«Sterke krefter jobbar for å få RS «Idar Ulstein» stasjonert i Ulsteinvik», stod det å lese i Vestlandsnytt tysdag 17. november. Vikebladet Vestposten har prøvd å finne ut kven desse sterke kreftene er, utan å lykkast.

Ulstein Group, som har kosta store deler av RS «Idar Ulstein», har svart at dei ikkje har noko meining om plasseringa. Og rådmann Einar Vik Arset i Ulstein kommune fortel at han og ordførar Knut Erik Engh ikkje ein gong hadde tenkt tanken om å prøve å få plassert den nye redningsskøyta i Ulsteinvik, før dei såg avisoppslaga. Rådmannen er sikker på at der ikkje er nokon politisk aksjon på gang for ei slik plassering.

Det er lang tradisjon med å ha redningsskøytene plassert i Fosnavåg. Eit naturleg val sidan Fosnavåg ligg nærare Svinøyhavet og fiskefelta, og kvart minutt tel i ein naudsituasjon.

Men skjerpa HMS-krav gjer at Redningsselskapet ikkje lenger kan stasjonere mannskapet om bord i skøytene. Dei må finne eigna bustader på land. Og slik vi har forstått det, har Herøy kommune ikkje klart å finne bustader til mannskapet. At det då finst folk i Ulsteinvik som tilbyr bustader til mannskapet, bør ingen kritisere. Så her har politikarane i Herøy, med ordførar Arnulf Goksøyr i spissen, ein jobb å gjere.