Det kan vel vere at den vesle kloden vår går mot sin slutt. Iskanten flyttar seg nordover raskare enn ein kriseramma oljeindustri rekk å følgje etter og kaotiske flyktningeleirar er å finne i Paris og andre europeiske byar som følgje av ei flyktningekrise vi ikkje har sett maken til sidan andre verdskrigen.

Ein kan begynne å lure om det går utfor stupet med oss alle. Men det var før eg møtte dei  fine femte, sjette- og sjuandeklassingar på skulane her vi bur.

Det kjem nye menneske til. Med nye auge, nye idear og tankar. Folk som kanskje klarer å halde fred med kvarandre, ordne opp i kaoset og behandle jordkloda (og strandsona på Hareid) med litt meir respekt.

Eg har fått den kjekke jobben å reise rundt og lese frå boka mi om andre verdskrigen. Etter fleire opplesingar og ein lang dag kan eg kanskje føle meg både trøtt og gammal, men nei, eg er altså ikkje fødd før krigen. Eg bygger innhaldet i barneboka på førstehands kjelder. Personar som har opplevd krigen og som er flinke til å fortelje. Nærmare bestemt mora mi. Og nokre fleire.

Som formidlar i Den Kulturelle Skulesekken er det litterære aspektet sentralt i det eg prøver å bidra med. I tillegg er det eit stykke historie eg formidlar. Ikkje berre fortel  boka noko om korleis kvardagslivet i Noreg har endra seg dei siste 2-3 generasjonane, ho fortel også om andre verdskrigen som ei sentral historisk hending i verdshistoria.

Eg stiller godt rusta til framføringane, med historiske relikvieer som ei gamle margarinkasse av tre, ein bombesplint og ei inntørka potet frå potetkjellaren der ein gøymde seg når flyalarmen kom.

Det er ikkje alle gode gjerningar som visast igjen så tydeleg som dei som vart gjort under krigen. Omsorga Amanda Bøe synte russefangane som gjekk forbi huset hennar på ytre Hareid er enno til å ta og føle på. I form av ein vakker liten fugl laga av trebitar. «Russefuglen» fekk ho som takk for maten ho gav krigsfangane. Også den vesle fuglen får vere med på lasset når eg prøver å formidle den nære historia vår frå verdskrigen.

Men mine fattige forsøk på å formidle redsler og smerter frå ei anna tid, kjem brått til kort når ein sjetteklassing rekker opp handa.

—Oldefaren min døydde i Auschwitz!

Nok var det skremmande for mange heimar på Hareidlandet under krigen, men dei som opplevde redslane til det landet Hitler sin hær trakka inn i 1. september 1939 har likevel ei mykje blodigare historie å formidle. Polske innflyttarar har ein arv med seg av minne frå sine besteforeldre og oldeforeldre.

—No vart det veldig trist, seier ein av medelevane.

Ein pusekatt delt i to, var det tøffaste eg vågde å formidle i mi barnebok. I den verkelege krigen snakkar vi om heilt andre redsler.

Litt lettare stemning blir det når nestemann i klasserommet rekkjer opp handa og fortel om då bestemora hans var lita under krigen og ho klarte å redde ein skada pilot frå tyske soldatar. Bestemora  og veninna fekk saman drege den skada piloten inn på do og stod der med bankande hjarte medan tyske soldatar marsjerte forbi. I Russland.

—Det høyrest ut som noko frå ein film, er responsen frå ein av medelevane.

Ei lita stund er vi alle ti år og tilbake i krigen.

Eg er aleine og redd og høyrer bombeflya kome over huset vårt, akkurat slik jenta der borte ved vindauget har fortalt at bestemora på Hareid opplevde det.

—Oldemora mi hjelpte slike som rømte til England. Ute på Skorpa, fortel ei anna jente.

I ei anna skuleklasse.

—Ho begynte alltid å gråte når ho snakka om krigen. Men no er oldemora mi død.

Bestemødre og oldefedre og gamle grandtanter er plutseleg viktig aktiva når ein skal samla skattar frå gamle dagar, historier som nokon enno kan fortelje. Spennande, gripande og viktige for å forstå oss sjølve og landet vårt.

Det er borna med store auge på bakerste rad og dei som ligg framoverbøygd med hovudet på pulten heilt framme, som skal høyre og hugse. Det er elevane som har mykje å fortelje i timen og dei som kjem og kviskrar noko til meg etterpå om ein snill bestefar. Det er desse som skal bere historiene vidare.

—Korleis blir det krig?, spør ein gut.

Det har eg ikkje noko godt svar på, der eg står med ei gammal margarinkasse frå krigen og nokre historier samla i ein bokperm.

Eg håper desse med nye auge og nye tankar ikkje finn ut av det heller. At dei berre lærer korleis dei skal halde fred.