Torsdag morgon kom meldinga vi i det lengste har håpa ikkje skulle kome: Ekornes legg ned på Hareid.

Til jul skal dei 12.500 kvadratmeter store fabrikklokala vere tømde, og mellom 70–75 tilsette har mist arbeidsplassen sin. Dette er eit tungt slag.

Først og fremst for dei tilsette, men også for Hareid kommune og vidare utover. Ved Ekornes Hareid jobbar det folk både frå Ulstein og Herøy kommunar. Konsernsjef Holst-Dyrnes i Ekornes seier at dei skal få tilbod om jobb i Sykkylven, men det spørst kor mange som maktar ei slik pendling i lengda.

Hareid har over 70 års tradisjon med møbelproduksjon. Hareid Bruk, Øyehols Lenestolfabrikk, Utgård og dei siste 20 åra Ekornes gjer at det er opparbeidd mykje kompetanse på området. No kan denne kompetansen gå tapt.

Ekornes har representert ein annan type industri i regionen, og vore ein av dei store kvinnearbeidsplassane. At nedlegginga skjer i ei tid då også maritim industri slit, gjer flyttinga til Sykkylven dobbelt ille for regionen vår.

Ved Rolls-Royce i Hjørungavåg har dei teke til på jobben med å fjerne maskinar i produksjonslokala. Også der skal drifta flyttast ut av kommunen. Håpet må vere at det kjem nye verksemder som gir arbeidsplassar i begge dei topp moderne, men etter kvart tomme, lokala.