Tenk for eit spennande liv det hadde sett ut som du hadde hatt, om du hadde lagt litt meir ut på Facebook.

Det var ektemannen som ga meg eit velmeint råd i fjor på desse tider.

Det er han, og ikkje eg, som reiser mellom atelier i New York og galleri i Paris. For meg inneber fartinga  berre litt meir jobb her heime ved oppvaskbenken. Spenninga i mitt liv dei siste åra har stort sett vore om eg skal velje Kvilarsteinen eller Gotene for ettermiddagens joggetur.

Men det var akkurat her, eit steinkast frå Hogsteinen på Flø, at ektemannen slo ut med hendene ein vakker sommarkveld i det sola nærma seg ein reinvaska horisont der ute i vest.

—Dette til dømes, passar ypperleg på Instagram.

Eg kopla ein augneblink  vekk frå den varme vinden mot huda og dei rosa skyene og såg det heile utanfrå, innrama av ei firkanta biletramme på ein skjerm. Ja, det var ganske dekorativt.

Dette var noko eg definitivt måtte satse på. Å lage ein vakker presentasjon av dagane mine.

Det starta ganske bra, med foto av lansering av ny bok i fjor haust, med presseklipp frå ulike aviser og filmsnutt frå NRK Møre og Romsdal. Det var likes å få, og positive kommentarar, og eg begynte å forstå kva det var folk var så hekta på når det gjaldt dette nettilværet.

For kven vil ikkje vere ei betre utgåve av seg sjølv.

Elisabeth F skildrar på bloggen sin «Aldri attletslaus» korleis ein kan glede seg over eit alter ego.

«Eg innsåg brått at nettversjonen av meg er ryddigare enn originalutgåva. Og når eg tenkte etter så har nett-meg, la oss for enkelheits skuld kalle henne Doris, også andre fordelar som eg ikkje har.

I følge profilbileta eg har liggande, som er tatt i heldige vinklar, er ho for eksempel tynnare enn meg. (Og alltid relativt heldig på bilete ser det ut som.)  Ikkje har ho ettervekst, og ho er stort sett alltid fresh og nysminka.

I hennar sitt liv ser det ut til at ting er relativt enkelt. Ikkje høgt konfliktnivå på nokon måte. Ikkje at det er det i mitt liv altså. Men det er ikkje så smooth som i Doris sitt liv alltid. Ho har lite til felles med tidsklemme-mora med svart samvittigheit som slenger saman noko middags-aktig utifrå det som fantest i frysar og skåp, fordi ho ikkje har vore organisert nok den dagen til å legge eit butikkbesøk inn i det stramme tidsskjemaet. Når eg seier ho her, så meinar eg meg. Doris derimot kan fortelle på Facebook at ho har baka brød med fiken og valnøtt, og legge ut bilete av den strålande fine kaka som vart laga til sjuårsbursdagen.

(….)

Ikkje minst er ho langt meir poengtert og vittig enn eg er i verkelegheita. Den eigentlege meg kjem med ganske mykje fjas, i tillegg til somme gode poeng. Doris kan til tider vere nærmast som klok å rekne. Eg er ikkje alltid det. Eg kan i grunn vere veldig uklok somme gonger. Men det er sikkert lettare å vere klok og artig, når ein lever eit uproblematisk Doris-liv.»

Eg oppdaga snart at eg ikkje har talent for eit slikt «Doris-liv». For det første var det eit herk å skulle prøve å leve eit dobbeltliv. Eg hadde nok med dette eine. For det andre, likte eg ikkje tanken på at nokon, mot formodning, skulle tru at eg er betre enn det eg er. Eg fekk det for meg at eg måtte ringe dei veninne eg ikkje hadde sett på ei stund, og fortelje dei om alt eg ikkje fekk til og kor rotete det var i gangen og at eg hadde vore sur med ungane, no igjen.

Så det heile dabba litt av. Jauda, eg tenkte på det. Før eg skulle lese høgt frå boka mi på ein ny skule, eller på ein konsert eller delta på formidlingskurs der alle dei andre var skodespelarar med stripete t-skjorter og kom rett frå klovnekurs i Italia. Det var berre det at eg stort sett var så skipla at eg hadde meir enn nok med å konsentrere meg om å vere til stades akkurat der og då.

Det hende sjølvsagt at eg møtte flotte folk. Slik som Laura som hugsa den dagen under krigen då ho gøymde seg i sauefjøsen fordi bombeflya kom. Ho hadde passa perfekt med boka mi godt synleg i kjolefanget. På Instagram. Men det kom eg ikkje på før eg hadde køyrt fleire kilometer frå Bakk-Ola Marka aktivitetssenter for eldre.

Ja, eg veit korleis det skal gjerast . Eg har sett foredragshaldarar snu ryggen til publikum og strekke ut selfiehanda og legge ut seg sjølv og ein breddfull sal før foredraget starta.  Men eg kjem ikkje på det før eg sit på Vigra og har to og ein halv time og tenke på; at eg kunne gjere det same. Til mitt forsvar må eg seie at eg har eit foto på telefonen min  av halve togstasjonsskiltet på (Lille)hammer den veka det var litteraturfestival og i nedste biletkant føtene til ein kjend dansk barnebokforfattar. Eg hugsar berre ikkje kva ho heiter.

Å dele det med omverda, så langt har eg ikkje kome.

Eg kan sjølvsagt ordne det når eg er heime og har god tid. Når eg sit i skrivestolen min og ser rett ned på Midtfløsanden. Der kunne eg ha filma ein instruksjonsvideo om korleis det skal gjerast, og legge det  ut på Facebook. Til dømes av den mora som stoppa bilen her om dagen, gjekk ned på stranda og tok bilete av ungane. Det var gjort på to minutt. Turen i fjøra også. Det tek ikkje lenger tid å «ha ein herleg dag på stranda», på nett. Det var berre det at eg ikkje fann telefonen min akkurat då.

Nei, eg er håplaus. Instagramkontoen min er tom og twitter har eg ikkje kome lenger enn  til å tenke på. No har mora mi også blitt aktiv på Facebook. Svigermora mi er alt veteran å rekne. Stemorsblomster og turbilete strøymer inn over ein lav sko.

Apropos sko: Skodesigner og bloggar Janka Polliani, som var ein av prisvinnarane på Vixen Blog Awards i 2015, får det til. Oslokvinna stiller med dagens antrekk på nett dei fleste dagar i året. Der får ho slengbukser til å bli kult igjen og småbarnsmor-sveisen til å sjå ut som det siste i hårstyling.

Men av og til blir også ho lei av det perfekte glansbiletet. I alle fall i følgje ein bloggpost 23. april.

«Den perfekte morgenen, iallefall på instagram. Filteret er ofte på for å vise den “perfekte” utgaven av seg selv, akkompagnert av det perfekte stilleben. Ikke helt sånn det er in real life, iallefall ikke her hjemme. I dag var prinsessen våken 05:30, noe som resulterte i at hele familien våknet, vi var litt sure her alle sammen, jeg rakk ikke å få i meg frokost engang før jeg måtte ut på trilletur (…)»

Heldigvis, bloggaren har ei løysing. Som vi alle kan trøyste oss med.

«Jeg kjenner jeg er litt lei dette filteret, og det tilsynelatende perfekte og er litt mer ivrig på Snapchat (… ) der får du uhøytidelige oppdateringer, helt ufiltrert,»

Viss eg berre finn telefonen.