Ulstein kommune har fleire gonger vore med på kampanjar som «Bli med heim» og «Bulyst». Målet har vore å få kvinner til å flytte heim. Helst fruktbare kvinner i alderen 20–39 år som kan vere med på å få folketalet opp. Hittil har ikkje desse kampanjane lukkast. Med 81 kvinner per 100 menn, er Ulstein den kommunen på Søre Sunnmøre som har størst kvinneunderskot. Og når vi no ser samansetjinga av det nye Ulstein kommunestyre, er det grunn til uro. Av dei 25 representantane er berre 8 kvinner.

I tillegg er gjennomsnittsalderen heile 51 år, og ein karakteristikk som «forgubbing» er ikkje totalt usakleg. I Hareid er snittalderen 43 år, og 11 av 21 representantar er kvinner. Men er det så farleg at eit kommunestyre har fleirtal av aldrande menn, vil nok enkelte spørje. Ja, i alle fall viss målet er å få fleire kvinner til Ulstein.

For statistikk viser at i dei kommunestyra der kjønnsbalansen er betre, får politikken, sakte men sikkert, eit større fokus på tilhøva ved sjukeheimane, utbygging av barnehagar og trygge møteplassar for ungdom. Skribenten Maria Dyrhol Sandvik er blitt kjend for setninga «Men livmora mi får du aldri». No står det att å sjå om Ulstein kommunestyre vil føre ein politikk som unge kvinner finn så attraktiv at dei vil heim.