19. mai er det rådgjevande folkerøysting om kommunereforma både i Hareid og Ulstein. I dagens avis oppmodar ungdomsrådsleiar Aurora Dimmen Bratli ungdomar som har fylt 16 år om å gå til valurnene.

– Det gjeld framtida, og då må framtida vere med på å bestemme korleis kommunane skal vere, seier ho.

I Ulstein har innbyggjarane tre alternativ: Storkommunen Runde, Ulstein åleine – eller å stemme blankt, «veit ikkje».

I Hareid er der fire alternativ: Storkommunen Runde, Ålesundsregionen, Hareid åleine – eller blankt.

Der er altså ikkje eit alternativ for berre Hareid og Ulstein, noko nokså mange meiner er ein klar mangel. Vi vil ikkje ta stilling til kva alternativ folk skal velje, men minner om at viss det blir mange som røystar blankt, så blir avgjerda i større grad overlaten til politikarane.

Det er heller ikkje noko løysing, slik ein lesar foreslo på «Ventilen» for ei veke sidan, å stryke «veit ikkje» og i staden føre opp «Hareid og Ulstein».

Det er ikkje lov å demonstrere under val, og slike setlar vil gå rett i skrapekassa. Men som kjenslemessig borgar av både Hareid og Ulstein kjennest det ut som ei rar løysing at Hareid skal høyre til Ålesund og at Runde kommune skal starte på Eidet. Det blir nesten som ei skilsmisse.