarandre i tildeling av kommunale gode lenger. No blei det partia som konkurrerte på tvers av meir politiske skiljeliner enn krinsgrenser. Folket organiserte seg i politiske parti, og det var stor og solid oppslutnad. Eg trur for eiga rekning at folk forstod kva som var alternativet til ikkje å engasjere seg.

Kva er så det lokalpolitiske dilemmaet i dagsens Kommune-Noreg? Nominasjonsmøta er stort sett eliminerte. Valdeltakinga er faretruande lav. Dei folkevalde har dei siste 50 åra meir og meir akseptert at administrasjonen set dagsorden. Er partisystemet gått ut på dato? Har det vorte uinteressant for folk flest? Har partiapparata mist grepet om rekruttering? Må vi få større kommunar for å få meir folk å velje interesserte kandidatar frå? Men når det vert så stort, kjenner vi då kandidatane som vi skal røyste på? Større kommunar kan nok bli meir effektive i den daglege tenesteytinga til folket. Men kva med   folkestyret som er berebjelken i kommunane våre? Må vi attende til krinslister for at folk skal finne sakene nære nok til at det skal bli interessant og meiningsfylt? Vil krinskjensla appellere meir enn partikjensla blant folk flest? Det er i alle fall viktig at folkestyret engasjerer folk flest, elles må vi kunne spørje oss i kva grad vi har eit folkestyre. Misser vi folkestyret, så misser vi demokratiet. Professor Offerdal kasta ein gong fram følgjande prøveklut i eit foredrag til formannskapssekretærane i Noreg: «Alle borgarar er like kvalifiserte til å delta i lokaldemokratiet. Kva skal vi med val? Vi har datasystem som kan utføre loddtrekking frå manntalet kvart fjerde år». Personleg trur eg ikkje det systemet ville skape så stort engasjement og iver i lokaldemokratiet vårt at det ville gje svar på nokon av utfordringane våre.

Medan vi no tenkjer og snakkar om dette dilemmaet, er partigruppene nyss ferdige med endå ein tung prosess i arbeidet med å snikre saman nye lister til kommunestyrevalet. Eit gitt parti som skulle fylle ei liste med 25 namn, fann 3 som var viljuge, og dei blei plasserte fremst. Dei andre som dei trygla om å stille, rekna ikkje med å kome inn, så dei stilte som listefyll. Dette er det som veljarane då har å røyste på. Så syner det seg gong på gong at veljarane prioriterer annleis mellom personane på lista enn det partiet har gjort, noko som er både positivt og bra. Haken er berre den at dei som stilte seg som listefyll, og likevel blei valde inn i kommunestyret vert vonbrotne og lite entusiastiske til å gjere ein god innsats. I ei av kommunane på Sunnmøre var der ein ung familiefar som kom inn på denne måten ein gong på åttitalet. Han såg ikkje anna utveg enn å flytte til Sverige for fire år.

Eg trur dei politiske partia og folket må ta seg sjølve i nakken og prøve å mobilisere til innsats for å få liv i nominasjonsmøta med tanke på å styrkje basisen for folkestyret vårt som vi er så stolte av. I så fall vil frammøteprosenten på valdagen auke av seg sjølv.