KOMMENTAR:

- Ikkje dyktige eller heldige nok framfor måla

- Vi har ikkje vore dyktige, heldige eller flinke nok framføre eige mål eller motstandaren sitt mål, skriv keepertrenar Ronny Osnes i spalta "Hødds corner".

Publisert: 06.08.2011 kl. 12:00
Endret: 05.08.2011 kl. 14:53

Haustsesongen i Adeccoligaen er i gong og for oss i Hødd starta den godt med ein fin 1–0 siger på Jæren mot Bryne, før to tap mot høvesvis Hønefoss og Mjøndalen.

I dei to siste kampane, som enda med tap, scora motstandaren vår først og vi måtte dermed jage mål utan å lykkast godt nok. Eit kjent Drillo-utsegn er ”mål pregar fotballkampar” og at vi har latt motstandaren score først har ikkje vore gunstig. Trass dette har kampane vore jamne sjansemessig og Hødd har hatt ballen (minst) like mykje som tidlegare kampar i sesongen, dog utan å få bra nok resultat eller poeng. Dermed kan ein konkludere at vi ikkje har vore dyktige, heldige eller flinke nok framføre eige mål eller motstandaren sitt mål.

Der blir kampane avgjorde, og i tillegg til å vere gode spelemessig og ha ballen meir enn motstandaren, var vi også dyktigare der tidlegare i sesongen. Vi må satse på at dette endrar seg snarare før enn seinare, og første sjansen er i dag mot Sandefjord.

Sandefjord er eit av laga som har gjort endring av hovudtrenar i løpet av sesongen og Arne Sandstø styrer no kvalfangarskuta. I førre møte forsvarte Sandefjord seg til ein 1–0 siger etter ei dårlig periode for dei. No har vi hatt ei (liten) dårlig periode med to tap på rad. Dette skal vi gjere vårt yttarste for å revansjere på Høddvoll i dag! Men det blir på vår måte å spele spelet på, som publikum og Blåsarane sikkert har blitt vande med og set pris på. At Sandefjord på heimebane lot nyopprykka Hødd styre spelet seier noko om den respekten Hødd har opparbeida seg og det er mange rundt om i fotball-Norge som har skrytt av Hødd, spelet og måten laget har stått fram på.

Sist veke publiserte nrk.no ein artikkel som hadde som bakgrunn at Tippeligalaga burde sett oftare til Adeccoligaen etter forsterkningar. Dei sette opp eit lag og ei tropp med etter ekspertane si meining av aktuelle spelarar, og 5 frå Hødd var i troppa – Steffen, Ruben og Kazeem var attpåtil på laget. Dette er også ein type godkjenning for prestasjonane Hødd har gjort så langt i sesongen og arbeidet Hødd har gjort siste sesongane.

Eg hugsar dårleg kampar litt tilbake i tid, og lar meg imponere av dei som i detalj kan snakke om ein kamp for seks sesongar sidan. Men ein kamp eg hugsar er kampen mot dagens motstandar Sandefjord i 2005, då opprykksjagande kvalfangarar vart sende frå Høddvoll som slakt med 1–5 tap! Det var ein fantastisk varm og fin augustdag, mykje folk på tribunane, leikne/sprudlande Høddspelarar og svimle Sandefjord-spelarar. Måtte dagen kome i reprise i dag.

Innsvingar frå Ronny Osnes

Det er trenarane og leiarane i Hødd fotball som skriv i spalta "Hødds corner". I utgangspunktet kjem dei ein ny "corner" for kvar heimekamp på Høddvoll.

På forsiden nå

Vi følgjer 17. mai der du bur

Vikebladet Vestposten vil vere rundt om i alle bygdene i Hareid og Ulstein på 17. mai. Les meir

Roleg natt til 17. mai

Berre ei melding om promillekøyring har kome inn natt til 17. mai. Les meir

Motorsyklist køyrde av vegen på Skeide

Vart frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Les meir

Hødd - Ullensaker/Kisa i bilde

Sjå bilde frå kampen mellom Hødd og Ullensaker/Kisa på Høddvoll 16. mai. Les meir