Då det vart avgjort at det skulle setjast opp ei byste av Ragnar Ulstein på rådhusplassen i Ulsteinvik, gjekk kommuneleiinga i gang med å planlegge ei opprusting av området, og plassen vart både påkosta og vakker.

Nesten på same tid, 20. april i år, vart Saunes-parken kåra til Norges beste uterom. Saunesparken har blitt ein stad å møtast på tvers av generasjonar og interesser. I Hareid sentrum er situasjonen den motsette.

I Åsenparken har ingen ting skjedd sidan andedammen vart fjerna i 2012 i samband med at kronprinsparet vitja bygda. Leikeplassen øvst på Rådhusplassen er under ein kvar kritikk og «Tusenårsplassen» ved Hareid hamn står naken og tom.

Ordførar Riise lova då andedammen vart fjerna i 2012 at der snart skulle skje noko. Ordføraren har berre ei røyst, og dei andre kommunestyrerepresentantane, også dei frå krinsane, bør ta innover seg at det er viktig for trivselen i ein kommune å ha gode møte- og aktivitetsplassar i sentrum.

Mange eldre har selt einebustadane og flytta i sentrumsleilegheit, og treng ein park. Og barn, unge og barnefamiliar saknar eit samlande uterom. Det er viktig at barn og unge er stolte av kommunen sin.

Nedsarva og aude parkanlegg har motsett effekt på den oppveksande slekt.