Eg står på kaikanten og ser bortetter fjorden.

Eg spør: Kvifor eksisterer alt dette? Kvifor eksisterer eg?

På den andre sida reiser fjella seg.

Ville ikkje det mest «naturlege» – eller rettare sagt det mest «logiske» – vere at ingenting fanst? At verda var eit null? «Ingenting»?

Eg snur meg og går heim. Kvifor er ting til? Vitskapen fortel at vi menneske har vakse fram frå denne verdskroppen – som alt anna – og at vi ein vakker dag vil forsvinne derifrå i lag med alle dei andre skapningane, seinast når sola sloknar.

For det gjer visst alle soler.

Eg har sett meg som mål å finne ut av dette «ingenting». Prøve det mot tankekrafta mi. Og eksistensen.

For det første: Der kan ikkje vere meir enn to vegar til verda sin eksistens:

1) At verda har kome ut av «ingenting».

2) At verda alltid har vore til.

Men begge desse vegane er uråd å fatte for det årsaksstyrte menneskeintellektet, som resonnerer i tids- og romdimensjonane og ikkje kan forstå djupna i «ingenting» eller det evige.

Vitskapen prøver å finne ut av dette. Han vil i stor grad kunne forklare kvifor ting skjer når dei skjer innafor tid og rom. Men vitskapen er, som menneskeintellektet, fanga i dette tidsromet og vil derfor aldri kunne forklare eksistensen.

Men så er vi her likevel.

I det same eg nemner ordet «ingenting», legg eg merke til at eg har nytta noko som ER for å forklare det som IKKJE er. Det at språket kan forklare gjennom motsetningar, gjer at vi kan setje «ingenting» på kartet. Men vi kan ikkje fatte kva «ingenting» er. Derimot kan vi fatte andre motsetningspar – som lys/mørke, fortid/framtid og  breitt/smalt.

«Ting» er målbart i TID og ROM, har si utstrekning og finst i tida. «Ingenting» kan ikkje ha utstrekning eller finnast i tida. Der kan ikkje vere noko rundt «ingenting» og heller ikkje noko før eller etter «ingenting».

Når vi likevel gjer oss nytte av ordet «ingenting» i språket, er det fordi vi tolkar det innafor den kjende tids- og rom-dimensjonen – som når ei lommebok er tom: Det er ingenting i lommeboka.

Det same gjeld æva. Vi kan tenke oss det evige som eit framhald av det som er NO, både bakover og framover. Men forstå det kan vi ikkje.

Sidan vi ikkje kan forstå eksistensen, let vi ei skjult makt – GUD – fylle ut og gjere eksistensen «forståeleg». Eg skriv «forståeleg» i hermeteikn fordi vi ikkje forstår Gud intellektuelt, men intuitivt. Ideen om Gud som skapar og oppretthaldar fyller tomromet mellom oss og «ingenting», forsonar angsten og gjer han til ei tenande  ånd.

Vitskapen analyserer livet ved å spore opp forklaringar bak forklaringane – med nye forklaringar bak der igjen. Vitskapen tenker «utvikling» og «avvikling» og har etablert omgrepet «urcelle» for å vise at livet må ha hatt ein start. Men urcella, som då er definert som liv, kan ikkje sjølv vere resultat av ei utvikling, for då må der ha vore liv også før urcella.

Både i Ordspråka og hos Paulus heiter det at «TRUA går ut frå hjertet». Gudstrua har med andre ord ikkje ein intellektuell basis. Ho forheld seg ikkje blindt til det årsaksbaserte og fattbare. Derfor har heller ikkje den fattbare evolusjonsteorien konsekvens for trua.

«Hjertet» som utgangspunkt for trua peiker på noko immaterielt som «vegeterer» på TIDA og ROMET. Dette immaterielle kan ikkje fattast ved analyse, men berre ved tru og intuisjon.

Intuisjon er det same som «innsikt». Ei innsikt i det som intellektet åleine ikkje kan fatte.

Det er t. d. ein sentral kristen tanke at mennesket er skapt i Guds bilde. Mennesket sin framvokster i skaparverket er ikkje tilfeldig, men har skjedd i eit gdusbilde, som ligg utanfor det fattbare, men blir forstått gjennom «hjertet» si erfaring.

På den måten blir gudsbildet formdannande.

Slik kom eg til å resonnere frå då eg løfta blikket ved kaikanten.

Og eg kom til at materien ikkje er åleine.